— Eg synest det er veldig synd at vi får så få kvinnelege kandidatar til dekanstillingane, seier dekan og påtroppande prorektor ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen. Foto: Ingvild Festervoll Melien

UiB vil slite med å oppnå kjønnsbalanse i leiinga

Uansett utfall av val eller tilsetting: Det blir maksimum to kvinnelege dekanar på Universitetet i Bergen dei neste fire åra. — Dette teiknar eit feil bilete av universitetet, seier dekan Margareth Hagen.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei komande månadane er det klart for val og tilsetting av dekanar på alle fakulteta ved Universitetet i Bergen (UiB) for ein ny fireårsperiode. 

Så langt er det ni kandidatar til seks stillingar. Berre éi av dei er kvinne. 

Til saman skal det vere sju dekanar ved Universitetet i Bergen. Men Fakultet for kunst, musikk og design har ikkje bestemt når valet skal vera enno, og kven som stiller til dekanval der er uklart, sjølv om det er venta at interimdekan Gerd Tinglum vil melde seg som kandidat. 

– Me treng kjønnsbalanse

Uansett utfall vil det ikkje bli fleire enn to kvinnelege dekanar ved UiB dei komande fire åra.

Det er vanskeleg å sjå føre seg nokre føringar eller mekanismar som kan sikre kjønns-balanse når vi har denne typen val-mekanismar.

Dag Rune Olsen

Det er heilt klart at vi i rektoratet må jobbe for å få ein betre kjønnsbalanse i neste runde.

Margareth Hagen

Ein ser òg at nesten alle som i år prøver å bli dekan er rundt 60.

Kjell Erik Lommerud

Dekan på Det humanistiske fakultet og påtroppande prorektor for forsking, Margareth Hagen, synest det er leit.

— Det er gode mannlege kandidatar som stiller, og det er ikkje til forkleinelse for dei. Men eg synest det er veldig synd at vi får så få kvinnelege kandidatar til dekanstillingane. No er eg dekan sjølv. Det er ein krevjande og spennande jobb, og me treng kjønnsbalanse i leiarstillingane, seier ho.

Ho meiner det er meir enn nok kvinnelege kandidatar å ta av på UiB. 

— Det er veldig rart. Sånn som eg kjenner dei kvinneleg kollegaene mine på UiB, så er det mange sterke og svært kompetente kvinner, som ville klart dekanrolla fint, seier Hagen.

— Eg trur ikkje det er spesielt for kulturen ved UiB. UiB speglar samfunnet og denne type organisasjonar. Det er ingen grunn til at det skal vera så skeivfordelt her.

– For arbeidskrevjande

Fungerande hovudtillitsvald i Forskarforbundet ved UiB, Kjell Erik Lommerud, trur heller at det er eit problem at få stiller i det heile tatt, enn at kvinndelen er låg. 

— Noko av problemet er at universitetsleiinga har blitt skikkeleg arbeidskrevjande. Arbeidsdagen kan fort vere tolv timar om du tek med passeleg interessante middagar og representasjon. Dagen er bunden opp på ein annan måte enn for ein fagleg tilsett som brukar mykje tid på faget sitt. Det gjer at det blir tungt å få folk til å stille.

Det betyr at dekanrolla ofte ikkje blir aktuell før ein er eldre, meiner Lommerud (bildet). 

— Når du er rundt 60, er borna ofte i 20-åra, og du har kanskje fått gjort det du ønsker fagleg. I mange fag er det heilt umogleg å kome tilbake fagleg etter to periodar som dekan, og ein sekstiåring vil etter åtte år ha kort tid igjen til pensjonering. Ein ser òg at nesten alle som i år prøver å bli dekan er rundt 60, seier han og legg til:

— Den låge kvinnedelen trur eg heng tett saman med at i denne generasjonen var det få kvinnelege professorar. Det finst sjølvsagt fleire gode kvinnelege dekankandidatar i 40-åra rundt omkring, men eg skjønner godt at dei ønskjer å satse fagleg i staden. Tida deira kjem.

Hagen, som sjølv gjekk inn i dekanrolla då ho var i 40-åra, ser poenget til Lommerud. Men meiner det ikkje er så enkelt. 

— Lommerud set fingeren på noko viktig her. Dekanjobben betyr at ein må sette eigne faglege ambisjonar til side i fleire år, noko som får konsekvensar for eiga fagleg utvikling. Har du store faglege ambisjonar og forskingsprosjekt, og er i 40-50-åra, slik mange av dei kvinnelege kollegaene mine har, skjønner eg at dette kan vere eit vanskeleg val. Men samstundes er dekanjobben veldig interessant og givande, seier Hagen, og legg til:

— Jobben opnar for ei brei innsikt i forskings- og undervisingsmiljøa. Det er ein styrke å ha med seg når ein går tilbake til forskinga etter end periode. Det stemmer at dette er tidkrevande jobbar, men det er fullt mogleg å ha eit privatliv, katt og ein ungeflokk sjølv om du er dekan. Dekanen er ikkje den einaste som representerer fakultetet, difor er det ikkje naudsynt å gå i alle middagane sjølv. Prodekanene må òg få mat, seier Hagen med eit smil. 

– Ein konsekvens av valordninga

Rektor Dag Rune Olsen meiner det er uheldig men den låge kvinnedelen. 

— Det er utfordrande viss vi endar opp med svært dårleg kjønnsbalanse i leiargruppa som jo dekanane utgjer. Det er fordi vi meiner også at mangfald når det gjeld kjønn i leiarstillingar er viktig. Ein bidreg annleis til leiargruppa. Men så er det slik at det er ein konsekvens av at vi vel individuelt og enkeltvis. Det er vanskeleg å sjå for seg nokre føringar eller mekanismar som kan sikre kjønnsbalanse når vi har denne typen valmekanismar, seier Olsen.

– Vil de gjere noko for å auke kvinnedelen inn mot neste periode?

— Vi kan ha haldningsarbeid, og oppmoda kvinner til å stille. Men vi kan også danne søkarkomitear, som aktivt søker etter to, tre kandidatar, og som snakkar med kandidatane og sørger for at ein får fleire som stiller, og at det er kjønnbalanse i det heile også. Det er noko vi eventuelt må ta opp i styret for å få til, seier Olsen.

— Det er heilt klart at vi i rektoratet må jobbe for å få ein betre kjønnsbalanse i neste runde, seier Margareth Hagen.

Fleire kvinner på psykologi

Professor Bente Wold stiller som utfordrar til sittande dekan Jarle Eid på Det psykologiske fakultet, og er så langt den einaste kvinnelege dekankandidaten. Ho er heller ikkje nøgd med å eventuelt berre kunne få éin eller ingen kvinnlege kollegaer i dekangruppa.  

— Eg tenker at det er negativt. Ein bør strebe etter å prøve å få til ein balanse. Det er noko vi i vårt eige miljø har jobba for, og tenkt på lenge. Vi har tenkt på korleis vi kan rekruttere mannlege studentar og mannlege vitskaplege tilsette, seier Wold (bildet).

Kvinnedominert

Sjølv har dei opplevd motsett problemstilling - i eit fagfelt som blir stadig meir kvinnedominert.

— På fakultetet vårt har det eigentleg vore relativt attraktivt også for kvinner og stille til sånne verv, og også naturleg. Vi har hatt fleire kvinnelege dekanar tidlegare. For meg er det ikkje så godt å seie kva som er tilfelle på andre fakultet. Men eg ser også at det er vanleg at det er menn som er instituttleiarar på vårt fakultet. På mitt eige institutt - HEMIL (Senter for forsking på helsefremmende arbeid, miljø og livsstil), er det berre kvinnelege tilsette – så det er ingen menn å velje til instituttleiar. Men når vår siste instituttleiar slutta, sat han som mannleg leiar for berre kvinner, seier Wold.

Wold (bildet) trur Lommerud sine tankar om at ei dekanrolle kan bli for hektisk for mange før dei har store born, stemmer. 

— Det som ser ut til å vere tilfelle er at kvinner i større grad vegrar seg for å ta leiaroppdrag, det gjeld generelt i næringslivet elles også. Ei av årsakene kan vere at kvinner føler meir for å ta ansvar heime, og tenker at ei leiarstillinga vil gjere det vanskelegare å stille opp slik som ein vil på heimearenaen. Det er nok ein mogleg situasjon her også.

Sjølv var ho prodekan for forsking på fakultetet fram til 2001. Ho blei spurd om å halda fram, og var også innom tanken på å stille til val som dekan. Men ho fann ut at det blei for vanskeleg.

Vile halde fram med val

— Eg hadde fire småborn heime då. Mi vurdering den gongen var at det ikkje gjekk heilt i hop. Eg rakk ikkje å både ta meg av familien og vere tilgjengeleg til ei kvar tid. Det fann eg ut gjennom prodekanrolla, at det vart for krevjande. No har eg ikkje småborn lenger, min private situasjon har endra seg, og eg er mykje meir fleksibel.

— Kva med tilsett dekan – kan det vere vegen å gå for å få opp kvinnedelen?

—  Nei eg meiner det er for mange negative ting ved ei slik ordning. For universitetsdemokratiet si skuld, meiner eg ein bør velje dekanane frå eigne rekker, seier Wold. 

Les også: Bare ni dekankandidater i Bergen og kun én kvinne

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS