korona

Kappløpet mot ein ny vaksine

Kor raskt vil ein kunne ha på plass ei vaksine mot koronaviruset som har gitt ein pandemi? Forskarar i mange land er med på kappløpet om å tilby dropane som kan verna folket mot sjukdom.

Arbeidet er i gang, både i Noreg og mange andre land. Men når kan ein vaksine mot viruset som gir sjukdommen covid-19 vera klar? Det er det førebels ingen som kan vera heilt sikre på. Biletet er frå influensasenteret ved UiB og Haukeland universitetssjukehus.
Arbeidet er i gang, både i Noreg og mange andre land. Men når kan ein vaksine mot viruset som gir sjukdommen covid-19 vera klar? Det er det førebels ingen som kan vera heilt sikre på. Biletet er frå influensasenteret ved UiB og Haukeland universitetssjukehus.
Publisert Oppdatert

90 vaksinar. Det er, ifølgje Nature, så mange som no er i ferd med å verta utvikla for å kunne ta knekken på koronaviruset Sars-CoV-2. I Kina er ein allereie i gang med å testa på menneske.

Fakta

Koronavirus

  • Startet som et utbrudd av lungebetennelse i storbyen Wuhan i Kina desember 2019. Identifisert av kinesisk helsemyndigheter 7. januar 2020.
  • Tyder på at smitten startet på et stort matmarked i byen, Huanan Seafood Wholesale Market.
  • Har genetiske likheter med SARS-viruset (SARS-CoV). 774 dødsfall ble registret i 26 land etter den epidemien i 2002-2003.
  • Viruset kan gi sykdommen COVID-19
  • Feber har vært rapportert som det vanligste symptomet på infeksjon. Sår hals er rapportert og noen har blitt diagnostisert med lungebetennelse med pustevansker og/eller hoste, eventuelt med lungeinfiltrater på røntgen.
  • Folkehelseinstituttet anbefaler god håndhygiene, med såpe og vann, til forebygging.
  • Det finnes ingen vaksine mot sykdommen per i dag.
  • 30. januar 2020 erklærte WHO utbruddet som en «alvorlig hendelse av betydning for internasjonal folkehelse».

(Kilde: Folkehelseinstituttet, Store Norske Leksikon. Oppdatert 3.mars 2020)

Men når kan ein vaksine vera klar for bruk?

Det tek truleg ei stund endå. Måndag vert den digitale konferansen Coronavirus Global Response Summit arrangert. Der har Noreg ei leiarrolle.

— Me treng å syta føre at me finansierer diagnostisering, slik at mange land kan testa nok. Me må òg kunne diagnostisera raskast mogleg, utvikla vaksinar og formidla desse vaksinene rundt omkring i verda, sa statsminister Erna Solberg til NRK tidlegare i veka.

Solberg er ein av møteleiarane måndag, og arrangør er EU-kommisjonen. Målet er mellom anna å skaffa økonomiske midlar til vaksineutviklinga.

Kanskje i år?

I den same NRK-saka var Cepi-leiar Richard Hatchett sitert. Cepi står for The Coalition for Epidemic Preparedness Innovations, og er ein internasjonal vaksineallianse, leia frå Noreg. Hatchett sit i London, og sa at det mest optimiske anslaget no er at ein vaksine kan vera klar i løpet av dette kalenderåret. Men det vil vera ein vaksine først og fremst for helsearbeidarar, massevaksinasjon vil koma seinare.

— Allereie i januar inngjekk me dei første avtalane om å utvikla vaksinar mot covid-19. No har me ein portefølje på ni vaksinekandidatar. Tre av dei er allereie i kliniske utprøvingar.

Det skriv Cepi sin nordiske kommunikasjonsdirektør Bjørg Dystvold Nilsson i ein e-post til Khrono. Ho skriv òg at målet var at ein vaksine mot covid-19 skulle vera klar for klinisk utprøving etter 16 veker. Det viste seg at det faktisk gjekk endå fortare.

Cepi er ein av grunnleggarane av Access to COVID-19 Tools (ACT) Accellerator, som igjen står bak måndagens konferanse. Samarbeidet mellom globale helsepartnarar, privat sektor og andre aktørar vart lansert saman med WHO. Målet er å framskunda utvikling, produksjon og distribusjon av trygge og effektive medisinar, diagnostikk og vaksiner mot covid-19, og gjera dei tilgjengelege over heile verda.

— Me ser ein heilt spesiell global dugnad no, der mange deler av samfunnet tek del. Ikkje minst ser ein det blant forskarar, som deler meir informasjon med kvarandre enn før. Det gjer det mogleg å gjera utviklinga av ein vaksine endå raskare, seier Nilsson.

Gunnveig Grødeland jobbar med vaksine mot covid-19.
Gunnveig Grødeland jobbar med vaksine mot covid-19.

Tek vanlegvis minst ti år

Ved Universitetet i Oslo er Gunnveig Grødeland i gang med å jobba med ein vaksine. Ho er seniorforskar og leiar forskingsgruppa Influensa og adaptiv immunitet ved Immunologisk instiutt.

Vaksineutvikling tek vanlegvis lang tid, seier Grødeland. Ho har jobba med ein vaksine i ti år, og nærmar seg no å kunne starta testing på menneske.

— Då startar ein med å utvikla nye konsept. Men når ein no jobbar med ein vaksine mot koronaviruset, tek ein gen frå overflateproteinet i viruset, og så er det ulike måtar å gjera det på, seier forskaren.

Sars-CoV-2 er i slekt med Sars-viruset som herja for om lag ti år sidan, og Mers-utbrotet i 2012, og starta som flaggermusvirus. Sars smitta til menneske via desmerkattar, medan Mers kom via kamelar. Det er endå ikkje kjent akkurat korleis Sars-CoV-2 smitta over til menneske.

Men å laga vaksinar mot desse virusa som kan testast på dyr, har vist seg å ikkje vera så lett, forklarar Grødeland. Difor har ein fått løyve til å testa direkte på menneske – noko som gjer at tidsbruken vert radikalt forkorta.

Tre stadium

Det er tre stadium ein vaksine må gjennom før han kan vera klar for marknaden. Først testar ein på nokre tital menneske. Då testar ein på nokre få først, utelukkande for å sjekka om vaksinen er trygg. Etter nokre veker testar ein på nokre fleire, og etter endå nokre fleire veker får nye menneske testa vaksinaen.

John-Arne Røttingen leiar Forskingsrådet. Men han leier òg ein internasjonal studie som skal sjå på kva medisin som kan ha effekt mot covid-19.
John-Arne Røttingen leiar Forskingsrådet. Men han leier òg ein internasjonal studie som skal sjå på kva medisin som kan ha effekt mot covid-19.

I fase to testar forskarane nokre hundre menneske. Framleis er det først og fremst tryggleik som er i fokus, men ein byrjar òg å sjå på immunrespons. Når dette er unnagjort, kan ein testa i stor skala.

— Samstundes som ein gjer det, kan ein byrja å vaksinera friske helsearbeidarar. Då kan vaksinen òg og få ei beskyttande effekt under utprøving, seier Grødeland.

Noko liknande gjorde ein under Ebola-utbrotet. Då vaksinerte ein dei som var i område med stor risiko medan ein elles var i siste testfase.

Som Khrono tidlegare har skrive, var noverande Forskingsråds-leiar John-Arne Røttingen sentral i dette arbeidet.

Prøver å lura

— Ein vaksine er eit medisinsk knep, skriv Jörn Klein i ein e-post til Khrono. Han er førsteamanuensis ved Institutt for sjukepleie og helsevitskap ved Universitetet i Søraust-Noreg, og jobbar særleg med mikrobiologi, epidemiologi, hygiene og smittevern.

Me ser ein heilt spesiell global dugnad no

Bjørg Dystvold Nilsson

— Vaksinen skal laga som kroppen er smitta med eit agressivt patogen som Sars-CoV-2. Dersom bedraget er vellukka, dannar immunsystemet spesifikke antistoff og T-celler for virusforsvar. Vaksinasjonar fører dermed til at det vert danna eit immunminne: Dersom det same patogenet startar ein infeksjon igjen, kan det spesifikke immunsystemet reagera direkte, og ofte så effektivt at det ikkje utviklar seg sjukdom i det heile, forklarar Klein.

Det er fleire miljø som no jobbar med vaksinar mot Sars-CoV-2, og nokre er i testfase 1. Førsteamanuensis Klein fortel at eit miljø ved Oxford University førebur ei fase tre-undersøking med 5000 frivillige. Det gjer at resultatet kan koma til hausten. Eit firma har sagt at dei ønskjer å produsera vaksinen – men ein veit førebels ikkje om han vil levera det forskarane håpar.

— Konkurranse er viktig, seier Gunnveig Grødeland.

— Det ser ut til at forskarane har litt ulike strategiar.

— Betyr det at ein kan få fleire korona-vaksinar på marknaden?

— Anten det, eller at ein får fleire vaksinar som stoppar rett før dei kjem på marknaden.

Håpar på medisin

Massevaksinasjon mot koronaviruset som no har råka heile verda vil nok ta halvtanna år endå, trur forskarane. Men håpet er at det òg kan finnast annan medisin som kan hjelpa dei som vert sjuke. Slik var det for svineinfluensaen i 2009, forklarar Rebecca Cox. Då hadde ein tamiflu dei sjuke kunne få.

NRK skreiv tidlegare i veka om at britiske forskarar skal testa seks ulike typar medisin, mellom anna ein norskutvikla, mot covid-19, og Røttingen i Forskingsrådet skal leia ein studie der ein undersøkjer om ein medisin mot malaria og ein annan som vert brukt mot ebola kan ha effekt.

Cox er professor i medisinsk virologi ved Universitetet i Bergen og leier Influensasenteret ved Haukeland universitetssjukehus. Men det er no stengt, UiB har stengt for annan aktivitet enn forsking på covid-19.

No slengjer Cox seg på sykkelen medan ho snakkar med Khrono.

Saman med kollegaer har ho framstilt korona-proteinet. Men miljøet ved UiB og Haukeland universitetssjukehus skal ho ikkje jobba fram ein vaksine no.

— Me testar dei som har fått påvist viruset, og trur me kan verta ein teststad for ein vaksine, seier Cox.

— Etter massevaksinasjonen mot svineinfluensa var det fleire som fekk narkolepsi. Er det nokre usikkerheiter knytt til at vaksinar vert utvikla fort?

— Narkolepsien hadde ingenting med at det gjekk fort å gjera. Svineinfluensa kan gi denne sjukdommen, og det viste seg at det var nokre av dei som fekk vaksinen som var pre-disponerte for denne sjukdommen, forklarar professoren, og held fram:

— Mot influensa har ein hatt ein vaksine i femti år. Det betyr at ein har ein vaksine ein kan bruka, men ein byter pandemivirus i vaksinen. Når det gjeld koronaviruset no, kan ein nok bruka noko frå vaksinane mot Sars og Mers.

Professor Rebecca Cox jobbar ikkje med ein vaksine no, men ho jobbar med testar frå pasientar som har hatt covid-19.
Professor Rebecca Cox jobbar ikkje med ein vaksine no, men ho jobbar med testar frå pasientar som har hatt covid-19.

Økonomisk risiko

Men korleis skal ein sikra at alle får tilgang til ein vaksine?

— Cepi har lagt klare føringar for dette. Det skal vera ein pris som gjer at alle skal kunne betala, seier Gunnveig Grødeland.

— Men samstundes er det jo slik at det ikkje er alle deler av verda der helsepersonell er tillitsvekkjande, i alle fall ikkje helsepersonell som skal setja vaksinar, legg ho til.

Nilsson i Cepi seier at dei arbeider med produsentar slik at ein kan få vaksinane så nær dei ulike marknadane som mogleg. Ho seier òg at grunnen til at vaksineutviklinga skjer raskare enn vanleg er fordi ein kan gjera ting som ein vanlegvis gjer i sekvens parallelt.

— Me kan starta førebuingane til neste fase for ein vaksinekandidat før me veit om han kjem til å lukkast. Det betyr at me tek mykje større økonomisk risiko enn vanleg. Me risierer å tapa dei pengane me har investert for å gjera klar dei neste fasane, og det er me villige til å gjera - fordi tida er så viktig. Jo tidlegare me får ei trygg og effektiv vaksine på plass, jo tidlegare kan me koma attende til ein normaltilstand, skriv ho.

Takksam for vaksinasjonsprogram

Infeksjonssjukdommar har ein alltid hatt, og tidlegare generasjonar har mellom anna vore gjennom både raude hundar og meslingar. Vaksine mot desse sjukdommane er som kjent no ein del av barnevaksinasjonsprogrammet. Vaksine mot SARS-CoV-2 kjem truleg ikkje inn der, trur Grødeland. Grunnen til det er at covid-19 ser ut til å gi låg grad av både alvorleg sjukdom og død i majoriteten av innbyggjarane som ikkje høyrer til i ei risikogruppe – noko som er eit krav for å koma inn i barnevaksinasjonsprogrammet i Noreg.

— Me skal vera takksame for barnevaksinasjonsprogrammet seier Rebecca Cox, som òg trur det vil ta tid før ein kan koma i gang med massevaksinasjon mot koronaviruset.

— Men me trur me har bekjempa alt, seier ho, og let det henga i lufta.