Ida Drange er ein av fem unge forskarar som fekk støtte frå Forskingsrådet i april i år. Foto: Tommy Alvestad Wiik

Klart for storprosjekt om lønsskilnader

Med fem millionar kroner frå Forskingsrådet startar det første formaliserte samarbeidet mellom AFI og Senter for profesjonsstudier (SPS). Tema: Lønsskilnader.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ida Drange ved Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) har fått fem millionar kroner frå programstyret i Forskingsrådet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM). I april delte dei ut 200 millionar kroner i tilskot til 22 nye forskingsprosjekt. 20 millionar skulle gå til «prosjekt leia av forskarar med nylig avlagt doktorgrad».

Ida Drange i AFI ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) var blant dei fem forskarane som fikk innvilga sin søknad i potten for unge søkjarar. Som stipendiat ved SPS leverte ho i fjor doktorgrad om overgang frå utdanning til arbeidsliv. No går ho vidare på forsking om lønsskilnader i norsk arbeidsmarknad. 

Tid kostar

Saman med professor ved SPS, Håvard Helland, leiar ved AFI, Ann Cecilie Bergene og førsteamanuensis ved Universitetet i Amsterdam Thijs Bol, skal Drange no konsentrere seg om dette eine prosjektet framover. Prosjektet startar i september.

— Det er viktig at eg no får avslutta ein del prosjekt før eg byrjar på fulltid med det store prosjektet, seier Drange. Ho understreker at det nye samarbeidet mellom AFI og HiOA gjer prosjektsfasen lettare.

Pengane skal brukast som lønsmiddel, som ifølgje Drange er heilt nødvendig for å få gjennomført prosjektet.

— Det er ikkje dyrt å få tilgang på data, kontorplass og liknande, men det er tida som kostar. Timeprisen ved AFI er 1220 kroner, og det ligg ei forventning om ei samla inntening mellom 1.2 til 1.4 millionar kroner i året. Men den fem millionar store potten frå VAM har ikkje noko å seie for mi eiga løn, den er som før, seier Drange. 

Ho seier ho er veldig glad for tildelinga. Pengane gjer at ho kan jobbe samanhengande på fulltid i AFI, i nesten tre år.

Første samarbeid med HiOA

Prosjektet blir det første formaliserte samarbeidet mellom AFI og SPS etter at AFI vart ein del av HiOA, 1. januar i år. Dette skriv leiar ved Senter for profesjonsstudier, SPS, Oddgeir Osland.

Osland skriv vidare at prosjektideen sprang ut frå ein svært interessant diskusjon med opponent på disputasen, då Drange forsvarte doktorgrad i juni i fjor.

— For Ida er dette ein svært fin start på forskingskarrieren etter avlagt doktorgrad, og for SPS er det ei stadfesting på nivået av Ida sitt arbeid, og dermed eit signal om nivået på doktorgradprogrammet vårt, skriv Osland.

Storprosjektet

I prosjektet skal Drange og dei tre andre mellom anna undersøke samanhengen mellom tilgangsavgrensingar til yrker og ulikheit i inntekt. Her skal forskingsgruppa også sjå på avgrensingar som krav til bestemt utdanning i ulike yrker.

— Vi ser ikkje berre på profesjonsstudier, men heile yrkesstrukturen, alt frå yrkesfag til korte og lange profesjonsstudier. Vi skal frå september og fram til juni 2017 skrive åtte artiklar, halde doktorgradkurs og ha seminar, seier Drange.

— Det blir mange formidlingsseminar i slutten av prosjektperioden, der vi vil samle prosjektorganisasjonar, arbeidsgivarorganisasjonar, representantar frå kunnskaps- og arbeidsdepartementet. Vi fire i prosjektgruppa vil møtast jamt gjennom treårsperioden, seier Drange.

Ho er glad for at prosjektet tek utgangspunkt i doktoravhandlinga ho leverte januar i fjor.

— Eg søkte om pengestøtte tidlig etter avlagt doktorgrad, fordi eg nettopp hadde levert han, og at temaet var aktuelt i minnet. Avhandlingsarbeidet og sjølve disputasen inspirerte meg. Eg vil no saman med dei tre andre gå grundigare til verks, fortel Drange.

Får fram yngre

Spesialrådgivar ved VAM i Forskingsrådet, Rita Bergersen, seier tildelinga for «prosjekt leia av forskarar med nylig avlagt doktorgrad» har teke utspring frå ei forskingsmelding frå Kunnskapsdepartementet. Denne tar sikte på å få fram yngre forskarar.

— Det er for å gi uerfarne forskarar moglegheit til å få prosjekterfaring, seier Bergersen.

Kunnskapsdepartementet har tidlegare uttalt at «alle universiteta i Noreg og Forskingsrådet går saman om å satse på unge talentfulle forskarar i Noreg».

Skal avslutte andre prosjekt

Drange er godt nøgd med at ho har tre andre forskarar med på prosjektet.

— Det var openbart at dei tre andre måtte med ettersom dei har faglege profilar, og nærleik til stoffet om sosiale skilnader i norsk arbeidsmarknad, seier Drange.

For Drange står det no att fire påbegynte prosjekt. Eine prosjektet vert gjort for Arbeids- og sosialdepartementet og handlar om individstønad for ungdom mellom 16 og 30 år. Det andre prosjektet vert utført for Norsk Ministerråd, og skal gi kunnskap over deltid i Norden, og det tredje prosjektet om avgang frå yrke i helsesektoren vert gjort for NAV

Drange er no i sluttfasa av siste prosjekt som vert gjort av AFI/LUI ved høgskolen «Eit lag rundt læraren». Alle prosjekta vert gjort saman med kollegaer på AFI/HiOA.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS