høgskulen i volda

Høgskule­direktøren har sagt opp: Får prosjekt­stilling i tre år

Ann-Kristin Emblem har sagt opp stillinga si som høgskuledirektør.

Ann-Kristin Emblem sa opp stillinga si som høgskuledirektør 13.mars.
Publisert Sist oppdatert

Ann-Kristin Emblem har sagt opp stillinga si som høgskuledirektør.

Det kjem fram i ein e-post som prorektor Eirik Søvik har sendt ut til alle tilsette ved høgskulen.

Emblem skal inn i ei mellombels prosjektstilling ved høgskulen fram til april 2028. I 2028 fyller ho 65 år.

Usemje årsak

— Me fekk beskjed i dag om at Emblem har valt å seia opp stillinga si som høgskuledirektør. Årsaka er usemje mellom henne og styret, seier Silje Louise Dahl.

Ho har fungert som styreleiar i saka som enda med at Emblem vart sagt opp av høgskulestyret for eitt år sidan — eit vedtak som vart gjort om av Kunnskapsdepartementet i november.

— Får Emblem same løn som i dag?

— Eg har ingen fleire kommentarar, seier Dahl.

Konfliktfylt

Samarbeidet mellom både styret og direktøren og mellom direktøren og rektor Odd Helge Mjellem Tonheim har vore krevjande og pågått i snart halvanna år. 

Khrono skreiv første saka om konflikten i januar 2023. Då hadde høgskulestyret allereie vedteke at rektor var inhabil i saka mot direktøren, fordi han hadde varsla mot henne. 

Også styremedlem Bjørn Gunnar Tafjord, som òg er hovudtillitsvald i Forskerforbundet, vart funnen inhabil, sidan fagforeiningane ved høgskulen samla leverte eit varsel mot direktøren

I tillegg har styret vedteke at det ikkje har tillit til direktøren, og dei har òg teke frå henne mynde.

Møteverksemd

Då Khrono kom til høgskulen sitt ordinære styremøte i Ålesund torsdag føremiddag, var både Tonheim og Tafjord blant dei som var kasta på gangen medan resten av styret hadde møte. Emblem hadde meldt forfall til møtet onsdag.

Prorektor Eirik Søvik seier til Khrono at direktøren går over i prosjektstillinga umiddelbart.

— Har de konstituert ein ny høgskuledirektør?

— Nei, ikkje førebels, seier Søvik.

Khrono har prøvd å koma i kontakt med Emblem, utan hell.

Powered by Labrador CMS