Professor Gunnar AAKVAAG, UiT

— Intellektuelt sjølvmord å skrive sakprosa på norsk

Sosiolog Gunnar C. Aakvaag filleristar tellekantar og akademikarar som overlét sakprosaen til journalistar.

Professor ved UiT Norges arktiske universitet, Gunnar C. Aakvaag, har skapt debatt i Morgenbladet sine spalter i sommar.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tidlegare i sommar starta professor i sosiologi og kommentator i Morgenbladet, Gunnar C. Aakvaag, ein debatt om det han meiner er ein tendens som truar rasjonaliteten i det offentlege ordskiftet.

«Journalistenes inntog i sakprosaen svekker samfunnets intellektuelle beredskap». Det er overskrifta til kommentaren som kom på trykk i avisa i midten av juni.

— Eg har alltid vore ein habermasianar. Den tyske filosofen og sosiologen Jürgen Habermas har vore ei leiarstjerne heile livet. Det han har lagt stor vekt på er offentlegheita i eit velfungerande demokratisk samfunn. Difor ser eg alltid på kva som kan true rasjonaliteten i det offentlege ordskiftet. Den norske offentlegheita treng dei mange gode allmennretta sakprosabøkene og det har vore tradisjon for at norske forskarar skriv desse for eit breiare publikum, fortel Aakvag til Khrono.

Men på 2000-talet skjedde det noko. Journalistane kom inn og utfordra forskarane sitt hegemoni på arenaen. Med sine person- og opplevingsdrivne måtar å skrive på, journalistifiserte dei sakprosaen, meiner Aakvaag.

— Det er ein uheldig tendens. Sakprosaen skal gå meir i djupna enn det den daglege journalistikken skal gjere. Sakprosaen handlar om å gi informasjon om korleis verda ser ut. Journalistane brukar personifisering og levd liv i sine bøker. Som lesar får du ei oppleving, men du lærer ingenting nytt. Ein får ikkje innsikt eller forståing. Til det treng ein teori, og det mistar vi, seier Aakvaag.

Aakvaag er uroa for konsekvensane av det han meiner er ein meir teorifattig allmennretta sakprosa i Noreg.

Teorifattig sakprosa

Og det er her kjerna i Aakvaag si uro ligg: Sakprosaen har blitt teorifattig, meiner han.

— For meg er dette svært uheldig. Dersom ein skal ha myndige borgarar som kan forhalde seg kritisk til sine omgivnader, så treng ein teori. Utan er du sjanselaus, seier Aakvaag.

Det er altså ikkje det at journalistar skriv sakprosa som eigentleg er problemet, men det er konsekvensane av at dei journalistiske verkemidla har fått eit jerngrep på sakprosaen som Aakvaag er uroa for.

Og ja, han innrømmer å ha brukt eit journalistisk verkemiddel sjølv, i spissinga, i den første teksta som stod på trykk, for å få fram bodskapen.

Fleire har teke til motmæle i Morgenbladet sine spalter. Blant dei forfatter Erika Fatland og noverande og tidlegare generalsekretærar i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO), Arne Vestbø og Tore Slaatta.

Men sjølv om han først og fremst kritiserer ein tendens, så sparker Aakvaag mot både aktørar og strukturar som kan ha skuld i at det har blitt slik.

Han ansvarleggjer fleire: Forlagsredaktørar må trykke bøker som er meir teoritunge, anmeldarar må bli ivrigare på å vurdere bøker med teoretisk og meir abstrakt terminologi, bokhandlarane må profilere dei og folk må kjøpe og lese dei.

Og journalistane må bli mindre redde for å bruke teori i sine sakprosa-bøker.

— Journalistar har ein tendens til å undervurdere dei intellektuelle ressursane til folk. Dei undervurderer ofte folk så mykje at dei gøymer vekk teorien. Dei tenker det finst ein elite og så vanlege folk, og at dei skal fungere som bindeledd mellom der. Den journalistiske bakgrunnen finn du også blant fleire i såkalla portvoktar-roller, som forlagsredaktørar, redaktørar i tidsskrift og aviser. Ein er så oppteken av å ikkje miste lesaren og dermed kuttar ein heller all fagterminologi, seier Aakvaag.

— Forskarar må på bana

Men i større monn enn å gå laust på korleis dei journalistiske verkemiddela har sett sitt preg på sakprosaen, og ifølgje Aakvaag gjort den mindre teoririk, så vender han seg heller mot aktørar og strukturar i akademia: forskarane sjølve og det såkalla tellekantsystemet.

— Eg kritiserer vel så mykje forskarar som trekk seg ut og ikkje vil skrive allmennretta sakprosa, seier Aakvaag.

Han er klinkande klar på at systemet i dag er rigga på ein slik måte at det ikkje er merriterande å skrive allmennretta sakprosabøker på norsk.

— Ein kjem ikkje unna at tellekantsystemet disfavoriserer publisering på norsk. Det er eigentleg ein invitasjon til intellektuelt sjølvmord å bruke tid på å skrive sakprosa på norsk, seier Aakvaag.

Sjølv om han meiner det også er fleire positive sider ved tellekantsystemet og at det er bra at norske forskarar gjer seg gjeldande internasjonalt, meiner han at heile insentivsystemet i akademia går i feil retning.

— Gullstandarden er fagfellevurderte artiklar i internasjonale tidsskrift og innhenting av eksterne forskningspengar. Det er opplagt positive konsekvensar av systemet, men det har også mange negative. Og det verkar ikkje som det er mykje vilje til å gjere noko med det. Det ein då må vere merksame på er at det bidreg til å setje noko under press, noko som er ei grunnleggande viktig årsak til at vi har ei så velfungerande offentlegheit her i landet: gode, allmennretta sakprosabøker på norsk, seier Aakvaag og meiner ein tek høg risiko ved å ikkje gjere noko med det.

Men Aakvaag meiner ein ikkje kan stoppe opp og stirre seg blinde på systemet.

— Vi forskarar må sjå på oss sjølve og kva vi eigentleg driv med. Slik systemet er no, såer det mykje meir rom for å skrive sakprosa. Det er mange som har gode føresetnader for å gjere det. Difor må folk skjerpe seg! Dersom vi vil ha ei sakleg og velfungerande offentlegheit, så må forskarane på bana, seier Aakvag.

Professor Aakvaag meiner fast tilsette ved norske universitet og høgskular har ei plikt overfor norske samfunnsborgarar om å skrive fleire sakprosabøker.

Meiner formidlinga er stemoderleg behandla

Han siktar først og fremst til dei som er fast tilsette ved offentlige universitet og høgskular. Det er dei han legg børa på.

— Eg er fast tilsett og treng ikkje å tenke på karrierejaget, men det som er fagleg og samfunnsmessig viktig. Allmennretta sakprosabøker på norsk er for min del mykje viktigare enn å skrive mange internasjonale tidsskriftsartiklar, seier Aakvaag, som sjølv har skrive to sakprosabøker og sit med manuset til enda ei i desse dagar.

Sjølv om han ikkje vil legge børa på dei mellombels tilsette, meiner han likevel at det er uheldig dersom ein får ein framveksande generasjon akademikarar som blir vande med å berre skrive internasjonale tidsskriftartiklar.

— Dei vil etterkvart ikkje vere fortrulege med å skrive sakprosa på norsk. Det er ein uheldig tendens som eg vil motvirke. Ein ser jo at det i utlysingar til forskarstillingar er meir og meir viktig å kunne vise til innhenting av ekstern finansiering og internasjonale fagfellevurderte artiklar, seier Aakvaag og uroar seg for vekting og balanse.

Difor har han ei viktig påminning til akademikarar og dei som er ansvarleg for tellekantsystemet:

— I universitets- og høgskulelova står det at universitetetstilsette i sitt samfunnsoppdrag skal gjere tre ting: forske, undervise og formidle. Det er formidlingsbiten som har blitt stemoderleg behandla. Ein kan løfte dette opp på systemnivå, men eg meiner også at fast tilsette innanfor dagens system har full fridom og kan skrive meir sakprosa. Det er ei plikt dei har overfor norske samfunnsborgarar, seier Aakvaag.

Powered by Labrador CMS