tilsetting

Handplukka til toppstilling i Singapore

Peter Tornquist har vorte nemnd i debatten rundt nye rektorar i Oslo. No er han i staden handplukka til ei dekanstilling i Singapore.

Han vert ikkje rektor ved verken BI, Høyskolen Kristiania eller OsloMet. I staden flyttar Peter Tornquist til Asia for ei leiarstilling der.

— Eg har alltid sagt til mine tilsette at ein ikkje skal lata ein sjanse som dette gå frå seg.

Peter Tornquist humrar. I sommar avslutta han åtte år som rektor ved Norges Musikkhøgskole (NMH). Etter den tid har det vore spekulert i om han kan vera aktuell for ei av dei tre ledige rektorstillingane i Oslo. No orsakar Tornquist at han har vore noko ordknapp. Men det har ein grunn: Han har vorte plukka ut til å verta dekan ved Yong Siew Toh Conservatory of Music (YST) ved National University of Singapore.

— Eg har fått ein kontrakt på tolv år. Det er ei professorstilling som òg inneber rolla som dekan, seier Tornquist.

YST er eitt fakultet ved det store universitetet - eit universitet som er på topp ti på internasjonale rangeringar.

Var ledig på marknaden

I ei pressemelding frå universitetet heiter det at ein etter eit stort internasjonalt søk er glade for å kunne ønska Tornquist velkommen.

— Tornquist er ei innflytelsesrik stemme i musikkutdanning på høgare nivå, og arbeidet hans har vore sentralt når det kjem til å etablera kunstnarisk forsking som eit avgjerande kunnskapsfelt på moderne musikkonservatorium, seier rektor Tan Eng Chye.

— Kvifor utlandet og ikkje Oslo?

— Det er noko med å søkja nye utfordringar. Eg har bakgrunn i musikkutdanning, som er eit internasjonalt felt, og det å leia på eit anna språk er noko av det eg synest vert spanande og utfordrande, seier Tornquist til Khrono.

— Har det vore samarbeid mellom YST og musikkhøgskulen?

— Ja, i nær heile min rektorperiode hadde me eit strategisk partnerskap, mellom anna gjennom Erasmus-ordningar. Me har òg hatt felles forskingsprosjekt og mobilitetsprosjekt for både tilsette og studentar.

Tornquist legg til at YST hadde fått med seg at han var ledig på marknaden. Dei har vore utan leiar i eit år no, og tok kontakt for å høyra om han var interessert.

Peter Tornquist har vore rektor ved Musikkhøgskolen i åtte år. No ventar ei åremålsstilling på tolv år i Singapore.

På flyttefot

No gjer Tornquist det han smilande fortel at ein jo ikkje vanlegvis gjer: Seier opp ei stilling i staten.

— Eg flyttar til Singapore, men kjem framleis til å ha leilegheita mi i Oslo. Så kan ein tenkja seg at det ikkje er unaturleg at eg har eit eller anna band til NMH i framtida, men per no seier eg altså opp.

Grunna ein viss pandemi er det ikkje heilt klårt når Tornquist kan byrja i den nye stillinga, men håpet er i løpet av februar.

I Tornquist si rektortid ved NMH har den vitskapelege høgskulen klatra på dei internasjonale rangeringane. I 2021 kom topp ti-plasseringa i QS si rangering innan kunstneriske fag.

Powered by Labrador CMS