Georg og ulven
Roger Hestholm ved Høgskulen i Sogn og Fjordan reagerer på debatten om ytringsfridom i akademia og meiner at han og kollegaene hans blir hengd ut i ein nasjonal mediegapestokk. Han tar til motmæle både mot Georg Arnestad, Bjørn Haugstad, Knut Olav Åmås og Khronoredaktør Tove Lie i dette innlegget.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Mange av oss har i barndommen fått innprenta den viktige lærdommen om at ein ikkje ropar «ulv!» utan at ulven er der. Gjetarguten i Æsops fabel lærte dette på den harde måten ved å misse alle sauene sine til ulven. Den frydefulle gleda over å kunne få alle i landsbyen til å kome springande berre han ropte dette eine enkle ordet, var uimotståeleg for han.
Han ropte og ropte, til det til slutt gjekk opp for sambygdingane hans at det aldri var nokon ulv der. At dei måtte sleppe alt dei hadde i hendene og springe til hjelp, berre for å oppdage at dei endå ein gong hadde blitt lurte av eit bortskjemd barn. Den dagen ulven faktisk kom, var guten aleine. Ingen trudde han lenger.
Det vi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane denne hausten har i hendene er det svært komplekse og krevjande arbeidet med å gå i fusjon med Høgskolen i Bergen og Høgskulen i Stord/ Haugesund. Det er møte, reiseverksemd, utgreiingar, diskusjonar om viktige vegval. Folk strevar på, alt medan den vanlege drifta med undervisning, eksamen og forsking også skal skjøttast. Den tidvis bitre striden om sjølve fusjonsavgjerda har vi alle lagt bak oss. Støvet har lagt seg, vi har takka motstandarane for kampen og retta ryggen for nye viktige oppgåver. Vi ser framover.
Men så høyrer vi ulveropet. Det er seniorrådgjevar Georg Arnestad som ropar. I innlegget «Når veldig mange seier det same…», publisert i Sogn Avis (8.10.16) og seinare i HiOA-avisa Khrono (9.10.16), peikar han på at ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er det dårlege vilkår for ytringsfridom og kritisk ordskifte. Institusjonen tåler ikkje at folk er usamde med synspunkta som det er vedtatt å meine. Særleg var dette tydeleg då ein diskuterte fusjonssaka. Då var det berre ei stemme å høyre; nei til fusjon. Ingen vågde å seie noko anna.
Pussig å ta opp att dette no, tenkte eg, særleg sidan seniorrådgjevaren alt har fått viljen sin, som var å gjennomføre fusjonen. Men det han peikar på, mangel på ytringsfridom, er ulverop godt som noko i universitets- og høgskulesektoren. Nest etter ropet om «vitskapleg-fusk-ulven», så er dette den verste ulven i skogen.
Eg tek det svært ille opp at eg, kollegaene mine og institusjonen eg arbeider ved blir prøvd avkledd all ære, verdi og integritet på denne måten, og det i ein nasjonal medie-gapestokk.
Roger Hestholm
Han påstår at sjølve grunnlaget for akademisk integritet ikkje finst ved den institusjonen som både han og eg arbeider ved. Viss vi ikkje tåler fri meiningsbryting og kritiske og kontroversielle synspunkt, er dette svært graverande. Om det er ei kjerne av sanning i dette, fortener vi ikkje å kalle oss ein akademisk institusjon.
Eg har det travelt, men lovar meg sjølv å undersøkje saka så snart som råd, sjølv om eg ikkje kan forstå korleis han kan meine noko slikt. Vi har jo diskutert så busta fauk i fleire år om denne saka. Kan det likevel vere at nokon har fått munnkorg, at nokre har fått utilbørlege meldingar av leiinga om å teie stilt?
Men i det eg skal ta til å nøste i dette, skjer det meir. Fleire har høyrt ulveropet og kjem hastande til. Redaktøren i før nemnde Khrono, Tove Lie, skriv den harmdirrande teksten, «Når altfor mange i akademia bare holder kjeft» (30.10.16). Her blir Arnestad sine skuldingar brukte som inngang til den særs viktige diskusjonen om akademisk ytringsfridom.
Høgskulen i Sogn og Fjordane står no fram som det nasjonale eksemplet på ein institusjon utan akademisk ryggrad. Dagbladet skriv på leiarplass (1.11.16) at Georg Arnestad har gitt eit positivt og nødvendig bidrag til ein betre «åpenhetskultur». Omgrepet «varsling» blir nemnt.
Vi ser for oss Monika-saka, skandalar i næringslivet, Yssen/ Valla- saka. Den vidgjetne og respekterte kommentatoren Knut Olav Åmås har eit innlegg på Facebook, der han takkar Georg Arnestad for hans mangeårige arbeid med å halde oppe ytringsretten, før han legg til lenka til Dagbladet-leiaren.
Den mektige statsekretær Bjørn Haugstad kommenterer at slike uskikkar som dette nok aldri ville ha skjedd ved Universitetet i Oslo. I eit anna innlegg skriv Åmås at akademiske leiarar nok er akkurat like opptatte av å stenge for open debatt som andre leiarar i samfunnet. Dei er berre «meir klossete og fomlete» når dei driv på.
Kva vart det neste?
Noko måtte gjerast. HiSF stod ribba tilbake, ærelaus og fullstendig utan truverd. Eg, kollegaene mine og HiSF kan ikkje leve med slike skuldingar hengande over oss, sjølv om det berre er eit par månader til vi med fusjonen er historie.
Dei siste dagane har eg derfor kommentert saka i avisa Khrono, og diskutert med kollegaene Arnestad og Øyvind Glosvik. Dei som ønskjer kan finne desse utvekslingane i kommentarfeltet knytt til innlegget til redaktør Lie i avisa Khrono.
Føremålet var å ikkje gi seg før eg kom til botnen av skuldingane til Arnestad. Kjernespørsmålet mitt var: Kva for grunnar var det Arnestad og eventuelt andre ved HiSF hadde til å vere stille, eller snakke med «innestemme» i fusjonsdebatten?
Svaret kom ikkje. Det nærmaste eg har kome er at det var eit fleirtal ved høgskulen og i fylket som i den første fasen hadde ei anna oppfatning enn Arnestad. Lenger kom eg ikkje. Ulven var der ikkje.
Underteikna er ikkje leiar, og har aldri vore i nokon styre- eller leiarfunksjon ved HiSF. Eg har såleis ingen leiaravgjerder å forsvare i denne saka. I andre samanhengar har eg med gode grunnar kritisert HiSF- leiinga både i fusjonssaka og andre saker, men eg har aldri opplevt å bli hindra i dette på noko vis.
Mitt einaste engasjement i denne saka kjem av at eg som fagleg tilsett på avgjerande vis er avhengig av at institusjonen eg arbeider ved har truverd og integritet. Eg tek det svært ille opp at eg, kollegaene mine og institusjonen eg arbeider ved blir prøvd avkledd all ære, verdi og integritet på denne måten, og det i ein nasjonal mediegapestokk.
Den som derimot har vore i ulike leiarposisjonar i svært mange år, og som har kunna leggje premiss for både ytringsfridom og anna utvikling ved HiSF i alle desse åra, er seniorrådgjevar Georg Arnestad. Om HiSF har problem med praktisering av ytringsfridom, så må Arnestad altså ta sin rause del av ansvaret for dette sjølv.
Eg meiner dessutan kjeldegranskinga til media som har ført denne saka fortener ein kommentar. Ikkje på noko tidspunkt etterspør ein Arnestad sitt formelle og reelle ansvar, og hans interesser i sak og meiningsbryting. Dei har late Arnestad få utøve det kunststykket det er å vere ein sentral rådgjevar med stort utgreiaransvar, fortruleg innsyn i viktige HiSF-saker, rådgjevarfunksjon for rektor og medlem i fusjonssekretariatet for dei tre fusjonerande høgskulane, samstundes som han i media står fram som den einsame, modige varslaren, som torer å tale der andre teier.
Eg har respekt for det gode arbeidet Georg Arnestad også har gjort for HiSF. Men dei siste dagane har vist at det er grunnlaus ulveroping han har drive på med i denne saka. Det er skuffande, og bør ikkje vere grunnlag for ettermælet til institusjonen som no snart er historie.
(Innlegget er først publisert på bloggen Krohnargument ved Høgskulen i Sogn og Fjordane).
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!