Forskningsrådet skal evaluere norsk rettsvitskapleg forsking. Her forskningssdirektør John-Arne Røttingen. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Forskingsrådet skal evaluere norsk rettsvitskapeleg forsking

Forskingskvalitet. Forskingsrådet avkreftar at evaluering av norsk rettsvitskapeleg forsking skjer som følgje av Nav-skandalen og påfølgjande medieoppslag.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskingsrådet skal setje i verk ei evaluering av kvaliteten på norsk rettsvitskapleg forsking. Både kvaliteten på forskinga, men også relevansen for utdanninga og samfunnsoppdraget skal vurderast. Det skriv Forskingsrådet i ei pressemelding.

Med evalueringa ønskjer Forskingsrådet også å setje lys på rammevilkåra for rettsvitskapeleg forsking i Noreg.

Evalueringa av rettsvitskap er ikkje utløyst av Nav-skandalen eller Khrono-oppslag.

Johannes Waage Løvhaug

Tidspunkt ikkje avhengig av Nav-skandalen

I samband med Nav-skandalen har Khrono tidlegare skrive om jussmiljøet som sidan 2014 har etterspurt pengar frå Forskingsrådet til eit forskingsprogram og EU-rett og trygdeeksport, men ikkje fått gjennomslag. Tre jussdekanar har også skrive om det dei oppfattar som ei manglande satsing på juridisk forsking.

Forskingsrådet avkreftar at dette har vore utslagsgjevande for å setje i verk evalueringa no.

— Er denne evalueringa initiert eller sett i gang no på bakgrunn av Nav-skandelen og Khrono sine oppslag?

— Evalueringa av rettsvitskap er ikkje utløyst av Nav-skandalen eller Khrono-oppslag. Planlegginga av denne evalueringa har gått føre seg i lang tid og i tett dialog med dekanane for dei juridiske fakulteta, skriv avdelingsdirektør for Universitets- og høgskulepolitikk i Forskingsrådet, Johannes Waage Løvhaug, i ein e-post.

— Om evalueringa ikkje skjer på bakgrunn av dette, kvifor skjer den då akkurat no?

Tidspunktet er valt fordi det er lenge sidan rettsvitskap er blitt evaluert. Den siste fagevalueringa var i 2009 og det er normalt med 10-års syklusar på fagevalueringane. Vi har over dei siste åra evaluert dei humanistiske faga (HUMEVAL) og samfunnsvitskapelege faga (SAMEVAL) og no var turen kome til rettsvitskap, skriv Waage Løvhaug og legg til:

— Forskingsrådet ønskjer også å prøve ut ein litt annan modell for evaluering av fag enn tidlegare. Det er ein annan grunn til at dette er eit gunstig tidspunkt.

Har invitert instituasjonane til å bidra

Forskingsrådet vil med andre ord bruke denne evalueringa som pilot for ein ny modell for fagevaluering. Den nye måten å evaluere på skal gi moglegheiter for tilpasning av mandat og evalueringskriterier til institusjonane sine strategiar og formål, ifølgje Forskingsrådet.

Difor er alle forskingsinstitusjonar med forsking innanfor rettsvitskap inviterte til å melde interesse for å delta i planlegging og gjennomføring av evalueringa. Datainnsamling skal setjast i gang nærare sommaren, ifølgje Forskingsrådet.

Evalueringa skal ferdigstillast våren 2021 og skal munne ut i anbefalingar til institusjonane, Forskingsrådet og departementa.

Forskningsrådet skal ifølge sine vedtekter evaluere norsk forskning. Den siste evalueringen av rettsvitenskapelig forskning ble gjort i 2009.

Powered by Labrador CMS