Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
Val. Det skjer mykje i Europa me bør ta inn i debatten heime, seier Joachim Børlie. Han stiller til val som internasjonalt ansvarleg i Norsk studentorganisasjon.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Både inn- og utveksling er viktig, for å bygga kulturell forståing og kulturell kapital.
Det seier Joachim Børlie.
25-åringen reiste, som han sjølv seier, frå bygda på Austlandet til Stavanger. Han er nesten ferdig med lektorutdanninga, men har no permisjon for å vera leiar i StudentOrganisasjonen StOR ved Universitetet i Stavanger (UiS). I vår stiller han til val som internasjonalt ansvarleg i Norsk studentorganisasjon (NSO).
— Det skjer mykje i Europa, til dømes innan likestilling og velferd, som me bør ta inn i debatten heime. Me må ha augene opne for kva som skjer ute, og ikkje minst er det viktig med ein felles internasjonal dugnad for å nå berekraftmåla, seier Børlie.
Han peikar på Students at Risk-ordninga som ei viktig internasjonal sak. Ordninga gir studentaktivistar som har vorte utvist, forfølgt eller fengsla i heimlandet grunna politisk engasjement for menneskerettar og demokratiutvikling, moglegheit til å fullføra studia sine i Noreg.
— Ordninga er eit godt bistandsverktøy, og kan òg gi meir kompetanse om demokrati, seier Børlie.
Studentleiaren meiner altså at både inn- og utveksling er viktig. Men han er ikkje samd med tidlegare forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø i at ein bør vurdera å gjera utveksling obligatorisk.
— Alle bør ha moglegheit til å reisa på utveksling. Slik det er i dag, er det ein del som opplever problem med å få godkjent emne dei tek ute, seier Børlie.
— Kvifor stiller du til val?
— Eg har site to år i arbeidsutvalet ved StOr, og synest det er givande å jobba for studentane. No ønskjer eg å halda fram på nasjonalt nivå.
Børlie seier at han særleg det siste året, etter at UiS vart ein del av eit europeisk nettverk, har fått augene opp for alt som skjer internasjonalt i sektoren.
— Eg ønskjer å bidra med den kompetansen eg har.
Nylige artikler
Framtiden for islamstudier i Norge
Arbeidsrelevans skapes først og fremst i arbeid
Brukte fire ekstra månader: — Ei evigheitsmyr
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Ingen har disse tre studiene som førstevalg
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Disse studiene har bare kvinner satt øverst på listen
Vi forbereder studentene på en verden som ikke eksisterer
Studien hevdet at ChatGPT ga bedre læring. Nå er den trukket tilbake
Forskeren ble stadig mer irritert, forsøkte til slutt å forgifte kollegaen