leseglede

Alle nye studentar på Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen har fått ein gratis roman denne hausten. Håpet er at det skal auka leseglede og opna dørene inn til humaniora.

Kompisgjengen frå spansk les mest fag. Men at det kan vera lurt å legga vekk telefonen, det er dei samde om.

Her samlast studentane for å lesa. Mobilen har ingen adgang

Det er nesten heilt stille på Ad Fontes, møteplassen til studentane på Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Bergen. Det er ikkje fordi lokala er tomme, men fordi det er mobilfri lesekafé i lokala.

— Det er noko med å kunne leggja frå seg telefonen. Han tek fort merksemd, seier studenten Einar.

Han vil ikkje seia kva han heiter til etternamn, men han studerer spansk.

Lesekafeen er ein del av Det humanistiske fakultetet sitt prosjekt «Humanistar les». Denne hausten har alle nye studentar ved fakultetet fått ei gratis utgåve av Pedro Carmona-Alvarez sin roman «Chiquitita».

— Me ønskjer å oppmoda fleire til å lesa, og til å lesa god litteratur. Me håpar studentane vil bruka litteraturen som ein inngangsport til humaniora sitt fantastiske univers, seier HF-dekan Camilla Brautaset, som sjølv er professor i historie.

— Tekst, tolking og diskusjon er dei viktigaste inngangsportane til kunnskap i våre fag. Me håpar at ei slik felles leseoppleving òg kan fungera som eit sosialt lim for nye studentar sitt første møte med universitetet, og for mange òg ein ny by, seier ho.

Vil formidla leseglede og diskusjonsglede

Ved studiestart i fjor skreiv Khrono om Universitetet i Oslo sitt prosjekt «Hele HF leser», som starta i 2022. Universitetet i Bergen har mellom anna sett dit når det no har gått i gang med sitt prosjekt. Men der oslostudentane i fjor las Zeshan Shakar sin roman «De kaller meg ulven», ein oppvekstroman frå Oslo, var det eit poeng for UiB å velja ein lokal forfattar.

I år skal UiO-studentane lesa «Etterklang» av Helga Flatland, og på eigne nettsider skriv dei at målet med «Hele HF leser» er å skapa ei motvekt til forstyrring gjennom å skapa eit fellesskap rundt lesing.

— Det uroar oss at studentane har lese mindre før dei kjem hit. Dei har òg lese færre heile verk. Men studentmassen er mangfaldig, og meir mangfaldig enn før. Me har nokre som søkjer seg til HF fordi dei er lesehestar, andre har lese lite, sa HF-dekan Gunn Enli til Khrono i 2023.

— Med dette prosjektet håpar me at studentane venner seg til lenger tekstar og òg til å lesa papirbøker.

I Bergen rapporterer dekan Brautaset allereie om gode tilbakemeldingar. Ho skryt av studentutvalet ved fakultetet, som har vore med på å utvikla prosjektet, og av det gode samarbeidet med studentbaren Ad Fontes.

— Uroar det deg at studentar les mindre enn før?

— Ved HF er studentane over snittet glade i å lesa. Me prøver å gi dei nokre verktøy i lesinga, og me vil formidla gleda ved å lesa og diskutera. Å ha sosiale arenaer er avgjerande både for å lukkast og å trivast som student — og begge deler er like viktige for oss, seier Brautaset.

Å legga til rette for at studentar les same roman er noko som er testa mellom anna ved universitet i USA. I Noreg var Universitetet i Oslo først ute, og no har òg Universitetet i Bergen delt ut ein gratis roman til nye HF-studentar.

Skal forska på «dårlegare» lesing

Ved eit kafebord eit steinkast unna HF-bygget sit Laura Saetveit Miles og lurer på om ho no skal lesa tekstar av Jon Fosse — etter å ha lese mykje Jo Nesbø-krim. 

Miles er professor i engelsk litteratur og amerikanar. Ho synest det er synd at ho ikkje har fått opplæring i nynorsk, og har sin første nynorske roman på leselista si.

— Merkar du at studentane les mindre enn før?

— Ja, lesekapasiteten er mindre. Nokre kjem til oss og har aldri lese ein heil roman. Det er ikkje fokus på å lesa heile romanar i grunnskulen eller vidaregåande skule, seier Miles, som er tilsett ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen.

No har Miles fått pengar frå UiB sin pott knytt til humaniorastrategien ved universitetet: Kva betyr lesing for individ og samfunn, både i et historisk perspektiv og i dag? Og kva konsekvensar har det, både for enkeltmenneske og for samfunnet som heilskap, at me les sjeldnare, kortare og «dårlegare»?

— Korleis vert ein påverka av det å lesa i seg sjølv? Jo, ved å lesa ein heil roman får ein mellom anna gjennomføringsevne, seier Miles.

I prosjektet skal litteraturforskarar, religionsvitskapsforskarar, pedagogar og psykologar jobba saman. Det vert spanande, synest prosjektleiaren.

— No har både du og eg kvar vår smarttelefon som ligg på bordet her. Er det den som er skuld i dårlegare og mindre lesing?

— Lesing er nok meir fragmentert enn før. Men det er lett å seia at smarttelefonar berre er «dårleg, dårleg, dårleg». Slik er det ikkje. Ein kan til dømes lesa, eller skriva, ein roman på telefonen!

Og det er heller ikkje første gong både forskarar og andre er uroa over at neste generasjon les mindre. Slik har det vore i tusenvis av år, seier Miles.

— Tidlegare har det mellom anna vore sagt at «åh, nei, no er det ingen som hugsar lange dikt utanatt lenger!».

Spelar det noka rolle kva ein les?

Tilbake til Jon Fosse. Då det vart kjent at han fekk Nobelprisen i litteratur, vart det trykt opp pocketversjonar av litteraturen hans. Slik kunne «alle» ha ein Fosse i bokhylla — og det var slik Fosse hamna hos Laura Saetveit Miles. I Bergen hadde tilhengjarar av fotballklubben Brann fått laga eit stort banner med «Gullet kjem til å kome», med Fosse sitt andlet på.

Dette er interessant, synest professor Miles, og peikar på den samfunnsmessige makta litteratur kan ha.

— Dersom lesing kan styrka samfunnet, så går me glipp av det dersom me ikkje les.

Ho peikar òg på kva for påverknad lesing kan ha for den psykiske helsa.

— Ta til dømes fenomenet påskekrim. Når ein les krim i påska, slappar ein av.

— Spelar det noka rolle kva ein les, så lenge ein les?

— Det er eit godt spørsmål. Det betyr noko å lesa noko. Men å lesa teikneseriar er noko anna enn å lesa ein roman på 600 sider. Så kva misser ein om ein berre les den eine eller den andre typen bok, spør professoren.

Ho seier at gjennom litteratur har menneske følt fellesskap over tusenvis av år. Og også i dag er det grupper som les dei same bøkene. Til dømes er det mange barn som vert hekta på enkelte bokseriar. Og då Khrono intervjua Janne Stigen Drangsholt, forfattar og professor ved Universitetet i Stavanger, fortalde ho at mellom anna ein forfattar som Sylvia Plath trendar på BookTok. 

— Eg skulle ha eit føredrag om Donna Tartt si «The secret history» på Sølvberget i Stavanger. Der stilte det elevar frå vidaregåande skule med romanen og med notatblokk. Eg trur det er håp, sa Drangsholt, som òg sa at ho merkar det same som Miles: Studentane har lese mindre enn før:

— Eg har fått tilbakemeldingar om at eg ikkje har sagt kva sider av ein roman eg forventar at dei les. Heile, svarar eg då, sa professoren.

At neste generasjon les mindre, har ein vore uroa over i tusenvis av år, seier engelskprofessor Laura Saetveit Miles.

Men merkar òg ein professor at ein les på ein annan måte enn før?

Ja, seier Laura Saetveit Miles.

— Eg les like mykje som før. Men dersom eg les vanskelege tekstar, er det meir krevjande enn før å lesa dei utan å ta pause. Så konsentrasjonsevna mi er nok svakare.

Ho legg til:

— Eller eventuelt er eg berre meir medviten om det.

Fellesskapen

Tilbake til Ad Fontes. Student Einar er der saman med nokre kompisar. Dei studerer alle spansk, og drøftar fag. Og gratis bollar freistar, innrømmer dei.

— Merkar du at det er vanskeleg å ikkje ta fram telefonen når du studerer?

Bollar og bok. Den mobilfrie lesekafeen vert arrangert kvar tysdag dei første vekene i semesteret, og i tillegg vert det mellom anna bokbad med forfattar Pedro Carmona-Alvarez.

— Ja, det vert kortare økter med lesing, og så ta fram og sjekka telefonen innimellom, og så gå tilbake til boka, seier han, og fortel at han trur at tiltak som ein mobilfri lesekafé kan hjelpa ein med å fokusera på ein ting om gongen, seier Einar.

— Det er jo bra å få studentar til å lesa romanar, men eg trur HF-studentar har nok å lesa fagleg. Eg har studert i mange år, og det er mykje å lesa, seier Robin.

Khrono møter òg Abigail, som skal verta lektor i engelsk og spansk. Ved eit langbord, med ryggen mot inngangsdøra, riggar ho seg til med kaffi, headset og bok. 

— Eg vart veldig interessert fordi han er ein søramerikansk forfattar. Eg er sjølv frå Brasil, og eg synest det er veldig flott å lesa litteratur som representerer der eg kjem ifrå.

Studenten omtalar seg sjølv som ein «ipad-kid», og seier at ho har lese mykje på Kindle eller nettbrett. Men det har vore til god hjelp for henne, for ho har dysleksi.

— Eg tenkte at det var eit veldig hyggjeleg initiativ å starta ein slik bokkafé, seier ho.

— Trur du det hjelper folk i gang med lesing når ein gjev ut gratis bøker på denne måten?

— Ja, det trur eg. Om ein lagar eit event ut av det, så tiltrekkjer det folk. Eg trur det er lågare terskel for å skulla delta på noko slikt enn det er å berre lesa noko som helst på eige initiativ. Du vert del av ein fellesskap.

Powered by Labrador CMS