Kortnytt

Høgare karaktersnitt frå vidaregåande

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Gjennomsnittskarakteren i fellesfaga i vidaregåande skule har auka frå 4,1 til 4,2. Det kjem fram i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Elevane som avslutta vidaregåande skule denne våren, hadde ikkje eksamen. Det kan vera noko av årsaka til at karaktersnittet har auka, men kunnskapsminister Guri Melby seier i pressemeldinga at ho ikkje trur det er heile årsaka.

— Då eksamenane vart avlyste, vart samstundes fristen for å setja standpunktkarakterar utsett. Dermed fekk skulane betre tid til å vurdera elevane. Desse faktorane kan ha medverka til at årets tal skil seg frå tidlegare år, seier Melby.

Karaktersnittet har stige jamt gjennom fleire år, men mest frå i fjor til i år. Utdanningsdirektoratet skal undersøkja kva som kan vera årsakene til årets endringar.

Dersom ein ser på dataa, finn ein at elevane har best karakter i norsk munnleg, med 4,6 i snitt. Engelskkarakteren er 4,5.

Som Khrono har skrive, var det fleire søkjarar enn nokon gong til høgare utdanning. Fleire av utdanningane har òg høgare poenggrenser for å koma inn enn tidlegare.

(Hilde Kristin Strand/ Khrono)

Powered by Labrador CMS