Seier opp folk, men betalar ut millionbonusar
Budsjettkutt gjer at Københavns Universitet må seie opp folk. Samstundes betalar dei ut millionar av kroner i bonusar til folk dei vil behalde.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Den danske regjeringa har vedteke eit statsbudsjett med kraftige kutt for forsking og utdanning: Forskningsløyvingane er kutta med 1,75 milliardar norske kroner, eller 8,5 prosent av løyvinga, og det er og kutt i utdanning.
Kutta vil merkast gradvis på universiteta, og i 2018 ventar Københavns universitet (KU) eit kutt på ca. 5 prosent, skriv På Høyden. Universitetsleiinga varslar oppseiingar på «alle nivå i organisasjonen».
Store innsparingar
— Det er lagt opp til store innsparingar. Og vi er svært overraska over at regjeringa vil stikke frå ei rekning på husleiga til universitetsbygget på Amager. Vi vil i vidast muleg omfang freiste å skjerme kjerneaktivitetar, som til dømes forsking og studiemiljø, men omfanget av dei varsla innsparingane tyder at vi ikkje kan unngå å spare over heile linja, seier KU-rektor Ralf Hemmingsen.
Universitetet har allereie avlyst den årlege vårfestivalen, som har vore eit samlande arrangement i universitetsmiljøet. KUs utdanningssatelitt for informasjonsvitskap og kulturformidling i Aalborg skal stengjast, og det blir ein stor reduksjon i talet på doktorgrader, skriv universitetsavisen.dk.
Dette er pengar som vi med opne auge brukar til å rekruttere forskarar for å halde ei plassering som internasjonalt forskingsuniversitet.
Ralf Hemmingsen
Blir oppseiingsrunde på alle nivå
Kor dei endelege kutta kjem er ikkje sikkert, men nær 200 millionar norske kroner skal sparast i felles- og fakultetsadministrasjonane, meir enn 130 millionar kroner på doktorgradsprogramma, og 57 millionar kroner på forsking og utdanning.
Og det heile skal altså starte i byrjinga av 2016, med ein oppseiingsrunde på alle nivå i organisasjonen.
63 millionar i bonusar
Samstundes som universitetet i København skal spare millionar framover møter dei også no kritikk for å betale ut bonusar til tilsette, mellom anna forskarar som dei gjerne vil behalde, tilsette eller belønne. Arbeidsmarknadsforskar Flemming Ibsen kalte nyleg ifølgje Radio24syv nivået på bonusane for «eksorbitant høyt»
Radiokanalen kunne opplyse, at Københavns universitet i løpet av knapt to år (sidan januar 2014) har betalt ut i alt 63 millionar kroner i eingongsverderlag til tilsette. Nokon har fått beløp på mellom 300.000 og 500.000 kroner.
(Foto: Adam Garff, Uniavisen)
På det anerkjente danske universitetet godkjenner rektor Ralf Hemmingsen (biletet over) personlig utbetaling av store bonusar til tilsette.
— Her er det ikkje snakk om, at rektor eller dekanar eller andre leiarar gir seg sjølve ein bonus. Dette er pengar, som vi med opne auge brukar til å rekruttere forskarar for å halde ei plassering som internasjonalt forskingsuniversitet, seier han til Uniavisen.
Ralf Hemmingsen vil ikkje seie namnet på dei forskarane, som har fått beløp på mellom 300.000-500.000 kroner, men at desse er i sterkt mindretal. Det kjem også fram av tal frå universitetet si HR-avdeling, som Uniavisen har fått innsyn i.
— Vi gir bonus til folk som publiserer forsking på det ultimative høge nivået i tidsskrift som Nature og Science. Nokon av namna vi snakkar om her, er dei som gjer at Københavns Universitet er rangert som nummer to i Fastlandseuropa og nummer seks i heile Europa, seier rektor Hemmingsen til avisa.« (Rankingen er AWRU Shanghai-rankinglisten i 2015, red.mrk).
Ønsker å fjerne detaljstyring
Regjeringa har lagt opp til eit kutt på to prosent kvart år framover, noko som i 2019 vil utgjere eit kutt på 200 millionar norske kroner for KU. I tillegg fryktar universitetet å gå glipp av over 300 millionar kroner på grunn av kutt i forskingsløyvingar. Eit kutt i løyvingar til husleige på KUs nye bygg på Amager kan bli på kring 88 millionar kroner frå 2017.
Rektor Hemmingsen er oppgitt over politikarar som hevdar at det «berre» er å kutte i administrasjonen.
— Mykje av administrasjonen universiteta har er skapt av reglane til staten. Københavns universitet har difor i det siste gjort framlegg om at regjeringa fjernar detaljstyringa av universiteta, noko som skaper byråkratiske vilkår for forskarar og studentar. Universitetet har foreslått fem konkrete tiltak for avbyråkratisering, men ventar framleis på ei oppfølging frå regjeringa, seier han på KUs nettsider.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!