Kan få godkjent korona-innsats som praksis

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ordinær praksis for helse- og sosialfagstudentar ved Høgskulen på Vestlandet utgår resten av våren, men studentar med korona-jobb kan få arbeidet godkjent som praksis, skriv Vestnytt.

— Fakultetet ønskjer å bidra til å løyse behovet for helse- og sosialfagleg personell i helseføretak og kommunar i samband med koronakrisa, samstundes som me skal sørge for at studentane skal nå sine læringsutbyte og halde oppe studieprogresjonen, skriv HVL i eit brev som har gått ut til fleire vestlandskommunar.

Dei utarbeider alternative løysingar som gjer at studentar som allereie er i eit tilsetjingsforhold, eller som går inn i løna arbeid med bakgrunn i koronapandemien, kan få godkjent dette som eitt av praksisemna i studieprogrammet sitt. Dei studentane som ikkje er i eit arbeidsforhold, men som ynskjer å melde seg til teneste, må gjere dette via beredskapsutlysingar i helseføretak og kommunar.

(Joar Hystad / Khrono)

Powered by Labrador CMS