evolusjon

Har fått publisert Darwin-kritikk

Tilfeldig utvikling eller evolusjon er ei svært usannsynleg forklaring på dei komplekse systema som opererer i celler i menneskekroppen. Det hevdar forskarane som har fått pengar for å utfordra Darwin.

Charles Darwin vart svært viktig for biologane som kom etter han. Men ikkje er samde i hans evolusjonsteori som forklarar korleis artar har utvikla seg.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Hausten 2019 fekk stiftinga BioCosmos 15 millionar kroner frå skipsreiar Einar Johan Rasmussen. Stiftinga skal jobba for å fremja såkalla intelligent design.

Intelligent design er teorien om at visse eigenskapar ved universet, som grunnleggande trekk ved levande organismar, er resultat av ei intelligent årsak eller skaparkraft - ikkje ein ikkje-styrt prosess som til dømes evolusjon.

Det er altså Charles Darwin sin evolusjonsteori som vert utfordra.

Intelligent design-teorien er omstridd, og har mellom anna vorte kalla pseudovitskap av ei rekkje norske forskarar.

Men no har Steinar Thorvaldsen, professor i informasjonsvitskap ved Universitetet i Tromsø - Noregs arktiske universitet (UiT), saman med ein svensk forskar, fått publisert ein vitskapeleg artikkel om emnet.

I ein fersk artikkel i det fagfellevurderte Journal of theoretical biology (nivå 1), hevdar Thorvaldsen og svenske Ola Hössler at tilfeldig utvikling eller evolusjon er ei svært usannsynleg forklaring på dei komplekse systema som opererer inne i menneska sine celler.

— Me har fått ny innsikt i korleis molekylære strukturar verkar. Det me har sett er maskiner og mekanismar som vil gjera ein kvar ingeniør grøn av misunning, seier Thorvaldsen til avisa Dagen.

Bil og ingeniør

Thorvaldsen seier til Dagen at å sjå på systema inne i cellene, er å sjå under panseret på ein moderne bil.

Professor Steinar Thorvaldsen meiner det har blitt lagt for stor vekt på Darwin sine teoriar .

— Ein finn system og sylindrar, koplingar og funksjonalitet som fungerer heilt perfekt i samspel, seier han.

Thorvaldsen seier at Darwin si oppdaging av naturleg utval var viktig, men at teoriane hans har vorte over-selde av enkelte nivå. Han seier òg at det er kontroversielt å snakka om tilverting og design.

— Men me møter oss sjølve i døra når me studerer naturen. Vår måte å forstå ting på, det er som om me møter ein ingeniør der, seier professoren til Dagen, og kallar publiseringa av artikkelen for eit gjennombrot.

Motvekt til ateistisk tradisjon

Det var Vårt Land som skreiv om opprettinga av BioCosmos i fjor haust. Avisa skriv at i stiftinga sitt styre sit mellom anna kirurg Kjell Tveter, som har skrive fleire bøker om skapinga, og også tidlegare Ungdom i Oppdrag-leiar Alv Magnus.

Daglig leiar Dag Erlandsen sa til Vårt Land den gongen at BioCosmos ønskjer å vera ei motvekt til ein ateistisk tradisjon innanfor vitskapen, men at det ikkje nødvendigvis dreiar seg om eit kristent gudsbilete.

– Nokre i styret har ein kristen motivasjon, men fleirtalet er vitskapsfolk, sa Erlandsen.

Stiftinga har òg fått midlar til formidling, og jobbar for å få informasjon om Intelligent Design inn i skuleverket.

Powered by Labrador CMS