studentbustad

Gir 400 millionar til nye studentbustader

Åtte studentsamskipnader får 413 millionar kroner til totalt 1130 nye studentbustader. Ein tredel av bustadane skal byggast i Nord-Noreg.

Nybygg på Kringsjå studentby i Oslo er eit av prosjekta som får støtte.
Publisert Oppdatert

– Å sørga for at det finst god tilgang på trygge og rimelege bustader for studentar over heile landet, er noko av det viktigaste vi kan gjere for studentøkonomien. For dei fleste studentar er husleige den største enkeltutgifta. I år aukar vi innsatsen særleg i Nord-Noreg, men også studentbustadprosjekt i sør, aust og vest får store tilskot denne gongen, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe i ei pressemelding.

Regjeringa gir no pengar til totalt 1130 nye studentbustader.

Det prosjektet som får høgast tilskot ligg i Tromsø. Der får Noreg arktiske studentsamskipnad 76 millionar kroner til 200 nye hybeleiningar. Studentinord i Bodø får 68 millionar kroner til 178 nye studenthyblar i Skavdalslia.

– Me vil ha eit aktivt og levande studentliv i Nord-Noreg, og vi veit det er stort behov for fleire studentbustader nord i landet no. Derfor har vi sett av pengar til å skalere opp tilbodet av studentbustader i Bodø og Tromsø kraftig, seier Borten Moe.

Totalt er det 15 prosjekt hos åtte studentsamskipnader får pengar. Det vart søkt om midlar til vel 1600 hyblar, men regjeringa har prioritert prosjekt som kan koma kjapt i gang.

Slik blir midlane til dei 1130 hybeleiningane fordelte:

Samskipnad Studiestad Prosjekt Tiltak Antall Tilskot i mill kr
SINNElverumMeierigataNybygg12039,144
SSNRaulandRaulandsakademietNybygg3210,438
SiOOsloJon P Erliens v 1B-13 (verneverdig)Rehab.17165,356
SammenBergenFantoft - N-blokk sydNybygg20,764
SiTTrondheimMagnus den Godes ft 2Nybygg20,764
SiAKristiansandGimle 4Nybygg7127,136
SiAGrimstadJon Lilletunsvei 21 og 23Nybygg61,957
SammenStordRommetveit - Osahaugen 22-26Nybygg8226,748
SammenBergenSt.Halvardsvei 11Nybygg7729,429
SiTGjøvikRøverdalenNybygg206,524
SiTGjøvikStudievegenNybygg7022,834
SiOOsloKringsjå Fase 3Nybygg7930,193
SiAKristiansandSt. Olavsvei 41-43Nybygg207,644
NASTromsøDramsveien panorama, tr 4Nybygg20076,440
StudentinordBodøSkavdalsliaNybygg17868,031

Kjelde: Kunnskapsdepartementet

Powered by Labrador CMS