Ekstraordinært møte

I dag kan Sergej Lavrovs æresdoktorat på UiT ryke

Styret ved UiT – Noregs arktiske universitet kallar inn styret på kort varsel. På dagsorden: Sergej Lavrovs æresdoktorat.

Rektor Dag Rune Olsen ønskjer å vurdere kva UiT bør gjere med æresdoktoratet til den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov. Måndag er styret kalla inn til ekstraordinært møte.
Publisert Oppdatert

Berre dagar før den russiske invasjonen i Ukraina uttalte rektor ved UiT, Dag Rune Olsen, at æresdoktoratet til den russiske utanriksministeren, Sergej Lavrov, var «uproblematisk».

No er tonen ein annan, og måndag er styret ved UiT kalla inn for å vurdere Sergej Lavrovs æresdoktorat.

Søndag kveld varsla universitetet at det kunne bli aktuelt å vurdere retningslinjene på nytt, og at rektor ønskte ein debatt om retningslinjene for tildeling av æresdoktorat.

Styremøtet skal ta opp saka om Lavrovs æresdoktorat kl. 16.15 måndag. Møtet blir sendt/strømma direkte. Du kan følge det her:

Snudde etter invasjonen

Då Khrono først omtalte æresdoktoratet 18. februar, sa Olsen at det ikkje var aktuelt å kalle tilbake doktoratet.

Med situasjonen som har oppstått etter at Russland gjekk til angrep på Ukraina, og den generelle boikotten mot Russland, er det grunn til å tru at æresdoktoratet kan bli trekt tilbake på møtet i morgon. Det vil i så fall vere første gong det skjer i Noreg.

Den russiske utanriksministeren, Sergej Lavrov vart i 2013 gitt æresdoktorat ved institusjonen for sitt «fredsarbeid» og arbeidet avtalen om delelinja i Barentshavet. Samstundes vart også Jonas Gahr Støre gitt æresdoktorat. Støre forhandla som utanriksminister fram delelinjeavtalen i Barentshavet saman med Lavrov.

Lavrov kom ikkje til kreeringa i 2013. Først under besøk i Tromsø i oktober i fjor fekk Lavrov ta imot gåve og heider frå universitet og noverande rektor Dag Rune Olsen.

— Alltid problematisk

Det var den gong rektor ved UiT, Jarle Aarbakke, som tok initiativ til æresdoktoratet. Styret ved UiT vedtok i juni 2011 at den russiske utanriksministeren skulle få plass i universitetets «hall of fame».

På spørsmål om kva vurderingar som vart gjort, sa Aarbakke dette til Khrono, då ha vart intervjua rett før invasjonen:

— Det er alltid problematisk å utdele ærevisingar til sitjande politikarar, noko vi erkjente vil alle saman. Det er ikkje alt vi kan sjå på førehand. Lavrov har i ettertid vore med på mange konfliktar som ikkje akkurat er i tråd med det eg og dei andre i styret hadde sett for oss. Det skal eg ikkje legge skjul på.

— På den andre sida strekte han ut ei hand i møtet med den norske utanriksmnisteren Anniken Huitfeldt nyleg, og understreka betydninga av samarbeid på tvers, i forsking og utdanning, sa Aarbakke.

UiT har langt fleire æresdoktorar som ikkje er plukka frå vitskapsverda eller den akademiske sektoren enn dei andre norske universiteta. Blant dei er forfattaren Salman Rushdie og den tibetanske religiøse leiaren Dalai Lama – i tillegg til Lavrov. I Noreg er dette uvanleg, ifølgje universitetshistorikar John Peter Collet.

— Det ser for meg ut som UiT har gått veldig langt i å heidre politisk verksemd. Det har dei andre universiteta stort sett unngått, seier han i eit intervju med Khrono.

(Saken oppdateres)

Powered by Labrador CMS