adventskalender

Juleynske: Meir internasjonalt samarbeid

Auka spenning i verda og sjokket over at ein mogleg russisk spion har gått i gangane på jobb har prega 2022 for Marcela Douglas.

Marcela Douglas er leiar for Senter for fredsstudium ved UiT Noregs arktiske universitet.
Publisert Sist oppdatert

Marcela Douglas er leiar ved Senter for fredsstudium ved UiT Noregs arktiske universitet.

FAKTA

Adventskalender 2022

  • I dagane fram mot jul vil du møta kjende og ukjende personar i og rundt universiteta, høgskulane og institutta våre.
  • Dei skal få oppsummera året som har gått, og dei skal få koma med ynske for 2023.
  • I dag møter du Marcela Douglas er leiar for Senter for fredsstudium ved UiT Noregs arktiske universitet.

— Korleis vil du oppsummere 2022 med universitets- og høgskulebrillene på?

— Auka spenning! Me ved Senter for fredsstudium er 20 år i år. Senteret vart til i ei tid der optimismen og framtidstrua var sterk. I dag er situasjonen annleis, men auka spenning og ein ny invasjonskrig i vår verdsdel, som går inn på oss alle. Det forsterkar trua på kor viktig forsking og utdanning knytt til fred og konflikt er for å styrkja demokratiet.

— Kva er det kjekkaste du har vore med på i universitet- og høgskuleverda i år, og kvifor?

— Det var då regjeringa opna for fysisk undervising ved universiteta! Å oppleva at studentar og tilsette var tilbake på campus var stort. Eg har lært mykje om digital undervising, og digital møteleiing, men interaksjon er lettare når du møter folk ansikt til ansikt. Det er best!

— Kva har vore den største utfordringa, slik du ser det?

— Sjokket over å ha hatt ein mogleg russisk spion rundt oss på senteret.

— Kva er ditt juleynske for universiteta- og høgskulane?

— Mer internasjonalt samarbeid. Me står overfor utfordringar som krev at heile det globale samfunnet samarbeider.

— Kva skal du gjera i jula?

Eg skal vera med familien min i Tromsø, og slappa av med mykje god mat.

Powered by Labrador CMS