Kjøkkenet i smarthuset som vart opna på NTNU på Gløshaugen fredag. Foto: Kai T. Dragland/NTNU

Opna nytt smarthus-laboratorium

Innovasjon. Det nyopna smarthuset blir del av Noregs Smart Grid-laboratorium ­på NTNU.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Med støtte frå Forskingsrådet si «Nasjonal satsing på forskningsinfrastruktur», har NTNU og SINTEF etablert eit Smart Grid-laboratorium på Gløshaugen.

FAKTA

Utstyr i smarthuset:

  • Varmtvannstank
  • Gjennomstrømningsvarmer (vann)
  • Stekeovn
  • Mikrobølgeovn
  • Induksjonstopp
  • Kjøle- og fryseskap
  • Varmepumper – luft-luft
  • Ventilasjonsvifte/ kjøkkenvifte
  • Vaskemaskin
  • Tørketrommel
  • Oppvaskmaskin
  • Batteri
  • Støvsugerrobot
  • TV
  • Musikkanlegg
  • Elbil-lading
  • Solcelleanlegg
  • Kaffemaskin
  • AMS-målere
  • 230 Volt forsyning (230 V IT)
  • 400 Volt forsyning (230/400 V TN)

Den siste byggesteinen i laboratoriet, «smarthuset», er nyleg ferdigstilt og fredag var det snorklipping og offisiell opning.

Tidlegare har hus vore forbrukarar av elektrisitet, i framtida vil fleire hus også kunne vere produsentar.

Eilif Hugo Hansen

Her skal forskarar og studentar teste ut og finne smarte elektriske løysingar for framtidas hus. Eilif Hugo Hansen er førsteamanuensis ved Institutt for elkraftteknikk ved NTNU.

— Målet er for øvrig at smarthuset aldri blir ferdig, fordi det skal heile tida utvikle seg ut frå kva slags behov vi har for å teste ut og forske på ulike elektriske løysingar, seier Hansen.

Viktig for læring og forsking

Hansen meiner det er viktig å få på plass denne forskings- og læringsarenaen.

Kjøleskapet i smarthuset, med stor interaktiv skjerm. Foto: Kai T. Dragland/NTNU

— Det norske distribusjonsnettet vil sjå heilt annleis ut i framtida. Tidlegare har hus vore forbrukarar av elektrisitet, i framtida vil fleire hus også kunne vere produsentar. No blir det også ei større samanfletting av det vanlege elkraftnettet og IKT, det er det viktig at våre studentar lærer seg og at vi får forska på, seier Hansen til Khrono.

I smarthuset er det lagt vekt på å kunne teste dei elektriske sidene av eit smarthus, som korleis elektriske apparat og utstyr med tilhøyrande styringar kan gi lågare straumrekning, redusert energibruk i timar med høge kraftprisar og redusert nettleige – utan å gå på kostnad av komfort.

Smart Grid-laboratoriet er realisert i perioda 2014-2019 med eit budsjett på ca. 42 millionar finansiert av Forskningsrådet (29 mill. kr.) og NTNU (13 mill. kr.).

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS