styremøte
HVL-styret startar dagen med frukostmøte om krigen
Universitetsnamn og søkjartal på agendaen i vest.

Onsdag er det duka for årets tredje styremøte ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Sjå fullstendig saksliste her.
Dagens møtestad er Stord, nærare bestemt på Rommetveit, der me finn Noregs eldste noverande institusjon som tilbyr lærarutdanning.
Frukostmøte om krigen
Dagen på Stord startar rett nok før sjølve styremøte, klokka 08.15.
Då skal HVL-rektor Gunnar Yttri innleia eit frukostmøte i Trappeamfiet, som har fått namnet Kvifor gjekk Putin til krig mot Ukraina?
Resten av HVL-styret er på plass i amfiet som publikum, før dei ein dryg halvannan time etter tek fatt på styremøte, der det mellom anna Universitetsnamnet står på agendaen.
Som Khrono kunne melda i helga, er innstillinga at namnet på det komande universitetet skal vera Universitetet på Vestlandet.
Slik Khrono har forstått det, er det lite eller ingenting som tyder på at ikkje styret kjem til å vedta at nettopp dette blir namnet.
Søkjartal
Av andre vedtakssaker som skal handsamast denne onsdagen finn me etatsstyringsmøte 2020, status i strategiutviklingsarbeidet, styret si evaluering av eige arbeid og forslag om forretningsorden for styret ved HVL.
Søkjartal skal sjølvsagt også på bordet, men då desse ikkje blir offentleggjort før i dag, onsdag 27. april, er dei tilhøyrande sakspapira førebels unnateke offentlegheita.
Khrono er på plass på onsdagens styremøte, som kan sjåast ved å følgja denne lenka.
Nyeste artikler
— Den akademiske friheten har sunket til Sovjet-nivå
Er festen over? Om finansiering av akademia
Endring av lærerutdanningene, nok en gang
De yngste studentene leser minst pensum
Over 500 tvilsmeldinger om studenters skikkethet. 10 ble utestengt
Mest lest
Student brukte KI og fikk tidenes strengeste fuskestraff
Trump vil stoppe all støtte til universiteter som tillater ulovlige demonstrasjoner
Tjener 300.000 i året på bistilling: — Må være veldig bevisst på hvor grensene går
Harald Eia vil gi tilbake: — Jeg har vært en parasitt
Åpner for lønnet praksis og avvikling av masterkrav i lærerutdanningen