universitetet i bergen

Kommunikasjonsdirektør kjem attende

Tor Godal gjekk frå stillinga som kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Bergen. No er han tilsett i ny stilling, og skal ha ansvar for kontakt med styresmaktene.

Vel to år etter at Tor Godal slutta ved Universitetet i Bergen, kjem han attende. Vel å merka til ei ny stilling.
Publisert Sist oppdatert

Tjue søkjarar melde seg då Universitetet i Bergen (UiB) lyste ut stilling som seniorrådgivar med særleg ansvar for kontakt med styresmaktene. No er Tor Asmund Godal tilsett, stadfestar universitetsdirektør Robert Rastad i ein sms til Khrono. Godal vil ha første arbeidsdag 4. august.

Kom - og gjekk

Godal kom frå TV2 til UiB i 2018, og var då tilsett som kommunikasjonsdirektør. I 2020 gjekk han til stilling som nyheitsredaktør i Bergensavisen (BA). Han var i BA til våren 2022.

Godal stadfesta til Khrono i juni at han hadde søkt stillinga ved UiB.

— Ei veldig interessant stilling, skreiv han då.

— Eg gler meg till å få jobba saman med leiinga ved UiB opp mot lokale og nasjonale styresmakter. Heilt etter hjarta for ein politisk nerd, skriv Godal i sin sms til Khrono no.

Skal jobba med Kunnskapsbyen Bergen

— Unik kompetanse og innsikt i politiske prosessar og miljø, kombinert med personlege eigenskapar, kjennskap til UiB og sektoren, gjer Godal svært godt kvalifisert til stillinga.

Det skriv universitetsdirektør Robert Rastad i ein sms til Khrono.

Han skriv vidare at Godal vil få ansvar for UiB sitt arbeid med Kunnskapsbyen Bergen, men at han òg vil arbeida meir allment med kontakt med styresmakter i brei forstand.

— Dette arbeidet vil skje i tett dialog med universitetsleiinga, staben og ikkje minst kommunikasjonsavdelinga, som òg har oppgåver knytt til kontakt med styresmakter, seier Rastad.

Indrøy den første

I utlysinga heitte det mellom anna at «vedkommende vil få et særlig ansvar for å utvikle universitetets myndighetskontakt i tett samarbeid med rektor, universitetsdirektør og Kommunikasjonsavdelinga. Eitt av hovudprosjekta vil i første fase vere arbeid med å synliggjere og utvikle kunnskapsbyen Bergen regionalt og nasjonalt saman med andre aktørar i byen».

I 2015 tilsette UiB Rune Indrøy. Han kom frå stillinga som kommunikasjonsdirektør i TV2, og ved UiB jobba han særleg med kontakt med styresmaktene. Den gongen var ønsket frå UiB ein person med eit stort profesjonelt nettverk, innsikt i politiske prosessar regionalt og nasjonalt, samt dokumenterte resultat frå arbeid med styresmakter.

Indrøy gjekk til kraftselskapet BKK i 2019, og ei stilling som er retta inn mot kontakt med styresmaktene har ikkje vore lyst ut på nytt før no.

Saka er oppdatert 3.8 kl 15.11 med kommentar frå Robert Rastad og 4.8 kl 9.35 med kommentar frå Tor Godal.

Powered by Labrador CMS