NRK-serien «Rykter» spinn ut frå manusstudiet ved Universitetet i Bergen. Professor Øyvind Vågnes leier dette. Sjølv skriv han romanar, mellom anna om korleis krig råkar fleire generasjonar.

Kanskje var det omlag her dei reiste frå? Den første generasjonen ein møter i Øyvind Vågnes sin nye roman, er nordmenn som har utvandra frå Vestlandet og som deretter deltek på nordstatane si side i den amerikanske borgarkrigen. Ein får òg høyra om fjerde generasjon, som kjem frå USA på besøk til Bergen.

Han leier miljø som står bak ny NRK-serie

Publisert Oppdatert

I eit auditorium i Media City Bergen gjer Thomas Seeberg Torjussen seg klar til å undervisa masterstudentar i manusskriving. Torjussen er mannen bak «Koselig med peis», NRK-serien frå 2011 som vart både elska og hata, og ungdomsserien «Zombielars», som har fått Gullruten for beste barne- eller ungdomsprogram.

— Heilt avgjerande å få med slike som han.

Det seier professor Øyvind Vågnes, som er ansvarleg for manusstudiet, som formelt heiter masterprogram i manusutvikling for seriar. Sjølv har han ikkje skrive eitt einaste manus verken for film eller fjernsyn, men han har skrive mykje anna. Sist romanen «Ei verd utan hestar» — meir om den seinare.

Serie frå Vestlandet

Vågnes, som har både skjønnlitteratur og sakprosa på CV-en, vart oppmoda om å søkja før manusstudiet starta opp ved Universitetet i Bergen (UiB) i 2017.

Å vita kva manus som faktisk vert plukka ut og brukt til film eller TV er vanskeleg, seier han, så det studentane lærer er først og fremst idéutvikling, å finna vegen fram til ei forteljing og å læra seg å bruka dei mest vanlege skriveverktøya som vert brukte i bransjen.

— Då me starta opp dette studiet, var eg uroleg for om det kom til å verta vanskeleg å få tak i førelesarar. Store deler av den norske film- og TV-industrien ligg som kjent i Oslo. Men det har heldigvis ikkje vore vanskeleg. Det er viktig for studentane å få inn folk som skriv sjølve, får ting produsert og er nær der ting vert laga, seier Vågnes.

Manusstudiet er berre fem år gamalt, og i film- og TV-bransjen tek ting tid, seier professoren. Han gler seg difor stort over at Sigrid Kolbjørnsen, som var første kull masterstudent og no er stipendiat ved Institutt for informasjon og medievitskap, er ein av to hovudforfattarar for den ferske NRK-satsinga «Rykter». Her følgjer ein ungdom på bygda, på Vestlandet.

— Dette er veldig kjekt, seier Vågnes.

— Eg plar seia til studentane at meir enn å kunne laga heilt eigne ting når dei er ferdige med master, må dei rekna med å medverka i ein prosess. For Kolbjørnsen har det gått fort å få laga noko eige og vera med som hovudforfattar på ein serie.

Kolbjørnsen har skrive manus saman med Christoffer Ebbesen, og serien er produsert av Mothership Entertainment.

Glamorøst? Vel...

Vågnes seier at det ikkje trengst altfor mange manusforfattarar i Noreg.

— For mange kan det å skriva manus for TV-seriar kan nok ha noko glamorøst over seg, men skriveprosessen kan vera både tung og einsam, og samarbeid ein går inn i tidvis krevjande.

— Korleis er kvaliteten på det som er laga i dag?

— Utover på 2000-talet hadde ein kampanjar i Noreg der ein såg til TV-suksessen i Danmark, og ville ha meir forfattarstyrt drama. Frå 2010 fekk ein då seriar som «Koselig med peis», «Kampen for tilværelsen», og seinare «Skam» og «Nobel». No har ein nyleg fått «Gutta på skauen».

I filmkulturen var TV lenge noko ein såg ned på, seier professoren. Slik er det ikkje lenger.

— Eg oppfattar at det er stor interesse for norske kvalitetsseriar. Men det er vanskeleg å nå gjennom, i dag er det nesten for mykje å velja i.

Vågnes ser ned på sin eigen telefon som ligg på kafébordet, og mumlar noko om at konsentrasjonsevna òg har endra seg. Han fortel om folk han kjenner som har metodar for å ikkje kunne gå på nett, og slik tvingar seg sjølv til å jobba konsentrert.

— Men no skal ikkje eg ausa ut, det vert fort noko gamalmodig over det, seier han og humrar.

Det vert teke opp ti masterstudentar til programmet i manusutvikling for seriar kvart år. Nokre av dei kjem frå fag som film- og TV-produksjon, andre har anna grunnutdanning og har levert eit motivasjonsbrev for kvifor dei fortener ein plass. Øyvind Vågnes er professor og forfattar.

Valde forskarlivet

På tidleg 2000-tal tok Vågnes sjølv eit val. Han var fulbright-stipendiat i USA, og hadde på den tida så mykje skjønnlitterær tekst liggande at han ville senda han til eit forlag. Resultatet vart romanen «Ingen skal sove i natt». Samstundes tok han doktorgrad i amerikansk litteratur og kultur.

— Deretter fekk eg faktisk to stipend samstundes. Eg fekk tilbod om eit kunstnarstipend og om ei postdok-stilling. Eg hugsar eg ringde og spurde om det var mogleg å utsetja kunstnarstipendet. Det var det ikkje, så eg enda med å ta det som gav meg mest pengar, humrar Vågnes — nesten tjue år seinare.

Det betyr at det vart eit forskarliv, som i starten let seg kombinera med å skriva både skjønnlitterært og faglitterært.

— Eg hadde periodar der eg hadde eit engasjement og underviste, og i tillegg var eg frilansar og kunne leva av å skriva. Men etter at eg fekk fast jobb ved UiB, har det vorte mindre. Slik sett var pandemien ein gullperiode. Eg flykta til leilegheita vår på Ustaoset og berre skreiv.

Eg enda med å ta det som gav meg mest pengar.

Øyvind Vågnes

I romanen «Ei verd utan hestar» møter ein fleire generasjonar med eitt fellestrekk: Røynsler frå krig.

— Eg oppfattar romanen som temmeleg episodisk. Har du tenkt på at dette kan vera mogleg å laga film av?

— Det er interessant at du seier episodisk, det har eg faktisk ikkje tenkt på. Men det er ein roman der kapitla står på eigne bein, og eg har kunna gå inn i eitt kapittel om gongen. Eg har òg flytta på delar. Andre romanar eg har skrive har vore meir kronologiske, med unntak av den aller første.

Men film? Vågnes trur ikkje det.

— Eg har tenkt at det kan vera kjekt å prøva å skriva eit manus. Men når ein jobbar med ein roman vert ein ein slags gud, sjølv om det sjølvsagt er redaktørar som ser på teksten. Ein treng ikkje å tenkja på at ei scene — til dømes frå eit slag i den amerikanske borgarkrigen — vil kosta for mykje. Når ein skriv manus er det brått mange andre som skal meina noko om teksten din, og sluttresultatet avhengjer av kreative krefter du ikkje rår over som forfattar.

Etter først å ha kladda på ein rosa lapp, er forfattaren klar til å signera bøker. Framsidebiletet er teke av Emmet Gowin, og viser resultata av atomprøvesprengingane i Nevadaørkenen. Ei av sprengingane vert tidleg i romanen skildra som ei hending folk var begeistra over, og tok seg eit glas til. No veit ein at atomavfall har ei nedbrytingstid på svimlande 10 000 år.

Var i USA 11. september 2001

4. september 2001 flytta Øyvind Vågnes til Washington DC. Nøyaktig ei veke seinare sat han på ein buss, på veg til kongressbiblioteket.

— Bussen stoppa, og ei kvinne som sat med høyretelefonar byrja å snakka høgt. Ho fortalde at Pentagon brann, og at presidenten var på ein ukjend plass. Ho er galen, tenkte eg. Men så kom det helikopter. Eg reiste heim, vekte kjærasten min og skrudde på fjernsynet.

I amerikanske medium var det kort tid etter åtaka saker om menneske som var på plass i ruinane for å henta ut gjenstandar. Desse vart tekne vare på, og i dag, vel tjue år seinare, er fleire av dei stilte ut på museet ved World Trade Center.

— Eg tenkte at her har ein ein kultur for minneprosessar, seier Vågnes.

Han skildrar ein annan minneprosess i romanen sin. Den eldste generasjonen ein høyrer om, var nordmenn utvandra til USA som tok del i den amerikanske borgarkrigen. Parallelt med historia om Torjus Knudson får ein høyra historiene til mennene i generasjonane etter han. Ei av historiene er om Torjus Knudsen, den eldste Torjus sitt oldebarn, som reiser til USA med sin son. Sonen, Tord, er oppteken av borgarkrigen, og skal vera med på ein stor rekonstruksjon av eit av dei store slaga.

— Det er andre, som Edvard Hoem, som har skrive godt episk og kronologisk om generasjonar som utvandrar. Eg er mest oppteken av relasjonane mellom menneska.

Er det noko likt med alle krigar?

Krigsrøynsler er på eit vis både overfortalt og underfortalt, meiner Vågnes.

— Ein snakkar om krig, og etter kvart kjem det forteljingar av alle slag, bøker, filmar, seriar, men mange av dei som sjølve var med har ikkje fortalt sine historier — heller ikkje til sine aller næraste. Dei har ikkje orka. Samstundes er det nokre røynsler som har festa seg, på tvers av generasjonar.

Fersk bok på plass hos bokhandlaren. Litt opplesing på ymse arrangement vert det for forfattaren, men han meiner sjølv at han har ein smal, nynorsk forfattarskap.

— No skriv du om krig, mellom anna om ein Vietnam-veteran, og nyleg kom det film om krigsseglarane. Er det ei grense for kor lenge ein bør venta før ein skriv om ein krig?

— Forteljingane knytte til andre verdskrigen forsvinn jo, etter kvart som dei som levde døyr bort, så kanskje har ein større kunstnarisk fridom no. Men eg var ganske nervøs då eg skulle skildra krigsscener — sjølv er eg jo knapt stridsdyktig! Samstundes trur eg at noko er likt i all krig. Menneska har alltid vore like redde, seier Vågnes, og dreg ein parallell til dagens situasjon i Europa:

— Det er banalt med krig. Det byrjar ofte med ein galning, ein despot, som driv folk. Ein har ikkje kome lenger i dag heller, så det er mogleg å dra parallellar langt tilbake.

Dei krevjande historiene

Det som skjedde i USA 11. september 2001 var ikkje krig, men terror. Det same skjedde 22. juli 2011 i Noreg. Hendingane då har allereie vorte fortalde gjennom både film og TV-serie. Vågnes fortel at serieskapar Sara Johnsen var ved Institutt for informasjon og medievitskap og viste nokre av episodane før serien vart sendt på NRK, og diskuterte det utfordrande manusarbeidet med studentane.

Denne serien fekk seinare Gullruten for beste TV-drama.

— Etter 22. juli vart det eit spørsmål om kva ein skal gjera med denne felles historia. Det er viktig at den vert fortalt på riktig måte. Eg trur ikkje det er lurt at ein ikkje fortel, seier Vågnes.

Men då studentane skulle få sjå serien, gjorde han noko han ikkje plar gjera: Spurde om det var nokon i rommet som ønskte å gå ut.

— Dette er ein serie som er vond, særleg fordi ein veit kva som kjem — og fordi ein veit at dette faktisk har skjedd, seier professoren.

You are writing a novel, sa ein fransk professor til Øyvind Vågnes om doktoravhandlinga hans. Roman vart det ikkje då, men avhandlinga vart gitt ut i bokform i USA. Seinare har det vorte fem romanar, og i tillegg noko sakprosa. Manusforfattar Thomas Seeberg Torjussen bak.

Du må velja, sa rettleiaren

Orm Øverland, som var Vågnes sin rettleiar då sistnemnde tok doktorgrad, sa ein gong at Vågnes måtte velja. Å få tid til både skjønnlitteratur og forsking ville verta vanskeleg, meinte Øverland.

— Eg skjønar at han sa det. Men eg har vore, og er, ekstremt privilegert. Eg får både forska og publisera forskingsartiklar, og eg kan skriva skjønnlitteratur.

Sin eigen litteratur ser han på som ganske smal.

— Eg skriv nynorsk, og det kjem eg til å halda fram med. Eg har på eit vis funne mi nisje, og vore heldig og fått gode meldingar, seier Vågnes.

— Det er òg nyttig med ein levande forfattarskap når eg har den jobben eg har.

Endringslogg: Lagt inn namn på manusforfattar og produksjonsselskap, 3.10 kl 15.15.

Powered by Labrador CMS