12 år som rektor

Han bygde bru til Russland i 30 år og gav Lavrov æresdoktorat. — Nei, vi var ikkje naive

Rett før han gjekk av som rektor i 2013, vart Sergej Lavrov gjort til æresdoktor. No har tidlegare rektor ved Universitetet i Tromsø, Jarle Aarbakke, publisert memoarane sine.

I 2013 vart Jarle Aarbakke takka av som rektor etter nær 12 år, i tru om at det nære forholdet til Russland skulle halde fram. Dei tette relasjonane til Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre var med på å føre han inn i Arbeidarpartiet. I 2015-2109 vart han varaordførar og ordførar i Tromsø
Publisert

— Eg har prøvd å ikkje bli han som heng i hornet på veggen, når eg no skriv dette ni år etter at eg gjekk av, seier Jarle Aarbakke, tidlegare rektor ved Universitetet i Tromsø, som overleverte rektorkjeda til Anne Husebekk i 2013.

For nokre månader sidan, nærare bestemt den 20. februar, sette Aarbakke punktum for arbeidet med ei komprimert forteljing frå tida si som rektor ved det som no heiter UiT Noregs arktiske universitet.

Fire dagar etter han fullførte siste setning, gjekk Russland til krig i Ukraina.

— Det var eit sjokk, seier Aarbakke.

I den grad Aarbakke hospiterer i hornet på veggen, måtte han no klatre ned, og stille seg pent opp i etterpåklokskapens harde lys.

Støre, Lavrov, Aarbakke

Memoarane handlar om mangt, på sine 130 sider, med 400 referansar, publisert på UiTs nettsider. Tittelen meir enn antydar korleis Aarbakke ser tilbake på universitetets funksjon i hans nær 12 år i rektorstolen: «Fra regionalpolitisk redskap til nasjonal politisk aktør».

Det regionalpolitiske var utgangspunktet for Stortinget då Tromsø vart byen for Noregs tredje universitet våren 1968. I Aarbakkes framstilling vart UiT på 2000-talet ein sentral aktør i dei store omstruktureringane som universiteta gjekk gjennom i kjølvatnet av Bolognaprosessen og Kvalitetsreforma. På 2000-talet hadde sjølvtilliten for alvor begynt å setje seg:

Kontrollorganet Nokut vart etablert i 2003, og UiT var blant dei første som vart kontrollerte. Aarbakke skriv at dei «øvde på å ikkje være arrogante» før møta med Nokut. «For jeg hadde med meg i bagasjen at vi siden 1973 gjennomførte muntlig og skriftlig offentlig evaluering av enkelforelesninger, forelesere og evaluering av hvert enkel såkalt organkurskurs i medisinstudiet».

Møtet med den sørafrikanske kyrkjeleiaren og menneskerettsforkjemparen Desmond Tutu, i Tromsø i 2007, er blant høgdepunkta i Jarle Aarbakkes rektorkarriere. Tutu vart æresdoktor ved UiT i 1993.

I det Aarbakke sjølv omtalar som eit digitalt rektorarkiv skildrar to kapittel, eitt om nordområda og eitt om internasjonalisering, det stadig tettare forskings- og utviklingssamarbeidet med russiske forskarar, studentar og institusjonar. Arkivet, eller memoarane, samlar tekstar også frå andre sentrale aktørar i rektorperioden. Blant dei er Jonas Gahr Støres takketale frå utdelinga av hans æresdoktorat i 2013, som han fekk parallelt med dåverande utanriksminister-kollega Sergej Lavrov.

Initiativet kom frå Aarbakke, som i eit styremøte på UiT i juni 2011 — ikkje utan motførestillingar — fekk gjennom vedtaket. Grunngivinga var arbeidet dei to statsleiarane hadde lagt ned saman for å nå fram til avtalen om ei grense i Barentshavet, den såkalla delelinjeavtalen.

Khrono omtalte tidlegare i år Lavrovs besøk ved UiT hausten 2021, då han ni år forsinka kom for å ta imot heider og ære, denne gong frå rektor Dag Rune Olsen. «Uproblematisk», proklamerte Olsen.

— Æresdoktoratet står seg. Som fredsprosjekt mellom naboar i nord, slo Aarbakke fast, ein krig som han såg på som heilt usannsynleg.

— Har du vore naiv?

— Eg var vel på linje med cirka 99,7 prosent av dei som hadde grunn til å meine noko, då sett bort frå amerikansk etterretning, som må ha hatt særdeles gode lyttepostar. Nei, vi var ikkje naive, seier Aarbakke.

Etter Sovjetunionen

Hans første møte med Russland var i 1992. Tre år tidlegare hadde Berlinmuren falle. Året før hadde Sovjetunionen brote saman.

— Vi var optimistiske, vi trudde på opningar for nye former for samarbeid. Det viste seg då også å vere rom for det. Så lenge det var fred. Vi kan vere stolte av det vi fekk til, eit breitt fagleg samarbeid, det handlar om språk, litteratur, historie, og det involverer helsearbeidarar og marinbiologar. Vi skal ikkje gløyme at det like etter Sovjetunionens fall var stor fattigdom i Nordvest-Russland, som eg fekk sjå med eigne auge i 1992. Det gjorde eit uutsletteleg inntrykk på meg å møte barn med dødelege sjukdomar, som nokre mil lenger vest hos oss i Nord-Noreg ville ha overlevd, seier Aarbakke.

Besøket var starten på det som utvikla seg til eit breitt samarbeid om helse. Etter kvart førte UiT-samarbeidet fram mot Russlands første master i Public Health, som har utdanna nær 100 masterkandidatar.

— Vi starta Russlands første ph.d. i dette faget, eit fag som er heilt avgjerande for eit lands evne til å behandle data om eiga befolkning si helse. No har snart 40 stipendiatar fullført doktorgraden, seier Aarbakke.

Etter 40 års usemje og forhandlingar signerte utanriksministrane Jonas Gahr Støre og Sergej Lavrov deleinjeavtalen i Murmansk i 2010. Begge vart utnemnde til æresdoktorar ved UiT for innsatsen. I bakgrunnen dåverande statsminister Jens Stoltenberg.

Helsesamarbeidet vart i sin tur ein av døropnarane for det som vart eit breitt utvikla norsk-russisk samarbeid om forsking og utdanning. Men det var også starten på eit langsiktig og tverrnasjonalt freds- og avspenningsarbeid, slik Aarbakke ser det.

— I dette møtte mange unge menneske kvarandre. Det var jo det UD-diplomatane alltid sa: Det viktigaste er å la dei unge møtes, om 10-20 år er det dei som styrer. Då betyr det noko at ein kjenner kvarandre. Eg kallar det ikkje naivt, men optimistisk, solidarisk og framtidsretta det vil heldt på med.

Då Aarbakke vart valt til rektor i 2002, vart det for alvor fart i Russland-sporet på UiT.

Men det var altså ikkje berre Russland det handla om for rektor Aarbakke i desse åra. Det handla også om regionkamp og Nord-Noreg. Om fusjonar — dei to første mellom universitet og høgskule i Noreg (Høgskolen i Tromsø) og deretter Høgskolen i Finnmark. Det handla om kampen om pengane. Om skandaleoppslag i Nordlys. Om tellekantar, som Aarbakke i kraft av sine verv i Universitets- og høgskolerådet var med å innføre.

Om tenner.

Nord og opp

I 2004 etablerte UiT som den tredje institusjonen i Noreg utdanning i odontologi. For Aarbakke grip dette inn i diskusjonen om valde versus tilsette rektorar på universiteta. Det handlar om legitimitet.

— Eg er fortsatt prinsipielt sterkt kritisk til tilsette rektorar på universiteta, sjølv om det er gode folk mange stader. I forkant av at vi vann fram i kampen om å få odontologi, vart eg støtta av eit solid fleirtal som valde meg inn som rektor. Eg visste også at eg hadde støtte frå 450 000 nordlendingar i eit høgst rettferdig krav, nemleg lik standard for tannhelse i denne regionen som i resten av Noreg, seier Aarbakke.

Og legg lett til, på klingande bergensk:

— Oslo og Bergen dømde dette nord og ned.

— Tenker du at det blir mykje konkurranse mellom universiteta?

— Nei og ja. Det har alltid vore konkurranse, og slik skal det vere. Men som universitet er det eit poeng å finne fram til det ein kan einast om i ein konkurransesituasjon. Når eg ser på det som skjer i etterkant av kutta i Forskingsrådet, ser eg at dei som gir uttrykk for mest «liding», er dei som normalt får store løyvingar. Medan dei som ikkje har fått så mykje er meir tause. Men eg meiner altså at konkurranse er sunt. Det er slik det skal vere.

— Kan det bli for mange universitet?

Oslo og Bergen dømte dette nord og ned

Jarle Aarbakke, tidlegare rektor, UiT

— Ja, det kan det. Men talet skal eg ikkje ha noko meining om. Eg har brukt å seie at vi skal vere dei siste til å trekke opp stigen, nettopp på grunn av kampen vi sjølv hadde for å stifte vårt universitet.

— Å vere nord for polarsirkelen, langt frå makta, er det fortsatt ein motbakke, tenker du?

— Ja. Det ser du for eksempel i debatten om Nord-Norgebanen. Men folk i Bergen vil seie det er ein motbakke, folk i Trondheim vil seie det, og vi i Tromsø. Men mykje har endra seg, og mykje draghjelp har kome frå utlandet i å bygge opp fagmiljø. På møter i utlandet opplevde eg ofte å vere den mest interessante rektoren, fordi eg representerte eit universitet med spisskompetanse om arktiske og pan-arktiske forhold, minnest Aarbakke.

Så gjorde han då også sitt for å prøve å trekke merksemda til den vesle universitetsbyen oppe ved Nordpolen — mellom anna med å iherdig jobbe for å kaste glans over internasjonale prominensar.

UiT hadde lenge gjort det til eit slags varemerke å utnemne fridomsheltar, modige opposisjonelle og statsleiarar til æresdoktorar. Mikhail Gorbatsjov. Rigoberta Menchu. Salman Rushdie. Dalai Lama. Desmond Tutu.

Nelson Mandela skulle bli Aarbakkes store utnemning.

Men ikkje Mandela

— Eg møtte Mandela, seier Aarbakke.

Det var i Tromsø i 2005, då Mandela kom til byen i samband med 4664-konserten (Mandelas fangenummer frå Robben Island). Aarbakke hadde arbeidd med dette i eit halvt år. Førespurnaden til Nelson Mandela Foundation var sendt, tanken var at han skulle ta imot æresdoktoratet då han kom til Tromsø.

Men så langt kom ikkje Aarbakke, eller Mandela. Presidenten trong alle kreftene til å gjennomføre talen og konserten, og hans personlege og kompromisslaust beskyttande assistent, Zelda la Grange sa stopp.

Den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov kunne, i ei kontrafaktisk historie, blitt ein slags prikk over i-en i universitetsleiarens livsprosjekt. UiT hadde trass alt blitt ein sentral aktør i utviklinga av nordområda og Arktis, som Jonas Gahr Støre uttrykte det i takketalen for sitt æresdoktorat. Ein stor del av æra delte han med rektoren:

«Aarbakke ledet det første ekspertutvalget, han var medlem i det neste og en konstant pådriver i det meste. Sent og tidlig har han meldt seg på telefon, på mail, på sms og i egen person på kontor og konferanser og talt for nordområdene – og universitetet – for ham har det ganske riktig vært en sammenfallende sak. Rektor Aarbakke har forstått den demokratiske politikkens storslagne kjerne».

Krigen og universitetet

Den verkelege historia ville det som kjent annleis.

— I 2011 var det ein atmosfære av samarbeid etter suksessen med delelinja, som det hadde blitt arbeidd for i 40 år. Det var naturleg der og då. Så gjekk det eitt år til anneksjonen av Krim. Og så skjedde det katastrofale i år der Lavrov tydeleg var ein sentral aktør. Nokon vil seie at det vi bestemte i 2011 var feil, det forstår eg. I ettertida, med den klokskapen det gir, ville vi sjølvsagt ikkje ha gjort det, seier Aarbakke.

Han var heller ikkje åleine med eit syn på Russland som i dag verkar å vere frå ein annan tidsalder. Utanriksminister Støre sa det slik i talen sin: «Utover i forrige tiår stabiliserte situasjonen seg. Det må anerkjennes som et resultat av Putin og Medvedevs år ved makten».

Jarle Aarbakke overleverte rektorkjedet til UiTs siste valde rektor i 2013. — Eg er fortsatt prinsipielt sterkt kritisk til tilsette rektorar på universiteta, seier Aarbakke.

— Korleis ser du no på framtida for samarbeid med russisk side?

— Det ser dessverre veldig dårleg ut. Og dette begynte før invasjonen. Putin lagde lover som gjorde det nesten umogleg å halde fram med eit ope og tillitsfullt samarbeid. Eg er uroa for gamle, russiske kollegaer og venner som kan bli mistenkeleggjorde og kanskje straffa for kontakt med vestlege akademikarar. Samstundes meiner eg styresmaktene våre gjer rett i å seie at samarbeid skal stanse så lenge det er ein krig i Europa. Det er forferdeleg å vere vitne til det som skjer no, og sjølvsagt aller mest i Ukraina.

11. mars la Aarbakke eit «addendum», i telegramstil, til memoar-manuskriptet, der han støttar UiTs val om å trekke æresdoktoratet til Lavrov:

Teksten over var ferdigstilt 21. februar 2022.

Tre dager senere 24. februar 2022 angrep Russland Ukraina.

Angrepet forandret Europa og Verden.

Powered by Labrador CMS