universitetet i agder

Han vert ny kommun­ikasjons­direktør i Agder

Øivind Moen Eskedal er tilsett som kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Agder. Han har vore konstituert i stillinga det siste året.

Øivind Moen Eskedal skal leia kommunikasjonsarbeidet ved Universitetet i Agder.

I fjor vår vart Universitetet i Agder (UiA) sin kommunikasjonsdirektør Paal Pedersen henta inn som statssekretær i kommunal- og moderniseringsdepartementet. Då vart Øivind Moen Eskedal konstituert i leiarstillinga ved UiA. No er har tilsett som direktør for avdelinga der han har jobba sidan 2014.

— Kommunikasjonsavdelinga ved UiA er breitt samansett, med tilsette som jobbar med marknadsføring samfunnskontakt og forskingsformidling. Eg trur det er ein fordel å ha jobba med alle desse felta, seier Eskedal.

Nøgd direktør

Det var UiA sjølv som først melde om tilsettinga. Der seier universitetsdirektør Seunn Smith-Tønnessen at Eskedal er både kreativ og målretta.

— Ein leiar eg har store forventningar til framover, seier Smith-Tønnessen.

Eskedal sjølv peikar på både den overordna strategien for UiA og handlingsplanen for kommunikasjon som viktige når han no skal leia kommunikasjonsarbeidet vidare.

— Og så er det mange som ønskjer mykje, så det gjeld å prioritera, humrar han.

UiA og NRK

Khrono har skrive fleire saker om at fleire av universiteta har lyst ut kommunikasjonsdirektørstillingar i fleire omgangar før dei har tilsett nokon.

— Kva skil kommunikasjonsarbeidet ved eit universitet frå ei anna stor verksemd?

— Eg trur ein kan samanlikna eit universitet med ein kulturinstitusjon eller eit sjukehus. Me har høgt kompetente medarbeidarar, som òg har ein sterk akademisk fridom, seier Eskedal.

Sjølv er han utdanna journalist frå Gimlekollen og har i tillegg master i samfunnskommunikasjon frå UiA. I tillegg til ved UiA, har han jobba i NRK.

— Eg trur det er ein fordel å ha jobba ved eit universitet når ein skal inn i ei stilling som eg no skal, seier Eskedal.

Powered by Labrador CMS