— Det er leiarane i akademia som må vise at dei ikkje redde for å ta opp kontroversielle spørsmål, seier dagleg leiar i Raftostiftelsen, Jostein Kobbeltvedt. Foto: Njord V. Svendsen

Raftostiftelsen: — Tør universiteta ta i Tibet? Eller arrangere seminar om Tiananmen-massakren?

Kinasamarbeid: Universiteta må vise i praksis at dei støttar opp om den akademiske fridomen, ikkje berre prate om det, meiner Raftostiftelsen.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Vi må hugse at Kina er ein autoritær stat som er i ferd med å bli endå meir autoritær. Den akademiske fridomen i Kina er blitt reversert dei siste åra. Då blir det endå viktigare for norske samarbeidspartnarar å vise at ein faktisk er uavhengig og truverdig når det gjeld å ivareta akademisk fridom, seier leiar Raftostiftelsen, Jostein Kobbeltvedt.

Den akademiske fridomen i Kina er blitt reversert dei siste åra

Jostein Kobbeltvedt

Han meiner det ikkje blir gjort nok for å vise at den akademiske fridomen er reell i forskings- og utdanningssamarbeid med Kina.

Fakta

Kinasamarbeid

Kina er i ferd med å bli eitt av dei viktigaste samarbeidslanda for norske forskings- og utdanningsinstitusjonar.

I 2016 førte forhandlingar fram til ei normalisering av diplomatiske forhold som opna dørene for både handels- forskingings- og utdanningssamarbeid. Kina boikotta Noreg etter at Liu Xiaobo vart tildelt Nobels fredspris i 2010.

Universitetet i Bergen har som mål å bli det leiande norske universitetet når det gjeld samarbeid med Kina. UiB er det einaste universitetet som har ein eigen handlingsplan for kinasamarbeid. Ifølgje handlingsplanen. I handlingsplanen heiter det at UiBs «kjerneverdi knyttet akademisk frihet skal være et grunnleggende premiss». Til hausten arrangerer UiB ein eigen tur til Kina for fagtilsette.

UiB er det einaste universitetet i Noreg som har eit Konfutse-institutt knytt til sin institusjon (saman med Høgskulen på Vestlandet).

Kjelde: UiB

— Leiarane på universitet og høgskular må vise at dei ikkje er redde for å ta opp sensitive spørsmål eller invitere folk som Kina ikkje ønskjer dei skal invitere. Dei bør vise at dei bryr seg om den akademiske fridomen i praksis. Det er ikkje nok å snakke om det. Vil ein invitere representantar for uigurane? Tør ein ta i Tibet? Eller kva med å arrangere eit seminar om Tiananmen-massakren? spør Kobbeltvedt.

Konfutse: — Veldig problematisk

Som Khrono har meldt er Universitetet i Bergen (UiB) i ferd med å fornye avtalen med Konfutse-instituttet, no med forslag om ein eigen paragraf om akademisk fridom. Samarbeidet mellom Konfutse-instituttet, UiB og Høgskulen på Vestlandet er blitt kritisert, mellom anna av Raftostiftelsen. Ifølgje kritikarane er dei verdsomspennande institutta ein del av det kinesiske kommunistpartiets strategi for utøving av mjuk makt og dermed ein risiko for den akademiske fridomen.

UiB har på si side avvist kritikken og vist til at Konfutse-instituttet i Bergen er organisert som ei stifting, forplikta til å følgje norsk lov, og dermed annleis organisert enn Konfutse-institutt i andre land.

Som ein respons på kritikk frå mellom andre Raftostiftelsen annonserte UiB i fjor ein serie såkalla kinafrukostar, som skulle ta kinasamarbeid opp til debatt. Etter to arrangement våren 2019 blir arrangementet lagt ned, ifølgje UiB fordi dei heller vil nå lenger ut på andre areaner.

— Det er bra at debatten blir følgt opp med arrangement av denne typen. Det er også bra at ein ønskjer å formalisere akademisk fridom i avtalen med Konfutse-instituttet, seier Kobbeltvedt.

Han er likevel kritisk til samarbeidet.

— Prinsipielt er det veldig problematisk at ein arm av det kinesiske utdanningsdepartementet skal vere ein del av UiB. Konfutse-institutta skil seg frå institusjonar som Alliance Francaise og Goethe-instituttet med at dei insisterer på å vere del av universitetsstrukturen, seier Kobbeltvedt.

Ønskjer ikkje boikott

Raftoleiaren understrekar at det er leiinga ved universitet og høgskular som må ta føringa for å markere den akademiske fridomen.

— Den jamne akademikaren har mange omsyn å ta. Det er leiarane som må vise at dei ikkje redde for å ta opp kontroversielle spørsmål.

Kobbeltvedt og Raftostiftelsen er ikkje tilhengar av boikott. Han stiller likevel spørsmål ved om universitetsleiarane i Noreg har ein plan for kva dei gjer om den akademiske fridomen blir krenka ved samarbeidsinstitusjonar.

— Kva gjer ein dersom studentar eller tilsette på samarbeidande universitet blir arresterte, spør Kobbeltvedt.

I fjor haust vart ein tidlegare professor frå Shandong universitet arrestert medan han vart telefonintervjua på direktesendt fjernsyn. UiBs rektor er æresprofessor ved dette universitetet.

— Eg ser ikkje mange andre samanhengar eller land der akademia er så forsiktig i sine formuleringar som i kinasamarbeid. Ein kan forstå at Utanriksdepartementet må føre eit diplomatisk språk. Men når universiteta legg seg på same linja, er ein ute på ein veg ein akademia ikkje skal gå.

Tvert imot må akademia halde fanen langt høgare, for å markere at ein ikkje sensurerer seg sjølv eller avgrensar seg av omsyn til det kinesiske regimet, meiner Kobbeltvedt.

— Vi veit at det det er Kinas strategi å gjere samarbeidspartnarar avhengige på måtar det kan vere vanskeleg å komme seg ut av, enten det er snakk om politikk, handel eller i akademia, seier han.

Rektor set gjerne Tibet på dagsorden

UiBs rektor, Dag Rune Olsen, seier han ikkje har noko imot å setje verken uigurar, Tibet eller Tiananmen på dagsorden.

— Men det er uhyre sjeldan at rektorar inviterer til seminar, nettopp fordi vi skal ha akademisk fridom. Dette må kome frå fagmiljøa. Dei har full fridom til å invitere kven ein vil til å diskutere akademiske spørsmål. Vi er ikkje ein politisk institusjon, vi må halde fast på at vi er eit universitet, seier Olsen.

UiB-rektoren seier han også vil ta opp brot på akademisk fridom og menneskrettsbrot med samarbeidsuniversitet i Kina, dersom det blir verifisert at kinesiske kollegaer blir utsette for dette ved dei aktuelle institusjonane.

— Då vil UiB som institusjon ta dette opp med institusjonen vi samarbeider med. Det er naturleg at vi gjer.

Ifølgje Olsen har dette så langt ikkje skjedd i kinasamarbeid på UiB.

— Den akademiske fridomen er noko vi praktiserer i det daglege, faglege samarbeidet. Dersom vi opplever eller får tilbakemeldingar om at det er under press, avsluttar vi det. Det gjeld i alle samanhengar.

Nyvalt rektor ved Universitetet i Agder (UiA), Sunniva Whittaker, er også open for å ta imot kinesiske dissidentar. UiA har også trappa opp samarbeid med kinesiske partnarar dei seinare åra.

— Innanfor ei naturleg ramme kunne eg gjerne sett at vi hadde arrangement om sensitive spørsmål. I eit seminar om akademisk fridom kunne det for eksempel vere naturleg å invitere representantar frå dei gruppene Kobbeltvedt nemner. Kina er ein viktig forskingsnasjon, men vi skal ikkje gå på akkord med våre verdiar, seier Whittaker.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS