berekraft

Ho er student der statar kan bli slukt av havet

Bernadette Tunidau frå Fiji tok forteljingar om framtida med om bord på «Statsraad Lehmkhul».

Student, dansar og aktivist Bernadette Tunidau frå Fiji er på besøk i Bergen i samband med One Ocean Week, og for første gong i Europa. — Det er nesten litt surrelistisk å igjen gå om bord på «Statsraad Lehmkuhl» , denne gongen i ein heilt annan verdsdel, seier ho.
Publisert Oppdatert

— Eg er eigentleg dansar.

Bernadette Tunidau, ein student frå Fiji, står på det blankskura dekket på det gamle segl- og skuleskipet «Statsraad Lehmkuhl», som nyleg er klappa til kai i heimbyen Bergen etter ei nesten to år lang reise kloden rundt. Om nokre timar skal den norske statsministeren smake på innovative sjømatprodukt.

Fakta

One Ocean Week

  • Havveka, eller One Ocean Week blir arrangert i Bergen denne veka, og blir arrangert i kjølvatnet av heimkomsten til seglskipet «Statsraad Lehmkuhl», som har vore på ei jordomsegling der forsking på berekraftig hav og klima har stått sentralt.
  • Konferansen er eit samarbeid mellom akademia, næringsliv og organisasjonar innan hav, miljø og berekraft i globalt perspektiv og skal bli eit årleg arrangement.
  • Universitetet i Bergen har frå FN fått ansvar for den vitskapelege forvaltning av FNs berekraftmål 14, som handlar om livet i havet. Det har utløyst ei rad forskings- og utdanningsprosjekt knytt til hav, klima og berekraft.
  • Eitt av desse er prosjektet Island «Lives, Ocean States», leia av professor sosialantropologi, Edvard Hviding. Målet er å utvikle tverrfaglege analysar og løysingar til utfordringane for folk i stillehavsregionen: korleis beskytte trua land og havterritorium mot konsekvensane av klimaendringane.

Byen vrimlar av prominensar i ulike valørar og nasjonalitetar under den første One Ocean Week, som denne veka samlar det som kan krype og symje av forskarar, politikarar, diplomatar og entreprenørar – og kongelege — med berekraftig hav og klima i kikkerten.

Ekspertane som kjem til FNs havkonferanse om klimaeffektar i regi av Havforskingsinstituttet, som er ein av del av havveka i Bergen, samlar åleine 600 ekspertar frå 70 land.

Så kva har ein dansar frå Fiji med dette å gjere?

Historia om kunnskap

Jau, imens alt dette skjer i det våryre Bergen, står fleire nasjonar i fare for å bokstaveleg talt forsvinne i havet på den andre sida av kloden. Tuvalu, Palau, Kiribati. Namn på øystatar som kan bli historie på grunn av stigande havnivå. Og alt dette veit vi, veit forskarane, veit politikarane, og har visst lenge.

— No handlar det om å bremse, reparere og finne tiltak for å leve med klimaendringane, seier Tunidau, som er student ved University of the South Pacific.

Ingen har bidratt mindre, og er samstudes hardare ramma av klimakrisa enn øybuarane i Stillehavet.

Det handlar om å finne nøklar som kan få dette til å skje raskare. Det er her dansen kjem inn.

Dans, song, kunst og kultur, det er det som eigentleg er Tunidaus greie. Og i denne veven finst dei munnlege forteljartradisjonane på Fiji, kalla talanoa, som betyr noko slikt som samtale, dialog, utveksling.

Talanoa, denne særeigne historieforteljinga er svært utbreidd på Fiji, sidan det meste av historia og forteljingane vi har om oss sjølve som folk ikkje er dokumenterte og nedskrivne. Dei blir berre formidla når vi set oss ned og snakkar saman. Eg kjem sjølv frå ein fiskarfamilie, der veldig mykje kunnskap om havet, finst i desse forteljingane. Denne kunnskapen er verdifull å ta med i møte med vitskapen, seier Tunidau.

«Statsraaden» segla nærast på bestilling inn i farvatna hennar.

Berekraftige liv

Ho og ei gruppe andre studentar frå regionen vart invitert til å bli med i tre veker og ta Universitetet i Bergens såkalla SDG 200-kurs. UiB blei i 2018 tildelt eit spesielt ansvar for FNs berekraftsmål 14 (Sustainable devlopment goal/SDG) 14, om livet i havet. Dette utløyste ei omfattande fagleg satsing, der også ekspedisjonen til «Statsraad Lehmkuhl» har vore sentral. Ulike stader rundt i verda er studentar blitt inviterte til å bli med på kurs om bord.

— Dette kom som ein perfekt sjanse for meg og dei andre studentane frå regionen vår. Om bord tok vi talanoa i bruk som metode, i utvekslinga av erfaringar, tankar, kunnskap og historier dei norske studentane om bord, seier Tunidau.

Ho hadde fullført ein grad i internasjonal business, marknadsføring og turisme – det er der mange av jobbane finst på Fiji. Ho hadde gått vidare med juss og samfunnsvitskap. Og kvifor ikkje, ho tok utviklingsstudiar og berekraftig utvikling med det same.

Men det var dansen som tok henne om bord. Ho hadde alt turnert med dansekompaniet sitt med ei framsyning der klimaendringane var tema då, ho vart invitert.

— For meg er forteljingane, talanoa, noko eg uttrykker gjennom dansen. Det er også ein måte å kommunisere på.

I etterkant av vekene om bord, har ho halde fram arbeidet med kople den tradisjonelle kulturen på som kunnskapskjelde for vitskapen.

— Vi dokumenterer tradisjonelle levesett som er svært berekraftige, og forhåpentlegvis kan vi bruke denne kunnskapen for å gjere noko med situasjonen i dag, seier ho.

Tunidau er invitert til Bergen av forskingsgruppa «Island Lives, Ocean States» ved Universitetet i Bergen.

Agg og sjampanje

Fakta

UiB og berekraft

Medan vårsola glitrar i sjampanjeglasa om bord, skildra Tunidau situasjonen i heimlandet. Det skjer ikkje utan eit visst agg.

— Vi har bidratt med 0,1 prosent av klimagassutslepp. Samstundes er det vi som opplever dei mest alvorlege konsekvensane, i form av stigande havnivå, syklonar, erosjon og øydelagde korallrev, seier ho.

Den vitskapelege og teknokratiske kunnskapen, som ofte blir kommunisert på engelsk (som er eitt av tre offisielle språk saman med fijiansk og fijiansk hindi), når som regel ikkje fram til lokalbefolkninga på «grasrota». Det gjer alternative formidlingsgrep særskilt aktuelle for folk i Stillehavet.

Fiskeria som er viktige for mange, hennar eiga familie inkludert, er hardt ramma av endringane i klimaet og i havet, også i form av forureining.

— Vi er svært sårbare, men gjer vårt beste får prøver så godt vi kan å tilpasse oss. Men vi kjenner sterkt på at det er dei rike og utvikla landa, som har skapt krisa, som også bør ta brorparten av ansvaret for å skaffe ressursane som kan hjelpe oss med å handtere konsekvensane, seier ho.

Snart er Jonas Gahr Støre på veg.

Tar over roret

FN har erklært tiåret vi er inne i som havtiåret. Han er også leiar i «Høynivåpanelet for en bærekraftig havøkonomi», betre kjent som Havpanelet. Det er ei samanslutning av kyststatar, starta på initiativ av Erna Solbeg, då ho var statsminister, som som har sett seg føre å legge grunnlage for ein «berekraftig havøkonomi».Vel og bra.

Men Tunidau trur tida er inne for å ta andre grep for å nå inn til «høgnivå», for å skape handling i klimakampen, før heimtraktene hennar bokstaveleg talt går under.

— Vi må finne nye måtar å kommunisere og samhandle på. Eg trur koplinga av kunst og kultur med forsking og vitskap kan ta oss i riktig retning, seier Tunidau.

Her kjem altså, mellom anna, dansen inn, og forteljingane frå Stillehavet. Og Bergen. Og alle andre stader studentane kom ifrå, til eit gammalt skuleskip for å fortelje kvarandre om framtida, dei som skal ta over roret når høgnivåpanel av i dag har gått av med pensjon.

Powered by Labrador CMS