havforskingsinstituttet
Kan gå mot oppseiingar ved Havforskingsinstituttet
Havforskingsinstuttet må nedbemanna med hundre tilsette. Så langt er berre 16 sluttpakkar innvilga.

Havforskingsinstituttet har omlag tusen tilsette. Hundre av dei må vekk, og nokre av dei vil truleg oppleva at dei vert sagt opp.
— Me prøver oss først med frivillige ordningar, men me kan ikkje sjå vekk frå oppseiingar. Den vidare prosessen vil gi svar på det, seier direktør Nils Gunnar Kvamstø til Bergens Tidende.
I haust vart det sendt ut tilbod om sluttpakkar. 26 medarbeidarar søkte, og førebels er det innvilga 16 sluttpakkar.
Pakkane er etterløn i mellom seks og tolv månader, etter ansiennitet.
Hundre millionar i minus
Det er, som for andre i sektoren, dårlege økonomiske tider som er årsaka til at Havforskingsinstituttet no må nedbemanna. Det har vore kjent eit par år at det gjekk i motbakke. Allereie før jul i 2022 sa den då ganske ferske havforskingsdirektøren til Khrono at den økonomiske situasjonen var verre enn eg trudde.
— Tidlegare i haust sa eg på eit allmøte at me var i ein alvorleg økonomisk situasjon, men ikkje så alvorleg at det var behov for å seia nokon opp. Eg tok feil, sa Kvamstø.
Då var det allereie nedbemanning i reiarlagsdelen av Havforskingsinstituttet (HI). Sidan den tid har det mellom anna vorte innført tilsetjingsstopp. Men dersom det ikkje vert gjort tiltak, vil underskotet verta hundre millionar kroner i året, har Kvamstø sagt i haust.
Ikkje konklusjon i år
BA skreiv i november at det nedbemanninga skal skje i løpet av dei neste tre åra. Ein del av nedbemanninga vil koma gjennom naturleg avgang.
Kor tid det er klart kven som eventuelt misser jobben, er framleis ikkje klart.
— Prosessen er i gang, men mykje gjenstår til det nye året, seier Kvamstø til BT i dag.
Avisa har snakka med fleire tillitsvalde som seier at medlemmene deira har det vanskeleg.
— Å ta juleferie med så mange spørsmål som me ikkje veit svaret på, er ein vanskeleg situasjon, seier Ragnfrid Magnor-Jensen til BT.
Ho er tillitsvald i Delta, med omlag hundre medlemmer ved HI.
Terje van der Meeren er tillitsvalt for Havforskerlaget. Han seier at nokre tilsette no vurderer om dei må sjå seg om etter andre jobbar.