Økonomi
Fryktar det blir for dyrt å vere student: — Høgare prisar rammar oss hardt
Renter, mat, transport, straum – alt blir dyrare. — Studiefinansieringa må aukast ein gong for alle, seier studentleiar.
Dei mørke, økonomiske skyene på horisonten i kjølvatnet av pandemien og Russlands krig i Ukraina rykker nærare. Prisveksten har ifølgje SSB vore på 6,3 prosent siste året, og er forventa å halde fram. Statsminister Jonas Gahr Støre åtvarar i VG om ein tøff haust og vinter.
— Studentane er i aller høgste grad med på å ta sin del av innstrammingane, seier nybakt leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), Maika Godal Dam, til Khrono.
Men å presse forbruket ned, er ikkje eit haldbart alternativ for studentane, ifølgje studentleiaren.
— Stadig dårlegare råd
— Også studentar får dårlegare råd når prisane i samfunnet går opp. Det rammar oss hardt. Studentane er ei gruppe som over lang tid har hatt for lite å rutte med for å dekke fundamentale og nødvendige utgifter til mat, bustad og straum. Vi har over fleire år fått stadig dårlegare råd samanlikna med resten av samfunnet, seier Dam.
For mens fagorganiserte pilotar, lærarar og andre yrkesgrupper år for år får lønnene justert i forhandlingar – og kan streike om dei ikkje er fornøgde – er studentøkonomien for lengst inneparkert, ifølgje NSO.
— Dette er noko vi har vore opptatt av lenge. Den langsiktige løysinga er å auke grunnfinansieringa ein gong for alle.
Satsane for lån og stipend i Lånekassen er i år justert opp med 2 prosent. Til samanlikning enda dei tilsette med ein lønnsauke på 3,8 prosent, før lokale forhandlingar.
Ifølgje NSO har fleirtalet av studentar jobb i tillegg til studiane for å få endane til å møtast. Dam trur endå meir deltidsjobbing kan tvinge seg fram. Dette går ut over ein allereie pressa økonomi, tid til å studere – og i siste instans den lovfesta retten til lik utdanning for alle, meiner ho.
I eit intervju med TV2 trekker NTNUs nobelprisvinnarar May-Britt og Edvard Moser fram det same.
Moser: — Kan miste talent
— Dersom det berre er barn av betrestilte foreldre som kan studere, så står Noreg i fare for å miste veldig dyktige talent til forsking, seier dei til TV2.
Forskarane brukar sin eigen bakgrunn som illustrasjon. Begge nobelprisvinnarane var dei første i sine familiar som studerte på universitetet.
— Den gongen betydde det å få studiestøtte frå Lånekassen at vi kunne vere studentar utan for mykje jobb på sida, seier May-Britt Moser.
I revidert nasjonalbudsjett er studiestøtta blitt verande uendra. Til TV2 viser pressekontakt for forskings- og høgare utdanningsminister, Ola Borten Moe, mellom anna til at «det er fint at man kan jobbe ved siden av studiene».
Nyleg melde Lånekassen om rekordmange betalingsutsetjingar. Lånekassen har som eit koronatiltak gitt høve til å be om fleire betalingsutsetjingar enn vanleg. I løpet av dei fem første månadene i år sette 150 000 kundar å setje rekninga på vent. Det svarer til 580 000 rekningar. Tilsvarande tal i 2020 var 497 000, ifølgje Lånekassen.
4 av 10 får problem
— 40 prosent av studentane seier at dei vil få problem med å kunne dekke ei uventa utgift på 5000 kroner. Det viser kor sårbare studentane er i utgangspunktet, seier NSO-leiar Dam.
Ho viser til den siste Shot-undersøkinga, som på oppdrag på studentsamskipnader kartlegg studentars levekår.
— Økonomi er avgjerande for at vi skal ha tid til å studere. Det påverkar mange sider ved studentlivet: Korleis vi bur, et, tar vare på helsa og tid til å vere oss sjølv og sosiale med venner. Vi ønsker å vere del av utviklinga vi ser i resten av samfunnet. Då må økonomi følgje med.