— Eg kallar det konsentrasjonsleirar, seier Adiljan Abdurihim i Den norske uighurkomiten om interneringa av uigurar i Xinjiang-provinsen i Kina. Det bur omlag 2500 uigurar i Noreg. Foto: Njord V. Svendsen

Ber UiB-rektor om å setje menneskerettar på dagsorden

Kina. Fleire land rettar hard kritikk mot Kina etter nye rapportar om overgrep mot uigur-minoriteten. Det bør også UiB-rektoren gjere, meiner norske uigurar.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ifølgje fleire menneskerettsorganisasjonar er truleg så mange som ein million menneske blitt tatt frå heimane sine, utan lov og dom, og blitt internert i det kinesiske styresmakter omtalar som utdanningsleirar, skriv På Høyden.

Andre undersøkingar, mellom anna frå nyhendebyrået AFP, tyder på at leirane er drivne meir som regulære fengsel, der det også er meldt om tilfelle av tortur.

Rundt 12 millionar uigurar – ein muslimsk minoritet med tyrkiske røter, språk og kultur – høyrer til i den ressursrike og strategisk viktige Xinjiang-provinsen i Kina. Uigurane sjølve kallar området for Aust-Turkistan.

— Ikkje lukk auga

Meldinga frå Adiljan Abdurihim, som representerer Den norske uighurkomiten, er denne:

— Ikkje lukk auga for overgrepa mot ytrings- og religionsfridomen, men stå for desse verdiane i møtet med kinesarane.

Ikkje lukk auga for overgrepa mot ytrings- og religionsfridomen, men stå for desse verdiane i møtet med kinesarane.

Adiljan Abdurihim

Abdurihim, som denne veka deltok i panelsamtale i regi av Bergen ressurssenter (CMI/UiB) og Raftostiftelsen, ber rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen, om å ta opp overgrepa mot uigurane med kinesiske samarbeidspartnarar og styresmakter.

Olsen er ein av dei fremste eksponentane for norsk universitetssamarbeid med Kina. Han har tidlegare fått kritikk for å binde universitetet for tett opp mot kinesiske interesser. Nyleg vart Olsen tildelt æresprofessorat ved universitetet i Shangdong. I august vart ein tidlegare professor frå nettopp dette universitetet arrestert medan han vart telefonintervjua på direktesendt fjernsyn.

UiB er det einaste universitetet i Noreg som har ein eigen Kina-strategi, men der er menneskerettar ikkje eit tema.

FN slår alarm

Tidlegare i haust slo FN alarm på bakgrunn av det som vart omtalt som truverdige rapportar frå menneskerettsorganisasjonar om internering av uigurar og andre etniske minoritetar i indoktrineringsleirar i Xinjiang-provinsen.

Kina har tidlegare nekta for at interneringsleiarane eksisterer, men har endra strategi og lovgiving og sagt at det dreier seg om frivillige utdanningsinstitusjonar for muslimar, og at dei er til for å hindre terrorisme og ekstremisme.

I ein rapport frå Human Rights Watch frå september heiter det at brota på menneskerettane i Xinjiang er dei verste i Kina sidan Kulturrevolusjonen på 1960- og 70-talet.

Under kulturrevolusjonen var lærarar og universitetstilsette utsette for målretta utrensking.

Ein fersk rapport frå Scholars at Risk (SAR) uttrykker «alvorleg bekymring for arrestasjonar av uigurske akademikarar og studentar». Ifølgje organisasjonen har mange av dei hamna i indoktrineringsleirane.

Ein av dei mest profilerte blant dei fengsla og bortførte er økonomen og menneskerettsforkjemparen Ilham Tohti, som er dømd til livstid i fengsel, skulda for separatisme.

— Kina tar alle middel i bruk for å kneble oss, seier Adiljan Abdurihim.

Abdurihim kom som flyktning til Noreg i 2007, og har sjølv studert her, ved Høgskolen i Gjøvik/NTNU. Han fortel at det ligg ei lang og vanskeleg vurdering bak avgjersla om engasjere seg offentleg for uigurane. Sidan ein regimekritisk onkel flykta til Sovjetunionen på 1960-talet, har familien vore i styresmaktene sitt søkelys. Abdurhims foreldre lever på hemmeleg adresse i utlandet.

— Først var det ei tilvenning, frå å leve i eit diktatur til å leve i eit demokrati, der du faktisk kan kritisere statsministeren utan at noko skjer med deg. No handlar det om frykt for at det eg gjer skal få konsekvensar for slektningane mine i Aust-Turkistan, seier Abdurihim.

Olsen: — Tar gjerne opp menneskerettar

Dag Rune Olsen, rektor Universitetet i Bergen. Foto: Siri Øverland Eriksen

Under ei FN-høyring i Geneve i førre veke fekk Kina sterk kritikk frå fleire land, blant dei Tyskland, Storbritannia, Frankrike og USA, for behandlinga av uigurane. Den kinesiske delegasjonen avviste alle skuldingane som er komne fram i uavhengige rapportar.

Den norske uighurkomiten meiner det er på tide at leiarar ved norske universitet som samarbeider med kinesiske institusjonar brukar posisjonen sin og seier ifrå.

Eg tar gjerne opp menneskerettane med kinesarane, og det har eg også gjort i samband med vår undervisning i menneskerettar ved universitet i Kina.

Dag Rune Olsen

UiB-rektor Dag Rune Olsen svarar at det viktigaste universitetet hans gjer på området er å undervise i menneskerettar og komparative rettssystem ved Renmin University. Han seier også at det er han klare syn at internering og tortur ikkje kan aksepterast.

— Vil du følgje oppmodinga om å ta opp uigurane sin situasjon neste gong du møter den kinesiske ambassadøren eller andre dette er relevant ta opp med?

— Eg tar gjerne opp menneskerettane med kinesarane, og det har eg også gjort i samband med vår undervisning i menneskerettar ved universitet i Kina. Mi erfaring er at det ikkje er vanskeleg å snakke om dette med representantar for styresmaktene. Men det er viktig korleis vi tar det opp, at vi ikkje blir formanande, men inviterer til dialog, og gjer dette på ein akademisk måte, seier Olsen.

— Tør du stille spørsmål som er kritiske nok?

— Ja, men nokon vil at vi skal vere meir politiske, i forhold til land som for eksempel Israel, Russland og Kina. For oss er det viktig å ikkje selje den akademiske fridomen, seier Olsen.

Olsen seier han ikkje kjenner til saka med den arresterte professoren frå Shangdong-universitetet, der Olsen er tildelt æresprofessorat, men seier at det ikkje er akseptabelt å bli arrestert for sine meiningar.

Massiv overvaking

Under samtalen på Bergen ressurssenter retta panelet blant anna merksemda mot den massive overvakinga det kinesiske regimet har etablert i Xinjiang.

— Xinjiang blir sett på som testområde for teknologi og Kinas langsiktige mål – full overvaking og kontroll med kvar einaste person til ei kvar tid, seier Gerald Folkvord, politisk rådgivar i Amnesty.

Ifølgje Amnesty har styresmaktene etablert noko nær eit terrorregime, og bortføringane bli støtta av systematisk masseovervaking av befolkninga i området.

Tidsskriftet The Economist har kalla det som skjer i regionen for «apartheid med kinesiske karakteristika», med referanse til det massive kontroll- og overvakingsapparatet regjeringa har etablert i Xinjiang. Det er ein karakteristikk Adiljan Abdurihim skriv under på.

— Innsamling av DNA, blodprøver, avansert teknologi for ansiktsgjenkjenning – alt dette skjer. I tillegg til internering i leirar. Eg kallar det konsentrasjonsleirar, eg finn ikkje noko anna ord for det, seier han.

Uigurane i Xinjian lever i eit fryktregime, ifølgje Kina-ekspert Koen Wellens frå Universitetet i Oslo. Det skal lite til for å bli stempla som fiende.

— Når det skjer, har du tapt. Det finst ikkje noko imellom i denne dikotomien mellom venn og fiende, seier han.

— Overraskande kritikk

Undertrykkinga av uigurane og andre etniske og muslimske minoritetar i Xinjiang har lange historiske røter. Sidan 2016 har observatørar notert ei markant tilstramming, då partisekretæren som har styrt Tibet med jernhand, Chen Quanguo, fekk stillinga i Xinjiang.

— Eg trur den internasjonale kritikken har kome overraskande på dei kinesiske leiarane. Få har brydd seg om uigurane, seier Gerald Folkvord frå Amnesty.

Han peikar på at det også finst kinesiske krefter som arbeider for dialog,

— Dessverre er dei fleste av dei i fengsel akkurat no, men det er viktig at ein i Vesten støttar opp om desse kreftene, seier Folkvord.

Adiljan Abdurihim seier han er for samarbeid og at norske og kinesiske akademikarar skal lære av kvarandre.

— Men dersom akademikarar og akademiske institusjonar ikkje tør å vere kritiske og stille spørsmål, er det eit stort problem, seier han.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS