Har sendt ut permitteringsvarsel til rundt 40 tilsette

Forskingsinstituttet Norce har varsla rundt 40 tilsette om mogleg permittering frå starten av april. No ber administrerande direktør om tiltak for ein instituttsektor med store utfordringar i koronakrisa.

Administrerande direktør Elisabeth Maråk Støle i Norce har sett seg nøydd til å sende ut permitteringsvarsel til fleire tilsette.
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Saka er oppdatert)

— Viss ikkje forskingsinstitutta blir sett no, så er det høg risiko for å miste kompetansearbeidsplassar som er viktige for Noreg, seier administrerande direktør i forskingsinstituttet NORCE, Elisabeth Maråk Støle til Khrono.

Ho teiknar eit alvorleg bilete for ein instituttsektor som blir hardt råka når prioriteringane i både næringslivet og offentleg sektor er heilt andre stader i samband med koronasituasjonen. Fleire opplever at samarbeid og kontrakter blir terminerte eller forskyvde.

— Veldig alvorleg situasjon

NORCE Norwegian Research Center AS har i dag sendt ut permitteringsvarsel til rundt 40 av sine tilsette.

— Vi jobbar kontinuerlig med å finne løysingar for å redusere omfanget. Likevel tek vi dette på alvor, ser på tiltak tidleg og gjer det vi kan for at instituttet skal kome seg gjennom denne situasjonen best mogleg, seier Støle.

Det er administrasjonen og særleg aktivitetar og prosjekt i samarbeid med næringslivet som har store utfordringar i denne tida, opplyser Støle. Men dei ser også ein risiko for at prosjekt saman med aktørar i offentleg sektor vil stoppe opp.

— Mange av dei vi samarbeider med må prioritere andre oppgåver og då må vi skyve på våre forskingsprosjekt. Difor forsvinn ein del av våre oppgåver, seier Støle og legg til:

— Vi jobbar tett saman med andre institutt for å finne løysingar, fordi vi er ei næring eller ein bransje som er inne i ein veldig alvorleg situasjon. NORCE er non-profit, eit aksjeselskap som ikkje gjev utbytte. Som nokre andre forskingsinstitutt, har vi ca 10 prosent grunnfinansiering, medan 90 prosent av våre inntekter må vi hente frå ein prosjektmarknad i hard konkurranse.

Vi er eit solid forskingsinstitutt som skal berge oss gjennom dette, men akkurat no er vi inne i ei svært vanskeleg tid.

Elisabeth Maråk Støle

Meiner forsking er viktigare enn nokon gong

Støle meiner det er særskilt alvorleg at mykje av forskningsaktiviteten no går på tomgang. Dette fordi forsking og utvikling er viktigare enn nokon gong, for verdiskapinga og arbeidsplassar, ifølgje Norce-direktøren.

— Forskingsinstitutta har enormt med kompetanse som vi kan ta i bruk i den situasjonen vi no står i. Det må prioriterast å skaffe kunnskap om å finne vaksiner, å forstå utvikling av pandemiar, å handtere psykisk helse og skape annan aktivitet i slike kriser. Når inntektene stoppar opp, er det viktig for bedrifter å fortsette arbeidet med utvikling og innovasjon, for å berge seg gjennom krisa, seier Støle.

NORCE-direktøren er glad for tiltaka som styresmaktene har sett i verk blant anna med tanke på arbeidsgjevaravgift og tilrettelegging for permittering.

Treng fleire tiltak

— Men for forskningsinstitutta er det viktig å få på plass fleire tiltak for at vi skal kome oss best mogleg ut av det, seier Støle.

Av dei konkrete tiltaka Støle ser for seg, er blant anna at ein kan påskunde både utlysingar og prosjekt.

— Vi bør setje dei midla som er planlagt i arbeid, for vi er klar. For eksempel kan vi flytte midla som var tenkt sett i arbeid i 2021, fram til 2020, seier Støle.

Eit anna tiltak kan vere at partnerar og bedrifter i næringslivet kan få sleppe å skyte inn eigeninnsats i forskings- og utviklingsprosjekta i den kritiske fasa ein no står i.

— Det kan bli tatt igjen til neste år. Dette hadde vore til stor nytte, for det kan gjere at ein får arbeidd vidare med prosjekta, seier Støle.

Støle meiner det er mange moglegheiter for å halde aktiviteten i gang og har stor tru på at NORCE skal klare seg gjennom krisa.

— Vi er eit solid forskingsinstitutt som skal berge oss gjennom dette, men akkurat no er vi inne i ei svært vanskeleg tid, seier Støle.

Foreslår auka grunnfinansiering

Strategi- og kommunikasjonsdirektør i forskingsinstituttet SINTEF, Vincent Fleischer, kjenner seg att i store delar av situasjonsbeskrivinga som Støle skisserer.

Vincent Fleischer er strategi- og kommunikasjonsdirektør i SINTEF.

Fleischer opplyser at SINTEF har ei grunnfinansiering på 8 prosent, medan instituttet konkurrerer om 92 prosent av inntektene. Meir enn 70 prosent av dei pengane får dei gjennom prosjektsamarbeid med næringslivet.

SINTEF har enno ikkje hamna i ein situasjon der dei er nøydde å permittere tilsette.

— Vi held trøkket oppe så godt vi kan, alle våre laboratorium og verkstader er opne, folk jobbar på ulike tider av døgnet. Men no har vi sett dei første teikna til at nokre av samarbeidsbedriftene våre har byrja å glippe, seier Fleischer til Khrono.

Han meiner det som no skjer med forskings- og utviklingsaktiviteten, har ein slags dobbelt negativ effekt.

— Noreg er i ei kjempeomstilling, ein av tidenes største for nasjonen, både med tanke på berekraft og digitalisering. Vi frytkar at denne omstillinga no vil stoppe opp for mange, og det gjer også forsknings- og innovasjonsprosjekta. Det er med andre ord mykje kompetanse som no risikerer å bli sett på gata, når vi treng den som mest, seier Fleischer.

Difor har SINTEF tatt til orde for at grunnfinansieringa til forskingsinstitutta i denne tøffe tida bør auke.

— Våre søsterinstitutt i andre europeiske land har ofte mellom 20-50 prosent i grunnfinansiering og har difor ein langt betre buffer i slike situasjonar. Om ein no aukar grunnfinansieringa til institutta, så har ein ein sektor som kan arbeide knallhardt for at næringslivet kan utviklast, at teknologiutviklinga kan gå sin gang og at det er fleire spennande prosjekt på gang når bedriftene skal reise seg igjen, seier Fleischer.

Har opna for fleire tiltak

Administrerende direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen.

Administrerende direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen, opplyser at rådet har hatt ein god dialog med universitets-, institutt- og helsesektoren dei siste vekene.

Røttingen sier at han er veldig glad for at dei har kome fram til løysingar i fellesskap.

Khrono ber Røttingen kommentere og svare på om dei ulike tiltaka som Støle i NORCE og Fleischer i SINTEF foreslo, er noko Forskingsrådet tenker å innføre.

Til påskunding av utlysingar og prosjekt svarer Røttingen:

— Vi har allereie opna for moglegheitene til å påskunde eller utsetje prosjekt, og også opna for at vi utbetalar for dei auka kostnadane ein påskunda aktivitet fører med seg, skriv Røttingen i ein e-post. Han legg til:

Vi har spelt inn til departementa at grunnfinansieringa bør aukast mellombels på grunn av det forventa inntektsbortfallet frå oppdragsinntekter

John-Arne Røttingen, administrerande direktør i Forskingsrådet

— Prosjekt som har fått kontrakt, men som no ser at planane for prosjektgjennomføring vil bli påverka vesentleg, kan søke om prosjektendring. Dette kan både vere endringar som er knytt til at institusjonane har fått auka kapasitet til å gjennomføre prosjektet raskare, og endringar knytt til redusert kapasitet som fører til forseinkingar. Vi understreker mulighetene for også å auke aktivitet i prosjekt ved å kunne flytte ressurser tidligare i prosjektplanen.

Har teke initiativ for auka grunnfinansiering

Forskingsrådsdirektøren ser heller ikkje heilt vekk i frå at samarbeidsbedriftene til forskingsinstitutta kan få sleppe eigeninnsatsen i denne perioda.

— Vi arbeider fortløpande med å finne løysingar der vi kan endre fordelinga av kostnadane over tid og mellom partnerar i prosjekta, skriv Røttingen.

Av andre tiltak som skal avhjelpe forskings- og utviklingsprosjekt i næringslivet, og dermed indirekte fleire forskingsinstitutt, så bestemte Forskingsrådet i går blant anna at dei no startar med løpande mottak av innovasjonsprosjekt i næringslivet (IPN) og vil løyve nye prosjekt tre eller fire gongar i løpet av 2020.

Når det gjeld auka grunnfinansiering for forskingsinstitutta, så har Forskingsrådet teke initiativ.

— Vi har spelt inn til departementa at grunnfinansieringa bør aukast mellombels på grunn av det forventa inntektsbortfallet frå oppdragsinntekter, skriv Røttingen til Khrono.

(Saka er oppdatert 24.03 kl. 10.01 med sitat frå adm. dir. John-Arne Røttingen i Forskingsrådet)

Powered by Labrador CMS