Havforskarar meiner ein ikkje treng gigantanlegg
Ocean Space Center i Trondheim skaper debatt før det er bygd. — Ikkje sakleg grunn for anlegget, meiner to pensjonerte havforskarar.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
På Tyholt i Trondheim skal NTNU bygga Ocean Space Center. 7,9 milliardar skal staten betala for det som skal verta eit stort og avansert anlegg for både forsking og undervisning innan havforsking.
Men fleire pensjonerte havforskarar meiner at anlegget vert for stort, og at det er fagleg utdatert. Det skriv NRK.
Kaare Gisvold er tidlegare direktør og styreleiar i Marintek, som no er ein del av Sintef. Odd Faltinsen er professor emeritus i marin teknologi.
— Me meiner det ikkje er sakleg behov for anlegget. Marknaden dei påstår finst, meiner me er tvilsam. Dei rettar seg mot skip og skipsbygging. Det er rett og slett ikkje framtidsretta, seier Gisvold til NRK.
Basseng til fire milliardar
Ocean Space Centre skal etter planen plasserast på tomta der Sintef Ocean og NTNU sitt Institutt for marinteknikk held til i dag. Men det nye senteret vil verta 10 000 kvadratmeter større enn dagens anlegg, heiter det på senteret sine nettsider. I tillegg til våte og tørre laboratorium skal anlegget innehalda både kontor, møtelokale og undervisningsrom. Endeleg vedtak om bygging må fattast i Stortinget, noko som kan skje til hausten.
Etter planen skal anlegget innehalda eit sjøgangsbasseng som skal nyttast til å testa skip. Bassenget skal kosta omlag halvparten av dei nær åtte milliardane.
— Marknaden for skip er sterkt avgrensa, seier Faltinsen til NRK.
Det store anlegget, med eit samla volum på ein million kubikkmeter, har vore omstridd. Naboar har engasjert seg, noko Universitetsavisa har skrive om ved fleire høve. Nyleg vart ein digital underskriftskampanje avslutta. Over tusen personar skreiv under på at sjøgangsbassenget bør flyttast til ein annan stad, skreiv Universitetsavisa.
No har politikarane i bygningsrådet i Trondheim kommune bestemt seg for å utsetja handsaming av reguleringsplanen.
NRK skriv at det våren 2017 kom ei utgreiing som konkluderte med at ein nytt senter ikkje var samfunnsøkonomisk lønsamt. Året etter la Sintef og NTNU fram endringar. Konklusjonen var at dette ville vera lønsamt.
Treng nytt basseng
I dag er det havlaboratorium på Tyholt. Men dette er gamalt og har manglar, seier Vegar Johnsen, administrerande direktør i Sintef Ocean til NRK. Han seier at ein ikkje har sjøgangsbasseng, og at havbassenget er utslite.
– Havindustri vil vera ein nøkkel til det nye arbeidslivet me alle treng for at velferdssystemet skal vera bra. Me har ikkje sjanse med dagens fasilitetar, seier Johnsen.
Nyeste artikler
De nasjonale strateger — hvor ble de av?
Reagerer på upresis tallbruk om læreropptak
Topptidsskrift granskes etter påstander om fusk. Har mer enn 1000 norske artikler
Én av tre britiske studenter frykter universitetskonkurs
Norge trenger svenske forskningstilstander
Mest lest
Studenter utvist fra fransk universitet. Norske Anna frykter at hun står for tur
Slik gjekk det då professoren spurte ChatGPT om litteraturtips
Svensk dom over norsk akademia: For mykje kvantitet, for lite kvalitet
Reagerte på NTNUs språkbruk i økonomisak. — Gjør meg kvalm
Satte ny doktorgradsrekord i vår