Hanne Davidsen hadde teke nattoget for å få med seg styremøtet ved Nord universitet på Værnes. tysdag Avstandane på Nord universitet er store. Foto: Hilde Kristin Strand
Hanne Davidsen hadde teke nattoget for å få med seg styremøtet ved Nord universitet på Værnes. tysdag Avstandane på Nord universitet er store. Foto: Hilde Kristin Strand

Ordføraren i Nesna: — For oss er dette et vera eller ikkje vera

Struktur ved Nord. Den gamle høgskulen er hjørnesteinsverksemda i Nesna, seier ordførar Hanne Davidsen.

Publisert

Værnes (Khrono): Det har vore lærarskule i Nesna i over hundre år. No kan det vera slutt. Nesna er føreslege lagt ned når Nord universitet no skal endra studiestadstrukturen sin. Fagmiljøet for grunnskulelærar og barnehagelærar skal kanskje flyttast til Bodø.

— For oss er dette vera eller ikkje vera. Lærarskulen er hjørnesteinsverksemda vår. Det er ikkje berre arbeidsplassar for fagleg tilsette dette handlar om, men òg knytta til mellom anna studentsamskipnaden, seier Hanne Davidsen til Khrono.

Ho er Arbeiderparti-politikar og ordførar i Nesna, ein kommune med knappe to tusen innbyggjarar. Før ho vart ordførar var Davidsen, som sjølv er lærar og sosiolog, dekan ved det som då heitte Høgskolen i Nesna. Måndag kveld sette ho seg på nattoget for å nå fram til Værnes og styremøtet ved Nord universitet.

Me trudde på det som vart sagt om at alle studiestadane skulle bestå då me vart ein del av Nord universitet. Difor har me heller ikkje ropt så høgt tidlegare,
Hanne Davidsen
Ordførar i Nesna

Utdannar til regionen

— Helgeland er ein utdanningsfattig region, seier Davidsen.

Nettopp difor meiner ho det er svært viktig at ein kan tilby høgare utdanning, og ei utdanning som er tilpassa søkjarane. Grunnskulelærarutdanninga som i dag vert tilbydd i Nesna er samlingsbasert. Davidsen fortel om ei åleinemor med fire barn som har fullført utdanninga, med mastergrad.

— «Alle hjelpte meg», sa ho til meg. Slik har det vore her, med eit lite studiemiljø vert den enkelte studenten sett. Og tenk for ein ressurs denne kvinna er for sin skule no når ho er ferdig utdanna!

Davidsen fortel at svært mange av dei som tek lærarutdanninga si på Nesna kjem frå nærområdet. Det gjer at dei vert verande etterpå – og at skuleelevar i området slik får kompetente undervisarar.

— Kom forslaget om å legga ned i Nesna uventa?

— Me har sett nokre teikn, men likevel var det eit sjokk då rapporten kom. Me er skuffa, me trudde på det som vart sagt om at alle studiestadane skulle bestå då me vart ein del av Nord universitet. Difor har me heller ikkje ropt så høgt tidlegare, sjølv om studietilbodet på Nesna har vorte redusert dei siste åra, seier Davidsen.

I 2016 sa ho til Khrono at ho var skuffa over utviklinga ved den gamle høgskulen, med kutt i studietilbodet.

Støtte i styret

I universitetsstyremøtet tok Lisbeth Flatraaker opp endringar for lærarutdanninga. Flatraaker er tilsett ved Fakultet for lærarutdanning, kunst- og kulturfag. I dag er det grunnskulelærar- og barnehagelærarutdanning både på Nesna, i Levanger og i Bodø.

— Me må ikkje verta historielause. Ingen av desse tre hadde klart å driva lærarutdanning med master åleine. Det kjem ikkje fram i sakspapira at Nesna har bidratt med toppkompetanse innan fleire område, sa Flatraaker, og viste til at Nesna òg skårar høgt på studiebarometeret.

Avstand? 30 mil

— Sjølv om Nord har sine krav, kan ein ikkje fråskriva seg eit samfunnsansvar, seier Robin Munkvold. Han leiar Forskarforbundet ved Nord universitet, og hadde òg tatt turen til styremøtet i Værdal.

— Får ein med kompetansen frå Nesna til Bodå? Det er om lag 75 fagleg tilsette der, eg trur det vert utfordrande å få dei med, seier Munkvold.

Robin Munkvold er kritisk til at utdanningstilbodet i Nesna kan verta lagt ned. Foto: Hilde Kristin Strand
Robin Munkvold er kritisk til at utdanningstilbodet i Nesna kan verta lagt ned. Foto: Hilde Kristin Strand

Frå Nesna til Bodå er det 30 mil.

Styreleiar tok opp Namsos

Namsos er føreslege som ein utdanningsstad, det vil seia at det kan drivast nettbaserte studium derifrå. Men Namsos kom opp som eit eige punkt i styremøtet: Styreleiar Vigdis Moe Skarstein trekte fram både plassering av fagmiljøet i farmasi, som i dag er i Namsos. I tillegg tok ho til orde for å sjå på sjukepleiarutdanninga i Namsos.

— Ein del av dei som tek denne i dag, kjem truleg frå Namdalen, sa ho.

I dag er det hundre sjukepleieplassar i Namsos.

Under pressekonferansen fekk rektor Hanne Solheim Hansen spørsmål om Namsos var meir spiseleg enn Nesna.

— Ein har ei helsefagleg tyngde i Namsos i dag. Og Namsos er den einaste studiestaden att i Namdalen, sa ho.

I vedtaket heiter det at «styret ber generelt om å få en grundigere analyse enn det som ligger i utredningen om hvorvidt det er mulig å få til et tettere samarbeid mellom de fagmiljøer som i dag er lokalisert på Namsos: sykepleie, vernepleie, paramedisin og farmasi, og hvilke faglige synerger det eventuelt kan ha for et sterkere tverrfaglig helsevitenskapelig miljø på Namsos, både for forskning og utdanning», og «den videre analysen bør det analyseres hva som skal til for eventuelt å ha et permanent tilbud innen sykepleieutdanning i Namsos».