doktorgrad
Ho blei den første som disputerte ved campus Stord nokosinne
Brita Høyland har forska på korleis lærarar sine talespråklege praksisar går føre seg i møte med minoritetsspråklege elevar. Lærarane i studien blei overraska.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Fredag 29. januar blei ein merkedag både for Brita Høyland og for campus Stord ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).
Datoen vil nemleg gå inn i historiebøkene som dagen då ei doktorgradsavhandling for første gong blei lagd fram og forsvart ved campus Stord.
— Spesielle omstende
Dekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Asle Holthe, hadde teke turen frå Bergen, men som følge av koronapandemien måtte han leia disputasen frå eit anna rom.
— Det var jo litt spesielle omstende, og skal vedgå at eg var veldig spent på førehand, seier Brita Høyland til Khrono.
Ho fortel vidare at det heile var veldig godt organisert, og at ho hadde god lyd og gode skjermar rundt seg under heile disputasen.
— Rommet me gjorde det på er praktisk talt inne på IT-avdelinga, så eg var i trygge hender, fortel Høyland.
Dialektversjon
46-åringen frå Stord har forska på korleis lærarar sine talespråklege praksisar går føre seg i møte med minoritetsspråklege elevar.
Minoritetsspråklege elevar får ofte undervisning i norsk i eigne tilrettelagde klassar. Mange stader på Vestlandet skal dei gjerne lære nynorsk som hovudmål, men korleis snakkar lærarane i undervisninga? Brukar dei dialekten sin eller snakkar dei eit meir normert og skriftspråksnært talemål?
Dette er spørsmål som Høyland har søkt etter svar på i arbeidet med doktorgraden sin.
— Eg har mellom anna funne ut at det er stor dialektvariasjon i undervisning av elevar som har norsk som sitt andrespråk. Eg har for så vidt ikkje teke stilling til om dette er positivt eller negativt, men kort fortalt speglar funna mine seg igjen i slik me opplever språksamfunnet elles. Elevane som får undervisning skal jo fungera i eit større norsk samfunn, og ikkje berre i eit einskild lokalsamfunn, poengterer Høyland.
— Ovarraska
Undersøkingane hennar blei gjort ved ein ungdomsskule på Sørvestlandet, der elevane lærer nynorsk.
– I klassen har eg gjort videoopptak, og eg har studert kva talespråk lærarane nytta i undervisninga. Etterpå gjorde eg intervju med lærarane, og dei fekk høyre seg sjølve på opptaka og kommentere eige språk, fortel Høyland, og held fram:
— Lærarane blei overraska over at dei nytta det dei oppfatta som bokmålsord i undervisninga. Til dømes kunne dei seie både «tavla» og «tavlå», «kantina» og «kantinå». Det var særleg fellesformer for bokmål og nynorsk som blei brukt i variasjon med dialektformer. Det verka likevel ikkje som om variasjonen skapte problem for forståinga til elevane. Tvert om opna det for mange samtalar om norskspråkleg variasjon.
— Grunnlag for vidare diskusjon
Høyland, som til dagleg jobbar med lærarutdanning, meiner funna hennar viser at det bør vera større medvit kring bruk av dialekt i undervisninga, slik at alt ikkje berre er tilfeldig. Viss ein er bevisst på korleis ein snakkar, kan ein også bruka det til elevane sin fordel, meiner ho.
— Slik kan dei minoritetsspråklege elevane læra norsk på ein måte som også gjer at dei kan fungera betre i det norske språksamfunnet, seier tidenes første person som har disputert ved campus Stord.
– Denne avhandlinga viser noko av det som går føre seg i eitt lokalsamfunn, og kan vera grunnlag for diskusjon vidare i skulen og i lærarutdanninga, og dette kan det gjerne forskast meir på, sluttar Høyland.