Kortnytt

Hagen ny rektor ved UiB

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetsstyret ved Universitetet i Bergene (UiB) vedtok 7.januar formelt at Margareth Hagen vert ny rektor fram til 31.juli. Som kjent gjekk rektor Dag Rune Olsen av 4.januar, og Hagen, som har vore prorektor, tok då over.

Margareth Hagen leia sitt første universitetsstyremøte som rektor.

Styret vedtok òg at viserektor Annelin Eriksen skal vera nummer to etter Hagen, og ha fullmakt til å mellom anna med møta på rektor sine vegne og signera formelle brev og avtalar.

— Me er eit samla rektorat som skal jobba for UiB dei neste månadane. Tusen takk for tilliten, sa Hagen til styret.

Kven som skal overta som rektor frå 1.august, vert avgjort i elektronisk val frå 22.-25.mars. Så langt har Margareth Hagen og viserektor Oddrun Samdal sagt at dei begge er rektorkandidatar.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Powered by Labrador CMS