mentorordning

Her får studentane hjelp inn i arbeidslivet

77 studentar ved Universitetet i Søraust-Noreg har kvar sin mentor som skal gjera overgangen til arbeidslivet lettare.

Biletet viser mentorar og studentar i Drammen for to år sidan. Studentar ved USN får tilbod om mentor fem stader; Drammen, Vestfold, Kongsberg, Bø og Ringerike. Primært er ordninga for økonomistudentar, men i år er òg nokre ingeniørar med.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Dette er ikkje leksehjelp.

Trond Østgaard humrar. Han er arbeidslivsskoordinator ved USN Handelshøyskolen, og har para 77 studentar med kvar sin mentor. Slik kan overgangen til arbeidslivet verta lettare.

Dei siste fem åra har Universitetet i Søraust-Noreg (USN) hatt denne mentorordninga, først for økonomistudentar og no òg for ingeniørstudentar. Opplegget vart med då Østgaard sjølv bytta arbeidsstad frå BI til USN.

Spenn på 50 år

Fleire utdanningsinstitusjonar har mentorordningar. Nokre stader hjelper erfarne studentar dei ferske. I Tromsø har ein ei ordning der såkalla næringslivsmentorar skal skapa tettare samarbeid mellom universitetet og næringslivet, har Khrono tidlegare skrive.

Ved USN er det ikkje først og fremst utdanning som avgjer kven som kan verta mentor – og kven dei kan vera mentor for. Østgaard forklarar at relevant og solid erfaring er det viktigaste. I år er den yngste mentoren 27 – den eldste er 77.

— Dette handlar om å hjelpa studentane med overgangen til arbeidslivet. Dei kan få hjelp til jobbsøkingsprosessen og til spørsmål dei kan ha knytt til den første tida i jobb. Det treng ikkje vera slik at den som skal vera mentor skal ha same utdanning som studenten, men vedkomande må ha solid og relevant erfaring frå arbeidslivet, seier Østgaard.

Mentorprogrammet er frivillig, og er sett saman av både felles treff med alle studentar og mentorarar og av kontakt mellom det enkelte paret. Studentane søkjer, Østgaard finn passande mentorar til dei. Nokre har vore med fleire år, andre finn han gjennom kontakt me universitetet sine samarbeidspartnarar.

Ønskt oversikt

Østgaard fortel at USN trudde at mentorordninga ville vera mest aktuell for dei studentane som ikkje har så mykje erfaring frå arbeidslivet.

Ikkje den lettaste tida å søkja jobb på, seier Thérèse Verheyleweghen. Ho er svært nøgd med mentoren ho har hatt.

— Ein lærer mykje av å ha ein deltidsjobb, til dømes i ein butikk eller på ein bensinstasjon. Men det me ser, er at studentane sjølve meiner at den erfaringa ikkje er representativ for det dei ser føre seg at dei vil jobba med i framtida, og dei er audmjuke i forhold til at dei skal ut i ein annan jobb, seier Østgaard, og legg til:

— Me har òg studentar som vil omskulera seg. Sjølv om dei har arbeidserfaring frå før melder dei seg til mentorprogrammet fordi dei skal inn ein annan type jobb enn dei har hatt tidlegare.

Thérèse Verheyleweghen er ein av dei som har fått mentor i år. Ho har ei bachelorgrad frå tidlegare, i idrettsvitskap. No tek ho bachelorgrad i økonomi og leiing.

— Men det er ikkje økonom eg vil verta. Eg ønska litt meir oversikt over kva dugleikar eg har og over kva arbeidsplassar som kan vera aktuelle for meg, seier ho.

Eit velmeinande blikk

Saman med mentor Claus Haals, som er leiar for kompetanseutvikling i NHO Transport og Logistikk, har Verheyleweghen funne ut kva retning ho ønskjer å gå i. Ho seier ho har vorte tryggare på seg sjølv.

— Eg har vore ein aktiv student, seier Verheyleweghen, som mellom anna no er styreleiar for Studentsamskipnaden i Sørøst-Noreg.

— Eg har drive mykje med organisasjonsarbeid, og no søkjer eg stillingar som rådgivar og konsulent i ulike organisasjonar.

Det siste halvåret har ho hatt eit internship, som var eit av delmåla ho sette opp saman med mentoren.

— Mi erfaring, både frå foreldrerolla og arbeidet med utdanning av ungdommar, viser at dei aller fleste vil ha svært stor nytte av eit velmeinande sideblikk frå ein erfaren person med relevant bakgrunn – som dei har tillit til at har deira interesser for auga, skriv Haals i ein epost til Khrono.

Han skriv at det siste er ein kritisk føresetnad for at dei unge vil lytta – òg når dei får konfrontative tilbakemeldingar.

— Ungdommane er i ein fase mellom grunnleggande kunnskapsbygging i vidaregåande, og no utvikling av næringsspesifikk kunnskap og dugleikar. Samstundes går dei gjennom ei stor personleg utvikling frå ungdom med relativt avgrensa ansvar til etter endt utdanning å skulle møta ein arbeidsgivar med forventningar til prestasjonar ikkje berre på det faglege, men òg på det personlege planet, skriv Haals.

Difor kan rette spørsmål frå mentor gjera underverk i siste del av utdanninga, meiner han.

Powered by Labrador CMS