Nord universitet si avdeling i Bodø hadde landets nordlegaste journalistutdanning. I år er det ikkje opptak til bachelorprogrammet, og masterprogrammet vart ikkje godkjent i tide. Foto: Paul S. Amundsen

Nord fekk ikkje akkreditering til masterstudiet i journalistikk

Journalistikk. Det vert ikkje opptak til masterstudiet i journalistikk og kommunikasjon ved Nord universitet. Leiinga sa nei. Nedgang i søking til medieutdanningane ellers i landet ser ut til å ha stoppa.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bachelorprogrammet i journalistikk ved Nord universitet har ikkje opptak denne hausten. I staden skulle det vera opptak til eit nytt masterprogram i journalistikk og kommunikasjon frå denne hausten. Slik vert det ikkje.

— Masterutdanninga vart ikkje akkreditert, og dermed ikkje lyst ut til årets opptak. Årsaka er at ein ikkje rakk å få på plass alle fagpersonane innan kommunikasjon. Det skriv Andreas Førde, kommunikasjonssjef ved Nord universitet, i ein epost til Khrono. Det var utdanningsutvalet ved Nord universitet som sendte saka attende til fakultetet.

Lenge kunne ein ta journalistutdanning ved høgskulane i Bodø, Oslo, Volda og Stavanger. I dag er det OsloMet, Høgskulen i Volda, Universtitetet i Stavanger, Universitetet i Bergen og NLA av dei offentlege utdanningsinstitusjonane som tilbyr slik utdanning. Bachelorprogrammet i Bodø, som no er ein del av Nord universitet, hadde ikkje opptak i år.

Grunnen er synkande søkjartal over fleire år, har studieprogramansvarleg Bengt Engan tidlegare sagt til Journalisten. Men Engan understreka at programmet ikkje er lagt ned. Khrono har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Engan.

Engan sa til Journalisten i vår at det må på plass fleire stillingar innan kommunikasjonsfag før ein kan starta opptak til eit masterstudium, og det må på plass avtale om utveksling.

Vanskelegast i Bergen

Opptaksgrenser, ordinær kvote

Studiestad 2018 2019
Oslo55,154,5
Stavanger45,446,0
Volda (avis/nett)37,841,2
Volda (TV/radio)50,649,8
Bergen55,155,4
KristiansandAlleAlle

Tal frå Samordna opptak

Når det gjeld dei andre studiestadane, ser ein, som Khrono tidlegare har skrive, ei betring i søkjartala samanlikna med korleis det var for nokre år sidan. Det er Universitetet i Bergen som no har dei høgaste poengkrava for dei som ønskjer å ta bachelorutdanning i journalistikk.

I år måtte du ha 55,4 poeng for å koma inn på journaliststudiet i Bergen dersom du søkjer i den ordinære kvoten. For søkjarar som berre søkjer med vitnemålet frå vidaregåande skule, er kravet noko lågare. Men felles for begge kvotane er at Universitetet i Bergen no ligg over OsloMet, som tradisjonelt har hatt den journalistutdanninga som har krevd best karakterar for å få plass. Dette viser tal frå Samordna opptak.

— Me har utnytta dei moglegheitene som oppstod då me flytta til Media City Bergen. Det har mest å gjera med at me har fått på plass nok og rett faglege ressursar, seier Lars Arve Røssland.

Han er førsteamanuensis ved Institutt for informasjons og medievitskap ved UiB, og leiar journalistutdanninga.

Nøgde i Oslo

Journalistutdanninga ved UiB fekk nye studieprogram frå 2017, og flytta då inn i Media City Bergen.

Utdanninga vår er praksisnær, me har eit tett samarbeid med bransjen

Astrid Gynnild

— Dette gjer at studentane er i eit mediemiljø. Utdanninga vår er praksisnær, me har eit tett samarbeid med bransjen. Men utdanninga er òg forskingsnær, seier Astrid Gynnild.

Ho er professor i medievitskap og leia journalistutdanninga fram til årsskiftet.

For nokre år sidan gjekk søkjartala til journalistutdanningane ned. Dei siste åra verkar det som om tala har stabilisert seg att. Det er Ann-Helén Bay, dekan ved fakultet for samfunnsvitskap ved OsloMet, nøgd med. Og sjølv om UiB i år har gått forbi OsloMet når det gjeld opptaksgrense, er det framleis vanskeleg å koma inn i Oslo òg. Poenggrensa er 54,5 i ordinær kvote.

Det var Journalisten som først skreiv om opptaksgrensene for dei ulike insitusjonane.

— Konkurrerer de med Bergen om dei same søkjarane?

— Det er vanskeleg å seia noko om. Men eg ser at me i år har fleire søkjarar til bachelor i medier og kommunikasjon, seier Bay.

Alle får plass i Kristiansand

I Stavanger er opptaktsgrensene om lag som i fjor, 46 poeng i ordinær kvote. Volda har gått opp litt for avis/nett-linja, til 41,2, og ned litt for TV/radio-linja. Ved NLA si avdeling i Kristiansand har alle søkjarar kome inn på journalistutdanning både i fjor og i år.

Høyskolen Kristiania skriv i ein epost at dei har tatt inn 60 studentar. I år var søkjartalet 194, ein auke på sju samanlikna med fjoråret. Auken frå 2017 til 2018 var endå større.

(Saka er oppdatert 8.august kl 13.25 med tal frå Høyskolen Kristiania)

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS