I januar 2017 var det stormflo på Bryggen i Bergen. Nettopp klima er ei av sakene der humanistar kan bidra med forsking, har Forskingsrådet tidlegare sagt. Men lite klimapengar går til anna enn naturvitskapeleg forsking, viser ein ny studie. Foto: Tor Farstad

Klima: Samfunnsvitarar får minst av forskingspengane

Forsking. Samfunnsvitskapen får minst av klimaforskingspengane, syner ny analyse. Det er eit stort problem, slår forskarane bak analysen fast.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskarar frå Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) og University of Sussex har analysert over 11,4 billionar norske kroner i forskningsmidlar frå heile 332 finansieringskjelder, for å finne ut kva midlane vart brukte til i tidsrommet 1951 til 2021.

Dei meiner ein forsvinnande liten del av pengane har blitt brukte til å finne svar på ein av vår tids største utfordringar, skriv NUPI i ei pressemelding.

At det blir lagt så mykje vekt på naturvitskap og teknologi gjer at ein byrjar å lure på om det er klimaskeptikarar som styrer finansieringa av klimaforskinga.

Indra Øverland

Frå 1990 til 2018 vart mindre enn 4,6 prosent av den enorme summen brukt til forsking knytt til klima, konkluderer studien som er publisert i tidsskriftet Energy Research og Social Science.

— Folk flest tenker nok at klimaforskinga er ein stor prioritet, sidan klimaendring er såpass alvorleg. Men sanninga er faktisk det motsette. Og merkeleg nok går det minst pengar til å løyse dei mest kritiske problema, seier ein av forskarane bak studien, professor ved University of Sussex, Benjamin Sovacool, i pressemeldinga.

Det var Universitetsavisa som først skrev om saken.

— Eit stort paradoks

Det Sovacool peikar på som dei mest kritiske problema, er ofte knytt til samfunnsvitskapen. For å kunne avgrense global oppvarming til 1,5 °C, må hurtige endringar i haldningar, normer, incentiv og politikk til, meiner forskarane.

Men deira analyse av kor forskingspengane strøymer, viser at forsking på samfunnsvitskaplege spørsmål får minst av klimaforskingspengane.

I åra frå 1990-2018 var det berre 0,12 prosent av pengane som vart brukt på samfunnsforsking på korleis avgrense klimaendringane. Fagfelt innan naturvitskap og teknologi fekk i motsetnad 770 prosent meir til forsking på klimaendringane.

Det er eit stort paradoks, meiner forskarane.

— At det blir lagt så mykje vekt på naturvitskap og teknologi gjer at ein byrjar å lure på om det er klimaskeptikarar som styrer finansieringa av klimaforskinga. Det er som om dei ikkje heilt trur på klimaendring, så dei held fram å undersøke korleis klimaendringane eigentleg fungerer, i staden for å prøve å faktisk stoppe dei, seier Indra Øverland, som er forsker 1 på NUPI, i pressemeldinga.

Storbritannia på topp

Forskarane bak artikkelen har sett på finansiering frå 332 organisasjonar, i hovudsak nasjonale forskingsråd, frå 37 land. Storbritannia brukar mest pengar på samfunnsvitskapeleg klimaforsking, skriv Universitetsavisa, som òg har skrive om NUPI-artikkelen. USA og Tyskland følgjer på dei neste plassane, med Noreg på tiandeplass.

Jobba saman

Sovacool og Øverland er kritiske til at finansieringa av klimaforsking ser ut til å vere basert på ein idé om at dersom naturvitskapelege forskarar finn ut av årsaker, effektar og teknologiske løysingar på klimaendringa, så vil politikarar, byråkratar og vanlege folk automatisk endre åtferd for å løysa problema.

— Dei siste tiåra har vist at dette ikkje held vatn, meiner Øverland.

Ved Universitetet i Bergen var det for nokre år sidan eit stort klimaprosjekt der humanistar og naturvitarar jobba saman. Tema var i kva grad og på kva måte språkbruk spelar ei rolle i klimadebatten.

— Me naturvitarar er ikkje løysinga, men me er ein del av løysinga, sa oseanografiprofessor Helge Drange då På Høyden skreiv om saka.

Vil ha betre koordinering

Øverland etterlyser betre fordeling av forskningsfinansieringa.

— Klimaforskning må koordinerast betre på globalt nivå. Klimaendringar er ei global utfordring. Utan betre koordinering kastar me vekk ressursar, sier han.

Powered by Labrador CMS