UiBs kommunikasjonsavdeling

6 av 34 seier opp: — Vi har ingen plan, retning eller strategi

Kommunikasjonsavdelinga ved Universitetet i Bergen har hatt fire direktørar på fem år. No sluttar seks medarbeidarar samstundes.

— I mi tid har det vore stabilt, seier universitetsdirektør Robert Rastad. Kommunikasjonsavdelinga ved UiB har vore prega av manglande kontinuitet og mellombels styring i fleire år.
Publisert Oppdatert

Khrono har vore i kontakt med tilsette i kommunikasjonsavdelinga ved Universitetet i Bergen, blant dei fleire av dei som har sagt opp stillingane sine. Dei fleste ønskjer ikkje å uttale seg, andre gir uttrykk for at det ikkje ligg dramatikk i avgjersla om å slutte.

Samstundes har det over tid vore uro og misnøye i avdelinga, noko som har røter tilbake til ei omfattande omorganisering i 2017.

— Det har herska uklare forventingar i fleire år om kva vi eigentleg skal drive med. Vi har i dag i realiteten ingen plan, retning eller strategi å støtte oss til, seier ein medarbeidar i kommunikasjonsavdelinga, som ikkje ønskjer å stå fram med namn.

Fire av dei seks som sluttar ved Universitetet i Bergen (UiB) si kommunikasjonsavdeling er knytte til Gruppe for prosjekt og marknadsføring, noko som svarer til alle dei tilsette, med unntak av ein. Gruppa har ifølgje UiBs nettsider ansvar for arbeid med studentrekruttering, prosjektstøtte og store og sentrale arrangement som Aarebrotforelesningen og Christiekonferansen.

Dei to andre som no sluttar i kommunikasjonsavdelinga arbeider ved Seksjon for web og design.

Kommunikasjonsavdelinga har ifølgje eigne nettsider 34 tilsette. Med studentar og andre i mellombelse og eksternfinansierte deltids- og prosjektstillingar har avdelinga totalt 41 årsverk, får Khrono opplyst.

Prøveordning sidan 2017

I 2017 banka universitetet gjennom ei ny kommunikasjonsplattform, som ledd i ein ny organisasjonsstruktur i tråd med det dåverande rektoratets program og prioriteringar. Kommunikasjonsplattforma skulle gjelde fram til 2022.

Styringsgruppa som teikna opp omorganiseringa anbefalte delar av denne som ei prøveordning med evaluering etter eit år. Evalueringa er aldri blitt gjennomført.

Då kommunikasjonsavdelinga vart omorganisert i 2017, førte det blant anna til at medarbeidarar vart flytta ut til fakulteta. Planen var at ein «desk» sentralt skulle koordinere oppgåvene. Utflyttinga bygde på eit ønske om tettare kontakt med forskingsmiljøa, og vart gjennomført som del av eit større organisasjonsutviklingsprosjekt bygd, på det dåverande rektoratets program.

Fleire av dei tilsette var i 2017 sterkt kritiske til endringane i den nye organisasjonsstrukturen. I eit brev til universitetsleiinga uttrykte dei «stor bekymring» og at dei var «faglig uenige i at dette er en god løsning». Medarbeidarane gav uttrykk for at «vi ikke er blitt tatt på alvor som fagfolk».

Uro for uklar leiing og prioritering av arbeidsoppgåver var blant innvendingane.

Fem år, fire sjefar

I ein periode på om lag fem år har kommunikasjonsavdelinga blitt styrt av tre ulike kommunikasjonsdirektørar, i tillegg til konstituerte direktørar i periodar på opp til eit år.

I august 2017, berre månader etter omorganiseringane og prøveordninga vart sett i verk, gjekk dåverande kommunikasjonsdirektør Ingar Myking av etter seks år i jobben. Det gjekk nesten eit år før neste kommunikasjonsdirektør, Tor Godal, var på plass. I mellomtida fungerte underdirektør Mathilde Holm i stillinga. Godal blei i stillinga i vel to år før også han slutta, i august 2020. Deretter vart noverande kommunikasjonsdirektør Olaf Erlend Gundersen konstituert til stillinga, som han fekk permanent frå juni 2021, då Margareth Hagen overtok som rektor.

Gundersen er per i dag sjukmeld, og Khrono får opplyst at Mathilde Holm og assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden deler på ansvaret for avdelinga i Gundersens fråvær. Mathilde Holm viser til universitetsdirektør Robert Rastad for kommentarar.

Assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden har ansvar for kommunikasjonsavdelinga under kommunikasjonsdirektør Olaf Gundersens fråvær. Han vart tilsett av rektor Margareth Hagen, som tok over etter Dag Rune Olsen i 2021.

— Vi har blikket retta framover på korleis vi skal levere på dei viktigaste tenestene våre. Som administrasjon har vi prosessar på gang for å sjå korleis vi kan understøtte kjerneoppgåver, seier Rastad, som begynte i jobben hausten 2020.

Direktør: — Har prosess

— Kva slags prosessar?

— Vi har ein pågåande prosess i direktørgruppa. Og kommunikasjonsavdelinga har hatt samling der dei diskuterte prioriteringar framover. Vi er inne i ein omfattande strategiprosess ved Universitetet i Bergen. Det er ein stor, open prosess, som involverer heile universitetetssamfunnet. Så vil administrasjonens leveransar følgje naturleg av strategien når den blir vedtatt av styret i februar i 2023. I tillegg kjem andre føringar, frå Kunnskapsdepartementet og dei som kjem frå styret. Det overordna planverket vil følgje etter vedtak er gjort om strategi neste år.

— Det har vore fire direktørar i funksjon på fem år. Korleis påverkar dette kontinuitet og stabilitet på avdelinga?

— Det er ikkje ønskeleg med mange skifte i leiinga. I mi tid har det vore berre ein direktør, og han har vore i avdelingsleiinga i fleire år. I mi tid har det vore stabilt.

— I 2016 var anbefalinga frå styringsgruppa bak omorganiseringa at delar av den skulle gjerast til prøveordning og bli evaluert. Kva tenker du om at evalueringa ikkje blei gjort?

— Eg kjenner ikkje vurderingane frå den tida, så det kan eg ikkje kommentere. Organisering er ein del av det vi må diskutere framover.

— Kan det komme ei ny omorganisering?

— Vi har ikkje varsla det. Men både på kommunikasjon og andre avdelingar må vi sjå på korleis vi prioriterer. Vi har mange krav som dei tilsette får på seg, og vi har utfordringar på budsjettsida. Så vi må sjå på kva vi skal bruke tida på, saman med dei tilsette.

Powered by Labrador CMS