Stakkars deg! Eg forstår at du har hatt det vanskeleg

Administrerende direktør i Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane, Randi Marie Sjøholt, svarar på kritikken frå seniorrådgjevar i Sogndal, Georg Arnestad.

Publisert   Sist oppdatert

I eit innlegg i Sogn Avis laurdag 8. oktober (òg publisert i Khrono) hevdar du at du har det svært travelt om dagen fordi du jobbar med fusjonen til den nye Høgskulen på Vestlandet.

Du er kanskje ikkje så vant til å ha det travelt i og med at du poengterer det. Det som verre er, er at dine kollegaer ved Høgskulen i Sogn og Fjordane skal nærast ha hindra deg og dei andre som var for fusjonen i å ytra sine standpunkt. Stakkars deg, du har snakka med innestemme for det har vore så fælt å seia at du var for fusjonen.

Eg ser for meg at du har gått med tøflar og, for det gjer dei i Studentbarnehagen når dei er inne og leiker og då snakkar dei med innestemme. Eg har stor medkjensle med deg Georg for du er no av dei som vågar å ytre seg, dette må ha vore svært tungt for deg.

Du har til og med ei spalte i Sogn Avis der du seier det som måtte passe deg, så denne saka må ha vore svært vanskeleg for deg.

Du tyr til og med til midlar i etterkant av fusjonsvedtaka, der du som tilsett ved ein høgskule og forskingsinstitusjon ikkje har sjekka fakta. Eg forstår at du har kome deg noko etter den vanskelege tida før høgskulefusjonen og er «på an igjen».

Du heng deg òg på ein student frå Bergen som tydelegvis har forska på studentvelferda i Bergen og Sogn og Fjordane.

Randi Marie Sjøholt
Administrerende direktør, SISOF

Tidlegare redaktør i Røynda, Kristoffer Skarstein, har gått ut med påstandar om at eg skal ha hindra han i å skrive noko negativt om SISOF i Røynda. Han har faktisk ikkje våga å skrive negative artiklar om oss, påstår han, men han vågar å laga eit stort nummer av ei sak både i NRK og Khrono.no mfl. For meg heng ikkje dette heilt saman.

Saka er den at eg rådde Skarstein frå å legge ut ein personleg artikkel om seg sjølv i Røynda. Dette Georg heng du deg på, utan at du sjekkar fakta. Fakta er at Kristoffer Skarstein har, som han seier, tolka det eg har sagt og ved si tolking har kome fram til desse påstandane. Ut frå dette kjem det masse gørr frå deg om kva som er etisk og moralsk. Kanskje etikk og moral heng saman med å halde seg til det som faktisk har skjedd, så det er kanskje du Georg som er umoralsk i denne saka?

Du heng deg òg på ein student frå Bergen som tydelegvis har forska på studentvelferda i Bergen og Sogn og Fjordane. Eg tilrår deg å lese SHOT-rapporten 2014 og sjekke di eiga utdanning på studiebarometeret.no. Dette er statistikkar som skal vera nokså sikre.

Lat det vere heilt klart. Det er ikkje kome ein negativ omtale om SIB sitt tenestetilbod frå SISOF. Vi har over lengre tid hatt eit flott samarbeid med SIB og dei er like gode som oss på studentvelferd. Det vi hevdar er at SIB er gode i Bergen og vi i Sogn og Fjordane og på kvar vår måte. Du veit at fusjonsdiskusjonane har gått på organisasjonsmodellen.

Og kjære deg Georg, dette veit du så godt for du har faktisk vore til stades under desse innleiande diskusjonane, der eg utrykte mi uro for organisering og identitetsbygging.

Når no alt dette er sagt, er det heilt klart at SISOF følgjer opp vedtaket til Kunnskapsdepartementet frå 19.09.2016. Vi går inn i ein fusjonsprosess med positiv innstilling for å få til det best moglege resultatet for studentane på heile Vestlandet.

Vi i SISOF er òg stolte over at vi har våga å kjempe for dei sakene vi meinte var viktige for studentane i Sogn og Fjordane, og vi har fått gjennomslag for nokre av dei. Nokre kampar har vi vunne og andre har vi tapt. No rår det ei positiv innstilling mellom alle oss tre samskipnadane som skal inn i dette samarbeidet.

Så til deg Georg, berre slapp av, dette går bra, og eg registrerer at du ikkje snakkar med innestemme lenger.

Innlegget er først publisert i Sogn Avis si papirutgåve 19. oktober.