Når veldig mange seier det same...

Georg Arnestad, seniorrådgjevar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, viser til døme på dårlege vilkår for kritiske merknader og fri meiningsytring i akademia i Sogndal.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Den store høgskulefusjonen fyller mykje av arbeidsdagane mine for tida. I løpet av ein kort og hektisk haust skal vi prøve å få plass dei viktigaste delane av det byggverket som skal verte Høgskulen på Vestlandet.

Travelt, ja visst, men spennande og utfordrande å vere med å forme ut ein heilt ny, stor kunnskapsinstitusjon på og for Vestlandet. Vi skaper litt vestlandshistorie kvar dag.

Men kven kunne tru det ville gå slik? For berre to år sidan var det her i Sogndal, og i mykje av fylket elles, berre éi røyst å høyre når det gjelde fusjon for Høgskulen i SOgn og Fjordane. Denne røysta var eit kollektivt og eintydig nei-nei-nei til fusjon og ja-ja-ja til ein sjølvstendig høgskule i trivselsfylket. Nåde den som sa noko anna.

Delegasjonar av sentrale politikarar, inviterte hit av HiSF-styreleiar Heidi-Kathrin Osland, strøymde til campus og støtta sjølvstendelinja. Lokalavisa var eit jublande talerøyr for sjølvstende. «Vi skal ikkje verte styrte frå Bergen», las vi annakvar dag.

I korridorane og på kontora på høgskulen i Sogndal var det likevel nokre (av oss) som var litt meir i tvil. Men vi brukte innestemme når vi snakka om tvilen, for vi visste godt at det kunne finnast sonarar som fanga opp slike ulydar. For når alle sa det same, måtte det jo vere sant.

Begge sakene kastar eit lite heldig lys over vilkåra for kritiske merknader og fri meiningsytring i akademia i Sogndal.

Georg Arnestad

Heldigvis var det ikkje slik. Det var faktisk meir enn mange nok som meinte noko anna. Dei kom ikkje til orde før seinare, under eit nytt og opnare HiSF-regime, som ønskte å greie ut fusjonsaka. Styret til Heidi-Kathrin Osland lånte ikkje øyre til slikt.

Den same, litt klamme, kjensla har eg hatt i den siste tids ordskifte om Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), siste halmstrået til dei sterke fusjonsmotstandarane. Denne fantastiske samskipnaden finst det knapt make til andre stader i landet, og slett ikkje i Bergen, på Stord eller i Haugesund. Det har vi vorte fortalt gong etter gong, i skrift og i tale. Og når alle seier det same, må det vel vere sant.

Men sant var det visst heller ikkje, denne gongen. Det viser seg at den «elendige» Studentsamskipnaden i Bergen har langt rimelegare studentbustader enn SISOF, og at den har ei velutvikla barnehageteneste som SISOF ikkje kan måle seg med. I tillegg har den det beste studenthelsetilbodet i landet. Og eit langt betre treningstilbod for studentar enn det SOSIF har. Dette fekk vi vite gjennom eit lesarinnlegg i Sogn Avis frå ein tidlegare bergensstudent som visste. Ingen har mælt imot.

Siste tida har også andre rista i fernissen til SISOF, ei verksemd med ein Sp-politikar som direktør og ein Sp-student som styreleiar. Direktøren tolte ikkje at Studentavisa Røynda ville setje søkjelyset på nokre litt negative sider ved studentlivet i Sogndal. Det kunne skade «omdømet» til SISOF, meinte direktøren.

NRK Sogn og Fjordane og nettavisa Khrono har fanga opp saka, som set direktøren og handlemåten hennar i eit lite flatterande lys. «Hvis Samskipnaden er redd for omdømmet sitt, bør den ikke prøve å styre det redaksjonelle innholdet i en studentavis. Tvert imot», skreiv redaktøren i Khrono, ei særs god nettavis utgitt av Høgskolen i Oslo og Akershus.

«Når veldig mange sier det samme, er det tid for å høre på noen andre.» Dette var tittelen på ein kommentar av Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås i Aftenposten i januar 2015.

Både fusjonssaka i Sogndal året 2014/15 og SISOF-saka i år er gode døme på kor riktig denne påstanden kan vere. I spissen for desse sakene har det stått framståande og viljesterke lokale SV- og Sp-politikarar. Det seier òg noko.

Begge sakene kastar eit lite heldig lys over vilkåra for kritiske merknader og fri meiningsytring i akademia i Sogndal. På dette området går vi betre tider i møte i den nye vestlandshøgskulen. «Tett på» kan iblant vere for nært.

(Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 8. oktober 2016.)
Twitter: @georgar

Foto: Roy Sunde, fylkesmagasinet.no

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS