Danske Peder Gammeltoft leiar Språksamlingane, og er tilsett ved Universitetsbiblioteket. Han seier at debatten om fagspråk òg er noko ein har i Danmark. Foto: Hilde Kristin Strand

— Treng norsk fagspråk for å kunne utføra ei samfunnsteneste

— Universitetet i Bergen si fremste oppgåve er å utdanna menneske som kan utføra ei samfunnsteneste. Då treng ein norsk fagspråk, seier Peder Gammeltoft.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tenk deg at du hamnar i ein nødsituasjon. Kanskje er du på sjukehuset med det kjæraste du har – ein ektefelle eller eit barn. Men du skjønar ikkje kor alvorleg det er, fordi helsepersonell brukar ord du ikkje forstår.

Eit tenkt døme? Kanskje. Men det viser kor viktig det er med eit norsk fagspråk og norsk fagterminologi, meiner Peder Gammeltoft, skriv På Høyden.

Han er leiar for Språksamlingane ved UiB.

— Ein kan ikkje understreka sterkt nok kor viktig det er å ha eit norsk fagspråk. UiB si fremste oppgåve er ikkje å utdanna forskarar, det er å utdanna menneske som kan utføra ei samfunnsteneste. Og å kunne kommunisera slik at andre kan forstå handlar om kjernen i å vera borgar i eit samfunn, seier Gammeltoft.

Ikkje berre forskar

På Høyden har skrive om at mange fagmiljø ved UiB omtrent ikkje publiserer vitskaplege artiklar på norsk i det heile. Tidlegare denne veka sa psykologi-professor Torill Lindstrøm at ein må ta vare på det norske språket i daglegtalen, men at forskingsspråket må vera engelsk. Lindstrøm underviser òg tidvis på engelsk. Rektor Dag Rune Olsen sa til Universitetsavisa at UiB sitt generelle undervisningsspråk på masternivå ikkje skal vera engelsk. Det vil NTNU no ha, og det har NHH, sa rektor Øystein Thøgersen då han var på frukostmøte i regi av Språkrådet tidlegare i år.

— Eg brukar ikkje hammar for å skru ein skrue inn i ein vegg, seier Gammeltoft.

Ein kan ikkje understreka sterkt nok kor viktig det er å ha eit norsk fagspråk.

Peder Gammeltoft

— I Noreg har ein ei målsetjing om å ta vare på eit norsk fagspråk. Men det betyr ikkje at ein ikkje skal vita kva dei internasjonale termane er, om dei er engelske eller latinske. Når ein er tilsett ved eit universitet er ein både undervisar og forskar, og når ein underviser må ein tenkja på at dei ein utdannar i hovudsak skal jobba i eit norsk samfunn. Men pensum kan sjølvsagt vera på eit anna språk enn norsk, og ein kan òg publisera på eit anna språk enn norsk, seier han.

Oppslagsverk for fagspråk

Språksamlingane og Universitetsbiblioteket har nyleg teke over ansvar for Termportalen. Det betyr i praksis at flest mogleg av dei etablerte terminologiske ressursane er samla på ein stad. Målet er å legga til fleire etter kvart. Prosjektet kom i gang som ein del av det no avslutta Clarino-prosjektet, som handla om elektronisk forskingsinfrastruktur for språkressursar og –teknologi. Lenge var det NHH som hadde Termportalen, men no er han altså drifta ved UiB.

Naturleg, meiner Gammeltoft, sidan terminologi har vore eit fagområde og eit forskingstema ved UiB i mange år.

— Termportalen er eit oppslagsverk for fagspråk. I motsetnad til vanlege ordbøker er det ikkje alltid med ein definisjon av ordet, men ein kan finna hovudform og synonym, og i nokre tilfelle òg former som ein vert rådd frå å bruka, seier Gammeltoft.

— Kven skal bruka denne portalen?

— Eg la ut informasjon om dette på Facebook for eit par dagar sidan, og vart straks kontakta frå Universitetet i Edinburgh. Dei utdannar omsetjarar, og meinte at dette var svært nyttig. Andre brukarar kan til dømes vera dei som skal laga ein presentasjon eller eit føredrag ut frå engelske kjelder. I Termportalen kan ein finna ut kva som er dei korrekte norske fagorda, seier Gammeltoft.

Førebels finst det terminologiar for mellom anna universitets- og høgskulerådet, artsdatabanken, tolketenesta og tekniske termar på nettsida. Gammeltoft seier at målet er å samla det som finst under same tekniske løysing.

— Utgangspunktet mitt er at data er til for å brukast. Så sjølv om Termportalen ikkje er ferdig endå, så er det dette me har inntil vidare, og det me har, skal brukast.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS