Universitet vil gamble på børsen
Københavns Universitet vil investere 170 millionar danske kroner på børsen. Ein dårleg idé, meiner professor i internasjonal økonomi.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det er universitetsavisen.dk som melder at styret har gitt klarsignal til at leiinga ved Københavns Universitet (KU) kan investere oppimot 25 prosent av dei likvide midlane sine i verdipapir og obligasjonar.
I fyrste omgang skal det vere snakk om å plassere ca. 170 millionar danske kroner i aksjar. Altså ti prosent av dei rundt 1,7 milliardar kronene universitetet har ståande i banken.
Sliter med lav rente
Vidare skriv avisa at universitetet slit med avkastninga på pengebehaldninga si. Mens avkastninga før var oppe i 20 til 40 millionar danske kroner i året, gjer den låge renta at dei var nede på sju millionar i 2015.
— Det er ikkje snakk om spekulasjon med høg risiko, med det er eit spørsmål om å spreie risikoen og sikre kjøpekrafta til universitetet sine middel. Det er alltid ein risiko ved å handtere pengar. Viss du gøymer dei i madrassen, vil dei vere mindre verdt neste dag. Obligasjonar er heller ikkje sikre lengre, seier visedirektøren for økonomi ved KU, Thomas Buchvald Vind, til Universitetsavisen.
Det er heilt feil at offentlege institusjonar investerer pengar for å prøve og få høgare avkast-ning.
Finn Østrup
Det er alltid ein risiko ved å handtere pengar. Viss du gøymer dei i madrassen, vil dei vere mindre verdt neste dag.
Thomas Buchvald Vind
— Kan gå verkeleg galt
Universitetsavisen har òg snakka med professor i internasjonal økonomi ved Copenhagen Business School, Finn Østrup, som meiner investeringar i aksjar er ein dårleg idé.
— Det er heilt feil at offentlege institusjonar investerer pengar for å prøve å få høgare avkastning. Eit universitet burde konsentrere seg om å gi studentane og undervisninga gode vilkår, seier han og legger til at finnansmarkedet er prega av stor usikkerheit og at mykje tyder på at aksjekursen har nådd eit for høgt nivå.
— Viss aksjane fell kraftig i verdi, kan ein tape langt meir, enn kva ein har fått i avkastning. Det kan gå verkeleg galt viss renta begynner å stige, og mykje tyder på at det vil skje.
Østrup fortel om fleire offentlege institusjonar som har brent seg på investeringar, og peiker spesifikt på Terra-skandalen i Noreg der avkastning vart bytta ut med tap i 100 millionarsklassa.
Thomas Buchvald Vind på si side meiner det at det finns mange eksemplar på at ein forsiktig investeringsstrategi basert på risikospreiing verkar.
Les òg: Kritikk mot UiO for kullinvesteringer
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!