språk
Han skal læra studentar i England om nynorsk
Polsk-britiske James K. Puchowski får stipend frå Mållaget for å skriva den første læreboka om norsk, på engelsk, på tretti år.

På Twitter heiter han @kvisleis. No skal James K. Punchowski læra studentar i England nynorsk (og for ordens skuld, «kvisleis» er ikkje eit ord som står i nynorskordboka). Laurdag fekk han eit nynorskstipend på 50 000 kroner frå Noregs Mållag for å skriva ei innføringsbok for britiske studentar.
— Den siste læreboka til engelsktalande om norsk kom på 1980-talet, så det var på tide med ei oppdatering, seier Puchowski.
Møtte mållagsfolk i Oslo
Han er polsk-britisk, og var ein av fem studentar ved Universitetet i Edinburgh som tok ei grad i norsk og lingvistikk. I 2015 kom han som Erasmus-student til Oslo.
— Der møtte eg mållagsfolk. Sjølv nytta eg allereie radikal bokmål, og slik vart nynorsk mitt språk, fortel Puchowski — på norsk.
I Oslo var han aktiv i Studentmållaget og sat i styret der.
No jobbar han som universitetslektor ved University College London, og tek i tillegg doktorgrad i Edinburgh.
Tek doktorgrad

Læreboka Puchowski skal skriva, vert på engelsk. Når han underviser studentane, er det bokmål som er i fokus, fordi det er det norske skriftspråket det er lettast tilgang til.
Men Puchowski er oppteken av å læra studentane både at det er to skriftspråk i Noreg, og meiner at nynorsk må visast fram som eit sjølvstendig og levande språk.
Puchowski underviser òg om dansk og svensk, og han forklarar om dei norske dialektane.
— Me samanliknar alle dei fire språka i Skandinavia, seier han.
— Korleis er det å undervisa engelske studentar i norsk?
— Det er faktisk studentar frå heile verda der. Nokre har vore på ferie i Noreg, andre har familie i landet og nokre er berre nyfikne. Studentane skal læra å både lesa, skriva og snakka norsk, seier han.
Arbeidet med læreboka tek til i haust. I tillegg skriv Puchowski doktoravhandling der han samanliknar språkstrid og språkaktivisme i Katelonia, Skottland og Noreg.
Nyeste artikler
Tidligere studentleder tilstår underslag av 1,1 millioner kroner
Har du meldt deg inn i NTL enda?
Historisk løft for høyere yrkesfaglig utdanning
— Jeg liker å se på meg selv som Norges største Nav-nerd
Mener det må følge penger med ny aldersgrense
Mest lest
Trump truer Harvard med kutt på nesten 100 milliarder
Norsk mangfoldsopprør sprer seg til hele Norden
To uker før masteren skulle leveres, fikk hun tilbud om å ta doktorgrad
Reagerer på at det stilles spørsmål om Hellestveits forskertittel
Nature-undersøkelse: 3 av 4 amerikanske forskere vurderer å forlate USA