musikk

Håpar nytt masterstudium skal gi musikkstudentar jobb

Entreprenørskap og å skapa sin eigen jobb er noko av det masterstudentane i rytmisk musikk ved NLA Høgskolen skal læra.

Ole Fredrik Norbye er pianist - men òg høgskulelektor. Han leiar det nye masterprogrammet som skal gjera det lettare for musikkstudentar å få jobb.

Det finst ikkje veldig mange faste musikarstillingar i Noreg. I staden er det mange av dei som har teke musikkutdanning som har fleire arbeidsgivarar, eller som er sin eigen arbeidsgivar. No ønskjer NLA Høgskolen (NLA) å gjera det lettare for musikarar å kunne laga sin eigen arbeidsdag.

— Det vert utdanna ekstremt mange musikarar. Men mange av dei jobbar med noko anna, seier høgskulelektor Ole Fredrik Norbye ved NLA.

Frå hausten skal dei ni første studentane i gang med master i utøvande rytmisk musikk.

— Me har utdanna musikarar i Staffeldtsgate i femti år. Når me no søkte om master, ville me laga noko nytt, og ikkje gå i beina til dei andre, seier Norbye, som er programkoordinator for det nye tilbodet.

Totalt kom det inn 44 søknadar til masterstudiet.

Øva på eigen arbeidsdag

Tradisjonelt har ein musikkstudent valt anten ein klassisk veg eller jazzlinje. Men i arbeidslivet jobbar dei gjerne med fleire sjangrar, slik Ingfrid Breie Nyhus nyleg skreiv i eit debattinnlegg i Khrono.

— Me har sagt at ein kan koma inn på master hos oss med klassisk bakgrunn, så lenge ein kan visa at ein òg kan gjera noko saman med andre, seier Norbye.

I eit innlegg i Khrono skriv han at «samarbeidsprosjekter mellom musikere handler ikke om sjangertilhørighet, men om man kan bidra med sin musikalitet inn i et samspel».

Studiet ved NLA er det første utøvande masterstudiet Nokut har godkjent. Studentane skal, i tillegg til å jobba med utøvande musikk, mellom anna ha eit eige fag om entreprenørskap. Dei skal òg ha eit eige metodefag spesiallaga for musikarar.

— Masteroppgåva deira vert å laga eit prosjekt som dei kunne vist også utanom studia. Det kan vera ein konsert, ei plate eller eit tverrfagleg prosjekt. Poenget er at dei skal øva på å laga sin eigen arbeidsdag, seier Norbye.

Spela på øyra

Førstelektoren er sjølv eit døme på at ein musikarkvardag er variert. Han er pianist, utdanna frå jazzlinje, men òg med ei viss klassisk skulering. I tillegg til å undervisa, har han eigne prosjekt.

— Alle som underviser hos oss skal vera utøvande. Ein må ha kjennskap til det som skjer, seier Norbye.

— Mange musikarar hamnar i stillingar i til dømes kulturskular. Er det noko de legg vekt på?

— Mange kjem nok til å ta praktisk-pedagogisk utdanning etterpå. Det finst òg allereie eiga musikklærarutdanning. Mange av dei som vil studera hos oss har allereie eigne prosjekt, så me vil hjelpa dei vidare, seier Nordbye.

Han peikar òg på kyrkjemusikarar, som er ei gruppe NLA tradisjonelt har utdanna.

— Talet på dei som vil ta kantorutdanning hos oss har auka. Men også her ser me at variasjon er viktig. Ein treng kyrkjelydsmusikarar som kan kompa på øyra, spela til barnekor og som ikkje berre er klassiske organistar.

Powered by Labrador CMS