Røe Isaksen, lærarutdanning, general Patton og diamantar

Å krevje kvalitet på kort tid kan fort ende slik general Patton skal ha formulert: «Fatigue makes cowards of us all.» I dette innlegget ber førsteamanuensis, Arne Kåre Topphol, statsråd Isaksen om å utsette den nye lærarutdanninga.

Publisert   Sist oppdatert

Lærarutdanninga skal leggast om, og det skal skje raskt. Statsråd Torbjørn Røe Isaksen har gitt oss tidspress. Eit tidspress som ikkje kan foreinast med kravet om høg kvalitet. Statsråden avviser dette presset. Han heldt 28. april tale til over 300 lærarutdannarar. Høvet var Nasjonalt råd for lærerutdanning sin konferanse i samband med høyring av nasjonale retningslinjer for ny grunnskulelærarutdanning. Her er det han med enkel retorikk avviser tidspresset.

«Jeg er klar over at jeg har satt dere under et stort press», sa statsråden. Presset er at vi på få månader må lage lokale planar for ei ny femårig lærarutdanning.

«Dette ska’kke være en overfladisk glansvask av gamle planer. Det skal være en reell fornyelse, i tråd med det nye planverket, og med kvalitet, større innsats i studiene, som ledestjerner», sa statsråden. Det «nye planverket» han viser til var då ikkje ferdig. Den overordna forskrifta var ikkje klar, og nasjonale retningslinjer var ute på høyring. Nyleg kom vedteken forskrift, med endra premissar.

Retningslinjene ventar vi framleis på. Dei kjem til hausten og må vere tilpassa den nye forskrifta. Han har rett i at presset er stort. Våre planar for dei femårige utdanningane skal utviklast og gjerast ferdige på få månader, parallelt med at dei sentrale planane vert laga, i eit landskap som endrar seg frå ein dag til den neste.

Utdanningane skal innførast i august 2017. Lokale planar må vere godkjende i god tid før søknadsfristen i april 2017. Dette presset rettferdiggjorde Røe Isaksen ved å sitere general Patton: «Diamanter lages under press». Statsråden har sett oss under press for å trykke ut ein diamant av ei lærarutdanning.

Statsråden har sett oss under press for å trykke ut ein diamant av ei lærarutdanning.

Arne Kåre Topphol
Førsteamanuensis Høgskulen i Volda

Metaforbruk er risikabelt. Eg ser to moglege grunnar til at han nytta denne. Den eine er at han ville nytte sitatet humoristisk og litt fleipete for å avfeie eventuell kritikk. Den andre moglege grunnen eg ser er at han meinte alvor, at presset er vilja for å skape høg kvalitet. Eg vel å ta statsråden på alvor. Eg kan ikkje anna. Kvalitet på utdanninga er for viktig til å fleipe vekk så enkelt.

Statsråden har altså sett høgt press for å skape kvalitet, ein edelstein av ei utdanninga. Om det er mangel på naturfagleg kunnskap, eller medvite val om å oversjå slik kunnskap, skal eg ikkje ha sagt noko om, men statsråden let vere å nemne noko svært viktig. Det er rett at diamantar vert til under høgt trykk, og varme, men det er ikkje nok.

Diamantar av høg kvalitet krev lang tid, både i naturen si forming og i vår utvinning av dei. Karbon skal byggast opp, trykk og temperatur må verte høgt nok langt nede i jorda, naturen må få det edle resultatet til overflata, mennesket må grave fram og skilje diamanten frå tonnevis av grus og stein, og ikkje minst, ein dyktig diamantslipar må bruke kunnskap og tid på å foredle dei til det som funklar. Mykje kan gå gale om ein ikkje nyttar tida det krev.

Rett nok kan diamantar framstillast syntetisk, med langt mindre tidsbruk, men det har sine ulemper. Kvaliteten på syntetisk og raskt framstilte diamantar, har til no ikkje vore høg nok til anna enn industriell bruk. Der er metodar som gir kvalitetsdiamantar, men dei kostar meir å lage enn verdien dei har. Det kan ikkje vere slik diamantproduksjon Røe Isaksen mana til.

Røe Isaksen har som eit uttalt mål at den nye lærarutdanninga skal ha høg kvalitet. Der har han sektoren med seg. Når så tidspress ikkje skaper kvalitet, men snarare det motsette, kva kan då vere grunnen til slik hast? Ei forklaring kan vere at statsråden forvekslar tidspress med høgt trykk. Det bør han ikkje gjere. Høgt trykk i form av høge krav og press i form av lite tid er ikkje det same. Dei to dreg i ulik retning når det gjeld kvalitet. Ei anna forklaring kan vere at dette handlar om posisjonering og valet i 2017 – la oss vone at det ikkje er tilfelle.

Rådiamanten med høg kvalitet kjem frå trykk, varme og tid, men funklar først når ein kunnskapsrik slipar får arbeide med den. Kven er det som har denne kunnskapen? «Det er dere som har kunnskapen, det er dere som har legitimiteten», sa Røe Isaksen til oss 300. Kvifor ikkje då ta general Patton på ordet i det han også skal ha sagt: «Don’t tell people how to do things, tell them what to do and let them surprise you with their results.»

Så Røe Isaksen: Fortel oss diamantsliparane kva du vil ha, men overlat til oss å bestemme detaljane i innhald og korleis vi skal gjere det. Gi oss nok tid. Du burde først gitt tid til å arbeide godt med høyringane av dei sentrale planane. Det er no for seint. Gi oss difor tid til å utvikle lokale planar og modellar og bygge kompetansen du krev.

Dei endra premissane i forskrifta gjer ikkje dette mindre viktig. Å krevje kvalitet på kort tid kan fort ende slik general Patton skal ha formulert: «Fatigue makes cowards of us all.»

I talen «siterte» du ein av dine heltar, Winston Churchill: «Vi skal ha en lærerutdanning som ikke lover annet en blod, svette, slit og tårer». Eg er freista til å kome med følgjande sitat frå helten: «Courage is what it takes to stand up and speak; courage is also what it takes to sit down and listen.»

Mitt råd er: Ikkje prioriter å snakke, set deg heller ned og lytt til dei du hevdar har kunnskapen, og gi dei den tida det krev å lage diamanten du vil ha. Vis politisk mot. Utset innføring av den nye utdanninga til tidlegast august 2018. Vi skal gjere vårt beste for å levere ein kvalitetsdiamant.