Det krev ikkje voldsomt mykje arbeid å omsetje kontraktane til nynorsk. Her illustrert ved ein av SiO sine blokkar på Kringsjå. Foto: Siri Øverland Eriksen

Vil ha valfritt språk på husleigekontraktane

Nynorsk. Det handlar ikkje om kva studenten forstår, men om kva han føretrekk.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) tilbyd i dag husleigekontraktar på bokmål eller engelsk. Det er ein bra ting at studenten sjølv kan velja kva språk han vil verta møtt på, og for skjema er det veldig enkelt å få til. Èi lita omsetjing, og skjemaet er klart i årevis til neste gong nokon skal revidera det. No bør SiO tilby kontraktane sine på nynorsk òg.

I det offentlege er det eit krav at alle skjema skal vera like lett tilgjengelege på både nynorsk og bokmål. Dette kravet fell studentsamskipnadene ikkje under. Men det vil like fullt vera studentar som helst vil ha kontrakten sin på nynorsk, og studentar som helst vil ha han på bokmål. Det handlar ikkje om kva studenten forstår, men om kva han føretrekk.

SiO har hyblar for ein person, for par og kollektiv. Dette er fordi studentane har ulike ynskje og prioriteringar for korleis dei vil bu. Valfridomen styrkjer velferdstilbodet, og føremålet til studentsamskipnadene er å gje eit best mogleg tilbod.

Nokon vil meina at kva språk kontrakten er skriven på er mindre viktig enn husrommet han gjeld. Like fullt styrkjer det velferdstilbodet å tilby kontrakten på ulike språk. Då møter studentsamskipnaden studenten på det språket han vil verta møtt på, og det er eit synleg teikn på at samskipnaden freistar å gå studenten i møte, og respektera han for den han er. Difor bør SiO omsetja husleigekontraktane sine til nynorsk

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS