Rektor på Høgskulen i Volda, Johann Roppen. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Omkamp i strukturdebatt?

Det kan bli lite framdrift og mykje frustrasjon av omkamp i strukturdebatten, skriv rektor for Høgskulen i Volda, Johann Roppen. Han svarar på eit ope brev frå tilsette på mediefag der dei skriv at Volda bør tenkja nytt og kanskje søkja seg mot NTNU.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fleire tilsette ved Avdeling for mediefag har i ein artikkel teke opp ei rekkje spørsmål om Høgskulen i Volda i høve til strategiprosessen – og mange andre spørsmål. Det viktigaste er vel at dei aktuelle fagtilsette konkluderer med at Høgskulen i Volda bør søkje fusjon med NTNU. Dette er etter mi meining ikkje spesielt godt gjennomtenkt, utspelet er ikkje drøfta på dei aktuelle avdelingane og kan oppfattast som eit heilt unødvendig initiativ til omkamp.

Les også: Volda alene - Quo vadis?

Høgskulen i Volda har hatt ein brei og open diskusjon omkring framtidig samarbeid i fleire år. Det var også tema i strategiarbeidet som engasjerte fleire enn 100 tilsette på høgskulen i fjor haust. Vi hadde ei rekkje møte i strategiarbeidet. Kvifor vart ikkje ideen om fusjon med NTNU  fremja då? Det kan seiast veldig mykje bra om NTNU, og vi har og har hatt ei rekkje samarbeid med NTNU og andre høgskular og universitet i inn- og utland. Men det er ikkje ein god ide at NTNU skal overta Høgskulen i Volda.

Den breie strategidiskusjonen førte fram til at styret vedtok ein strategiplan der det er særleg nemnt samarbeid med Høgskulen i Molde og Universitetet i Bergen. Styret har nett møtt Kunnskapsdepartementet  som i styringsdialogen gav Høgskulen i Volda ros på dette punktet. I strategiplanen kunne det stått at vi skulle søkje nærare samarbeid med Høgskulen på Vestlandet eller NTNU. Men dei to institusjonane er ikkje nemnde i strategiplanen.

Vi har eit spennande samarbeid med Høgskolen i Molde om doktorgradsutdanning innanfor helse- og sosialfag – det har vore ei svært god utvikling i dette prosjektet og lovar godt for framtida til institusjonane – og til regionen. Samarbeidsavtalen med Universitet i Bergen er tilgjengeleg på våre nettsider.

Dette er ikkje ein detaljert avtale, men legg rammer og forventningar for samarbeid. Det er altså opp til fagmiljøa å fylle den med innhald og i leiinga prioriterer vi ressursar for å oppfylle avtalen. Det er altså lagt opp til samarbeid nedanfrå, nett slik brevskrivarane ønskjer. Fagmiljøa har i ulik grad teke ansvar for å fylle avtalen med innhald. Blant anna har fleire fagmilø hatt fellesmøte med aktuelle fagmiljø ved UiB. 22. og 23. mai var heile Institutt for planlegging og administrasjon og skuleretta samfunnsfag på besøk ved UiB og både møtte aktuelle fagfolk og fekk presentere seg. Eg er heilt sikker på at dette vil gje resultat i framtida. Avtalen med UiB har ei tidsramme på tre år og med høve til forlenging i tre nye år. Det tek tid å utvikle samarbeid og vi bør gje oss den tida.

Ut frå dette er det overraskande at utspelet om fusjon med NTNU kjem opp no. Det er mykje meir produktivt å bruke kreftene på å sette ut i livet det som heile organisasjonen har stilt seg bak, styret har vedtatt og Kunnskapsdepartementet har rosa: Samarbeid med Universitetet i Bergen.

Vi har og skal ha ein open debattkultur på Høgskulen i Volda. Men det er også ein fare for at den kan utnyttast til å ta unødvendige omkampar. Det kan bli lite framdrift og mykje frustrasjon av det.

Eg meiner også at det må gå an å føre debatt om høgskulens framtid og vegval utan å snakke ned institusjonen og arbeid som har foregått på andre avdelingar. Ein ting er at ein snakkar ned sin eigen eventuelle forhandlingsposisjon og gir inntrykk av ein splitta høgskule. Men den store og gode innsatsen som har vorte gjort for å få akkreditert grunnskulelærarutdanningane fortener først og fremst ros. Høgskulen i Volda vil til hausten som ein av svært få utdanningsinstitusjonar tilby NOKUT-akkrediterte mastertilbod i grunnskulelærarutdanningane. Det er svært bra!

Mediefaga er viktige for Høgskulen i Volda – og omvendt. Høgskulen prioriterer no å byggje eit nytt hus som skal stå ferdig i 2020 og vil gje fantastiske lokale for forsking og undervisning, særleg for mediefaga. Prosjektet vil truleg koste mellom 150-200 millionar kroner og er på skinner på grunn av eit enormt engasjement frå ei rekkje tilsette og frå avdelingsleiinga.

Volda kjem til å vere ein attraktiv studiestad for lærarutdanningar og skulefag, for sosialfag og for medie- og kulturfag også i framtida. Det handlar først og fremst om oss sjølve. Det handlar om at vi også i framtida utvikler framtidsretta fagutdanningar. Dette krev utviklande faglege diskusjonar og ein engasjerande debattkultur – men også at debattar må kunne bli landa og at ein faktisk set i verk handling og ikkje går i ring i evige omkampar.

(Innlegget er først publisert på bloggen til rektor Johann Roppen.)

Vi har og skal ha ein open debattkultur på Høgskulen i Volda. Men det er også ein fare for at den kan utnyttast til å ta unødvendige omkampar. Det kan bli lite framdrift og mykje frustrasjon av det.

Johann Roppen

Ein treng ikkje å vere samd i alt som leiinga eller eit styre vedtek. Men når eit vedtak er gjort ein bør heller bruke kreftene på å sjå framover og få til ei best muleg utvikling.

Johann Roppen

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS