Trakassering
Instruktør blei dømt for seksuell trakassering av student. No skal Elden forsvare han i Høgsterett
Kursinstruktøren blei frikjend i tingretten, dømt i lagmannsretten og anka dommen. No skal Høgsterett ta stilling til saka.

Det var i
februar 2020 at kvinna, som var student ved Politihøgskulen i Stavern, var med på
eit kurs i sanitet, der mannen var hovudinstruktør. Mannen som er i 30-åra,
skulle mellom anna vise studentane korleis ein undersøker pasientar.
Ifølgje dommen frå Agder lagmannsrett rettleia mannen to studentar i korleis ein skal sjå etter blødningar, då han førte handa si opp og ned på insida av låra, på innsida av buksa til kvinna. Då han var ferdig, spurte han: «Føler du deg voldtatt nå?». Kvinna svarte nei til dette, og mannens respons på dette var at «da gjorde jeg ikke jobben min godt nok».
Det er primært desse utsegnene som Høgsterett no skal ta stilling til om er å rekne som seksuell trakassering eller ikkje.
Kjende seg ikkje krenka
Ifølgje Rett24 fortalte kvinna sjølv, då saka var oppe i tingretten, at ho ikkje kjende seg krenka. Derimot opplevde ho det som hende i etterkant som vanskeleg. Då vart ho oppsøkt av kursleiaren, som var blitt varsla om saka frå andre.
Kvinna skal ha ønskt å legge saka død, men Politihøgskulen valde likevel å melde saka.
Meddommarane som frikjente mannen, la vekt på påstanden om at det ikkje låg eit seksuelt motiv bak handlinga, og at kvinna sjølv ikkje hadde kjend seg krenka.
Fagdommaren meinte på si side at mannen handla «godt utenfor dagens norm for hva som kan aksepteres av adferd og uttalelser av seksualisert preg i en normal undervisningssituasjon», ifølgje Rett24.
Spesialeininga for politisaker anka saka.
I Agder lagmannsrett konkluderte dommarane samrøystes med at forholdet var straffbart, og mannen vart dømt til bot på 12.000 kroner, i tråd med aktors opphavlege påstand.
«Åpenbart seksuell tilknytning»
«Referansen til voldtekt har åpenbart seksuell tilknytning» og «kan ikke anses å være en straffri uforsiktig eller klønete opptreden», heiter det mellom anna i dommen.
No blir det altså opp til Høgsterett å trekke grensene, etter at politiinstruktøren anka dommen.
Ifølgje Rett24 har Høgsterett ein høgare terskel enn vanleg for å nekte å ta saka, fordi mannen først vart frikjend i tingretten og sidan dømt i lagmannsretten. Medlemmene i ankeutvalet kan berre nekte at saka blir fremja dersom dei er sikre på at saka ikkje vil føre fram.
Mannen sin forsvarar, Carl Henning Leknesund, har informert Khrono om at advokat John Christian Elden er oppnemnd som mannen sin forsvarar i samband med handsaminga i Høgsterett.
Khrono forsøkte fredag å kome i kontakt med Elden, uten hell. Det er også uvisst kva tid saka kjem opp i Høgsterett.
— Oppmodar til å seie frå
Khrono har vore i kontakt med Politihøgskulen, og mellom anna spurt kvifor dei valde å melde saka sjølv om kvinna fortalte at ho ikkje følte seg krenka, og at ho ønskte å legga saka død.
— Politihøgskulen har eit sjølvstendig ansvar for å vurdere saker vi får kjennskap til. Vi oppmodar studentar til å seie frå om uønskte hendingar dei opplever, og derfor ser vi det som svært vesentleg at vi faktisk tar desse sakene på stort alvor, seier pressevakt ved Politihøgskolen, Runar Kvernen.
Når det gjeld denne konkrete saka, peikar Kvernen på at det også var andre studentar som reagerte.
— Vi valde å bringa saka inn for Spesialeininga. Vi noterer oss at saka har gått gjennom rettsapparatet, og avventar no avgjersla frå Høgsterett, seier han.
Nyeste artikler
Universiteter og høgskoler venter spent på pakken for finansiering
Reagerer på at «alle» får statsstøtte, men ikke de
Vrangsyn, stråmenn og tvisyn
Hvordan lykkes med å utdanne entreprenører?
Stipendiatlivet er ikke bare negativt
Mest lest
Norske ministre er de lavest utdannete i verden
De hadde aldri sett en student bruke en så avansert metode. Hun ble utestengt for fusk
Anbefaler ingen å bli stipendiat. — Tøft valg
Endte med 19 knivstikk etter møte med student. — Føler ikke sinne
«Oslo-erklæring» om ME møter motstand. — Bør lytte til majoriteten av pasientgruppen