EU-budsjettet
Hardt slag for forsking i EU - kuttar 14 milliardar euro
«Tapte sjansar, grunn til bekymring, dramatisk». For første gong kuttar EU i løyvingane til forsking og innovasjon.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, gjekk tidlegare år i front for initiativet Friends of ERC (ERC: Det europeiske forskingsrådet) med ei unison bøn til EU frå universitetsleiarar og framståande forskarar om å unngå forskingskutt. Med på laget var nobelprisvinnarane May-Britt og Edvard Moser. Det hjelpte ikkje.
Denne veka framforhandla EU-leiarane eit budsjett som i praksis inneber drastiske kutt i pengestraumen til forsking og innovasjon.
150 milliardar mindre
Det opphavlege budsjettforslaget frå EU-kommisjonen, på 94,4 milliardar euro, blei barbert ned til 80,9 milliardar. Omrekna i norske kroner er det eit kutt på nær 150 milliardar til EUs rammeprogram for forsking dei neste sju åra, Horisont Europa.
Fleire har uttrykt glede ovar EU har klart å bli einige om krisepakken etter Covid-19. Den akademiske verda er ein derimot uroa over dei langsiktige effektane av budsjettet. I praksis er det første gong EU kuttar i løyvingane til forsking.
— Kuttet vil kunne gå utover prosjekt som Noreg tar del i – det blir heilt klart mindre pengar framover. Det er grunn til å vere bekymra, seier Olsen.
Olsen seier løyvingane er langt lågare enn det både leiaren i EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen og Europaparlamentet ønskte seg.
— Stor skuffelse
Direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen, kallar budsjettet «ein stor skuffelse».
— Alle aktørar har vektlagt behovet for å satse på forsking og innovasjon for å løyse store samfunnsutfordringar og bidra til global omstilling, seier Røttingen.
Han framhevar EU-kommisær von der Leyens «New Green Deal», og at ho har utropt Horisont Europa som ei viktig plattform for å kunne realisere dette, i tillegg til behovet for å hevde seg i den globale konkurransen, særleg med Nord-Amerika og Asia.
— Budsjettet betyr tapte sjansar. Det er eit politisk mål i EU, og i Noreg, å løfte forsking og innovasjon til 3 prosent av BNP. Då må både løyvingane i landa og felles rammeprogram justerast. No blir dette vesentlege meir krevjande å få til.
For norske forskarar er konsekvensen av budsjettet tøffare konkurranse, meiner Røttingen.
— Vi hadde håpt på ei større kake, men når den blir mindre, blir det også mindre å fordele. Konkuransen om dei europeisk løyvingane vil nok berre auke, og det er noko vi må førebu oss på.
Han håpar likevel det vil vere mogleg å finne fram til modellar og løysingar som kan styrke forskinga og rammeprogrammet i større grad enn det budsjettet no legg opp til.
Bestod ikkje testen
Til Universitetsavisa har rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen kalla EU-budsjettet for dramatisk.
— I den krisesituasjonen vi no står i er det avgjerande å tenke langsiktig og investere i forsking som sikrar at Europa utviklar forskingsmiljø og kunnskap som skaper framtidas samfunn og næringsliv, seier han til avisa.
Dag Rune Olsen likna ein kronikk i Khrono budsjettforhandlingane i EU med Marshmallows-testen» frå psykologien, der små barn får ein marshmallow på bordet og eit val: ete med det same – eller vente litt og få ein til som gevinst.
— EU bestod ikkje testen. Alle forstår at dei kortsiktige oppgåvene må handterast, men å kutte i forsking, helse og klima er ein dårleg ide. Det er nettopp dei langsiktige utfordringane forskinga treng midlar for å løyse, seier Olsen.
Også internasjonalt blir forskingsbudsjettet møtt med negative reaksjonar. Generalsekretær i Leauge of European Research Universities, Kurt Deketelaere, omtalar kuttet som ein skandale, a complete disgrace.
Ifølgje Science Business ligg det an til eit kutt også i EUs utvekslingsprogram for studentar, Erasmus+, som får 5 millionar mindre enn dei 21,2 millionar euro det først var tiltenkt. I reine pengar vil programmet likevel få meir å rutte med enn i føregåande budsjettperiode.