T:lab blir største eigar i NTNU Accel
Inkubator. Selskapet T:Lab kjøper NTNU Technology Transfer sin eigardel i NTNU-inkubator.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det Steinkjer-baserte selskapet T:lab, som til no har vore ein liten aksjonær i NTNU Accel, blir no største eigar i inkubator-selskapet med 59 prosent av aksjane.
— Med dette oppkjøpet er vi i ein posisjon til å bistå fleire gründarar, på fleire lokasjonar, og med eit breiare tenestespekter, seier Håvard Belbo, dagleg leiar i T:Lab, i ei pressemelding.
Sjølv om vi no formelt har bestemt oss for å avhende vårt eigarskap, vil NTNU TTO ha same strategiske interesse av å jobbe tett med miljøet som er bygd opp gjennom NTNU Accel.
Stein Eggan
Framleis samarbeid
NTNU Technology Transfer (TTO) tok initiativet til etableringa av NTNU Accel i 2013, og har hittil vore største eigar i selskapet.
Bakgrunnen for etableringa var å styrke økosystemet for kunnskapsbasert nyskaping i Midt-Noreg. Dette skulle gjerast ved å utvikle nye kunnskapsbaserte bedrifter med konkurransekraft i globale marknader.
Administrerende direktør i NTNU TTO, Stein Eggan, meiner tida no er inne for å overlate den vidare drifta til eigarar som har dette som si kjerneverksemd.
— Sjølv om vi no formelt har bestemt oss for å avhende vårt eigarskap i NTNU Accel vil NTNU TTO og NTNU ha same strategiske interesse av å jobbe tett med miljøet som er bygd opp gjennom NTNU Accel framover, på lik linje med dei andre miljøa som eksisterer i Midt-Noreg og Noreg for øvrig, seier Eggan i pressemeldinga.
Nytt namn
I samband med salet endrar NTNU Accel namn til 6:am, skriv Trønderavisa.
Andre medeigarar i 6:am er det statlege selskapet Siva, SMN Invest, Trønderenergi, Proneo, Startuplab og Sintef-selskapet Sinvent.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!