Ein dansk juss-student blir krevd for 2000 danske kroner etter å ha levert inn klage på forelesaren sin. Han vil ha studenten dømt for ærekrenking. Foto: Heine Pedersen/Københavns universitet
Ein dansk juss-student blir krevd for 2000 danske kroner etter å ha levert inn klage på forelesaren sin. Han vil ha studenten dømt for ærekrenking. Foto: Heine Pedersen/Københavns universitet

Student saksøkt etter klage på undervisninga

Ein juss-student ved Københavns Universitet er saksøkt for ærekrenking av forelesar. Årsaka er at studenten klaga på undervisninga.

Publisert   Sist oppdatert

Det er i emnet skatterett at studenten Kristian Hegaard meiner at forelesaren ikkje gjorde ein god nok jobb, skriv den danske Universitetsavisen og det er På Høyden som gjengir saka.

Hegaard sendte inn klage på undervisaren, Michael Bjørn Hansen, til fagleiaren på jussfakultet på Københavns Universitet.

Blant anna meiner han at forelesaren ikkje organiserte gruppearbeid, til tross for at studentane ønska dette, at han verka uførebudd og stilte utan notatar på forelesningane.

Studenten hevdar han tok opp problemet med forelesaren, men at han ikkje var særleg «omstillingsvillig».

Meiner klagen er feil

På eit prinsipielt plan er det også utruleg viss det skulle bli presedens for at ein som student kan bli saksøkt for å klaga over
undervisninga.

Kristian Dam Hove
Formann i fagrådet ved utdanninga

Hansen reagerte med å saksøka studenten for ærekrenking. Blir han funnen skuldig risikerer han å måtte betala ein erstatning på 2000 danske kroner til forelesaren. 

Hovudessensen i rettsaken er spørsmålet om det føregjekk gruppeundervisning eller ikkje. Hansen meiner det blei danna grupper, og at klagaren sjølv hadde namnet sitt på ei gruppeliste.

— Det sentrale er at det er snakk om ein falsk klage, og dermed er dette ei svært ubehageleg sak for meg, seier Michael Bjørn Hansen til Universitetsavisen.

I ei pressemelding skriv forelesaren at det i hans vurdering «er snakk om eit politisk stunt frå ein person som vil fram i kommunalpolitikken, i folketinget og i studentpolitikken.»

— Eg hadde ikkje gått til sak om det var ein klage frå ein vanleg student, seier Hansen.

Hegaard vart svært forundra over at klagen hans skulle enda opp i retten.  

—  Så vidt eg veit, er det første gong ein student ved Københavns Universitet er blitt saksøkt av ein undervisar. Eg hadde skrive ein heilt normal klage, så eg er veldig overraska over denne reaksjonen, seier Hegaard.

— Utruleg tøvete

Ifølge stevjinga set klagen tilsettinga til undervisaren på spel, fordi det kan verka som han forsømmer jobben sin. 

I fagrådet på jussfakultetet er dei overraska over søksmålet.

— Personleg synast eg at det er utruleg tøvete. Men på eit prinsipielt plan er det også utruleg viss det skulle bli presedens for at ein som student kan bli saksøkt for å klaga over undervisninga, seier Kristian Dam Hove, formann i fagrådet til Universitetsavisen.

Rettssaka skal opp i Helsingør Byrett 5. september.